JavaScript is disabled in your web browser or browser is too old to support JavaScript. Today almost all web pages contain JavaScript, a scripting programming language that runs on visitor's web browser. It makes web pages functional for specific purposes and if disabled for some reason, the content or the functionality of the web page can be limited or unavailable.

Takk for at du vil dele artikkelen

Den du deler artikkelen med, kan lese og eventuelt lytte til heile artikkelen.
Det gjer vi for at fleire skal oppdage DAG OG TID.

Namnet ditt vert synleg for alle du deler artikkelen med.

Lita skriftSamfunn

Bjørnen

Kvar veke les vi inn utvalde artiklar, som abonnentane våre kan lytte til.
Lytt til artikkelen
1925
20220708
1925
20220708

Som så mange andre i verda har eg pådrege meg ein sjukdom kalla søsken. Meg har vår Herre attpåtil velsigna med heile to stykk når han først var i gang. Ein på ryggen og ein på taket. Ustoppelege og ustyrlege. Vrange og vonde. Stae og sinte. Ja, slike som lett set sinnet i kok, men like lett mildnar eit ømt broderhjarte. På innsida er dei nok gode begge to – vil eg tru. Søster mi har fått gjennomgått på spalteplass før, den stabeisen. Så no får det vere bror min sin tur.

Soga ville det slik at han skulle kome på vitjing nett denne veka. Ja, veslebror skulle kome til storebror i hovudstaden og gjere mange kule greier. For no er det sommarferie, og då er det slikt ein gjer. Men det tok ikkje lange tida før eg merka at, herregud, eg er jo vorten gamal. Eg tok meg sjølv i å stille nøyaktig dei spørsmåla som ville fått meg til å flyge i taket, hadde eg vore på andre sida av bordet. Dei spørsmåla far min ville ha stilt. I tillegg var vitsane mine plutseleg tørrare enn knekkebrød av type svensk knug. Ein kan sverje så mykje ein vil i ungdommen, at sånn skal ein ikkje verte. Men ein slepp ikkje unna feila og manglane til dei forfarande på livsvegen så lett – enn så mykje ein sver.

Apropos genetikk er det ikkje mykje som skulle tilseie at eg og bror min er i slekt. Om du såg oss på gata, er det sjølvsagt det raude håret mitt som er den mest openberre skilnaden. Men trass i at det ligg seks år i mellom oss, er bror min både høgare og breiare enn meg – og difor naturlegvis sterkare – sjølv om eg er eldst. Det tok han heldigvis ei stund å finne ut av. Sjølv om han var stor og sterk nok til å kunne brekke av meg armen berre med ein dytt, så lét han seg skremme av at eg var eldre. Det er det slutt på no. Så fekk eg vere kongen på haugen ei lita stund iallfall.

Men det er eg og ikkje han som må vise legitimasjon på polet for å få tilgang til goda. Så fann eg ungdommens eliksir likevel.

Fossekallen

Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Emneknaggar

Fleire artiklar

Ein soldat ber eit portrett av den drepne våpenbroren og aktivisten Pavel Petrisjenko i gravferdsseremonien hans i Kyiv 19. april. Petrisjenko døydde i kamp mot russiske okkupantar aust i Ukraina. Han er tidlegare omtalt i denne spalta fordi han arbeidde for å stogge pengespel som finansiering av det ukrainske forsvaret.

Foto: Valentyn Ogirenko / Reuters / NTB

KrigSamfunn

Hagen til Kvilinskyj finst ikkje lenger

Alle historier, det gjeld òg dei som ser ut til å ha nådd slutten, har eit framhald.

Andrej Kurkov

Leonie Benesch spelar hovudrolla som læraren Carla Nowak.

Foto: Selmer Media

FilmMeldingar

Ja takk, Çatak

Eit sanningsord: Lærerværelset er høgst sjåverdig.

Brit Aksnes

les DAG OG TID.
Vil du òg prøve?

Her kan du prøve vekeavisa DAG OG TID gratis i tre veker.
Prøveperioden stoppar av seg sjølv.

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis