JavaScript is disabled in your web browser or browser is too old to support JavaScript. Today almost all web pages contain JavaScript, a scripting programming language that runs on visitor's web browser. It makes web pages functional for specific purposes and if disabled for some reason, the content or the functionality of the web page can be limited or unavailable.

Takk for at du vil dele artikkelen

Den du deler artikkelen med, kan lese og eventuelt lytte til heile artikkelen.
Det gjer vi for at fleire skal oppdage DAG OG TID.

Namnet ditt vert synleg for alle du deler artikkelen med.

Lita skriftSamfunn

Beist

Kvar veke les vi inn utvalde artiklar, som abonnentane våre kan lytte til.
Lytt til artikkelen
2055
20230811
2055
20230811

Eg har skrytt på meg å vera å vera det største beistet her i landet. I strategispelet Little Empire, om ingen annan stad, er beast eit heidersnamn. Det tok meg meir enn ti år å nå slike høgder – keisame daglege rutinar, vakenetter, heva augnebryn, kjeft og endelause chattesesjonar for å få flest mogleg av dei meir uansvarlege klansmedlemene i alle tidssoner og trassaldrar med på laget. Og ein del tusen kroner i mojo, det må nemnast.

No er det slutt. Ikkje av di eg har trøytna eller vakna eller teke til vit, nei då. Det var rett og slett spelselskapet Camel Games i Kina som ein dag slo av serverane. «Connection timeout, please wait», er beskjeden frå gamle kamel sidan 8. mai 2023.

Kvifor kamelen tok livet av det ein gong så populære spelet sitt, det var i si tid «editors choice» i Play-butikken i mobiltelefonar verda over, var han ikkje brydd med å forklara oss siste nyttige idiotane som framleis dansa til pipa hans. Men det er rimeleg å tru, når ein kjenner logikken i bransjen, at det var rekrutteringa av betalingsvillige spelarar som hadde stagnert. Me gamle beist var og blei uovervinnelege, same kva ungdomen gjorde, og same kva dei kjøpte av våpen.

Kamelen såg seg nok ikkje tent med slik stillstand. Difor pønska han ut at ein plan for å få toskane til å migrera over til liknande spel (som kamelen også stod bak) og starta på nytt med blanke ark og tomme våpenarsenal – som må fyllast med virtuelle våpen og forsvarsverk til sals for mojo mot hard valuta for å verna «hus» og «heim». Til Camel Games mjølkar dei tomme og slår av serverane på nytt. Då skal dei fattige ha takk.

Er det lov? Er me så lette å lura? Mange av Little Empire-spelarane kjem frå USA, der folk saksøkjer for mindre enn det kamelen har svindla til seg, men det har ikkje skjedd her, i det minste ikkje førebels. Kjensla av letnad over å vera fridd frå speltyranniet må rett og slett vega tyngre.

I den siste klanen min, Vindicators, er det framleis litt liv i chatten, og kva gjer folk no? Dei spelar lotto og badminton. Eg les Google News – og Yr.

Jox

Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Emneknaggar

Fleire artiklar

Foto: Julie Pike

LitteraturFeature

– Eg kan ikkje sovne inn i mitt eige liv

Ein abort gjekk frå å vere nemnd i forbifarten til å gje den nyaste romanen tittel.

IdaFrisch

Eugenio Derbez spelar hovudrolla som den nye læraren Sergio på ein mexikansk skule.

Foto: AS Fidalgo

FilmMeldingar

Simpatico

Radical er ein søt, håpefull film og ei rørande hyllest til kunnskap og pedagogikk.

Brit Aksnes

les DAG OG TID.
Vil du òg prøve?

Her kan du prøve vekeavisa DAG OG TID gratis i tre veker.
Prøveperioden stoppar av seg sjølv.

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis