JavaScript is disabled in your web browser or browser is too old to support JavaScript. Today almost all web pages contain JavaScript, a scripting programming language that runs on visitor's web browser. It makes web pages functional for specific purposes and if disabled for some reason, the content or the functionality of the web page can be limited or unavailable.

Takk for at du vil dele artikkelen

Den du deler artikkelen med, kan lese og eventuelt lytte til heile artikkelen.
Det gjer vi for at fleire skal oppdage DAG OG TID.

Namnet ditt vert synleg for alle du deler artikkelen med.

Lita skriftSamfunn

Åleinetid

Kvar veke les vi inn utvalde artiklar, som abonnentane våre kan lytte til.
Lytt til artikkelen
1928
20230414
1928
20230414

Eg må berre stoppa opp litt. Her står eg, klokka 11.28 midt i påskeferien, og støvsugar taket i stova. Og eg som skulle støvsuga golva.

Støvsugaren har, heilt utan at eg er klar over det, gått frå midten av golvet bort til listekanten, langs lista under sofaen og vidare bort til neste hjørne, derfrå oppover langs vegghjørnet, heilt opp til taket, og når han fyrst er der oppe, har han berre gått ut på sjølve taket.

Det er som om stova mi er eit stort ouijabrett og støvsugaren vil fortelja meg noko. For der, i taket, heng støv eg ikkje har sett før. Ikkje berre éin plass, men over heile taket heng det små oppsamlingar av støv. Har eg fyrst teke ein, legg eg merke til den neste. Den lengste er sikkert 20 centimeter, heng ned som halloweenpynt som aldri vart fjerna, og aldri hengt opp i utgangspunktet. Eg vert flau. Er dette noko folk har sett utan å seia det? Eg kjem iallfall alltid til å ofra taket eit blikk når eg er gjest hos andre frametter.

Eigentleg skulle eg vore med familien min på påskeferie, men kvelden før avreise, lufta eg noko eg hadde bore på i fire–fem timar: Eg vil eigentleg ikkje dra nokon stad, eg vil vera heime.

Ok, sa mannen min og tok borna med seg. For fyrste gong sidan 2011 skulle eg vera heilt åleine heime i tre dagar, og eg byrja med å ta alt av puter, pledd og teppe ut og støvsuga taket.

Fyrste natta søv eg i ti timar. Skjærtorsdag målar eg sparkelflekkar som har dekorert stova i eit års tid. Langfredag, medan ei aukande mengd småbarnsforeldre teiknar skattekart frå påskeharen og førebur den O’store instagramvennlege påskeeggjakta dagen etter, då leverer eg skattemeldinga. Fristen er 31. mai. Etter det klipper eg håret.

Eg vert litt karikert, stereotypen på ein person som er åleine heime i tre dagar. Hadde nokon laga ein film om ein familie som reiser på ferie medan berre éin person er att heime, trur eg denne hovudpersonen ville gjort nett som eg.

Clementine

Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Emneknaggar

Fleire artiklar

Vetle Bergan og Preben Hodneland som sønene.

Foto: Monica Tormassy

TeaterMeldingar

Eit ikkje heilt vellukka meistermøte

Å setje saman det fremste vi har av dramatikk og regi, treng ikkje gi det beste resultatet.

Jan H. Landro

Utvalsleiar Line Eldring leverer NOU-rapporten om EØS-avtalen til utanriksminister Espen Barth Eide (Ap).

Foto: Terje Pedersen / NTB

Ordskifte
Olav Garfors

Kva er alternativet til EØS-medlemskap?

Anna Kleiva er forfattar og omsetjar.

Anna Kleiva er forfattar og omsetjar.

Foto: Privat

DiktetKunnskap
Svein Gjerdåker

Anna Kleiva er ny diktskribent i Dag og Tid

«Eg ser fram til å arbeida meir med einskilde dikt frå ulike forfattarar.»

Sofi Oksanen er av dei  forfattarane som har fått flest prisar i Norden. Bøkene hennar er omsette til 46 språk. Biletet er frå bokmessa i Wien i 2022.

Foto: Nicola Montfort / Wikimedia Commons

LitteraturKultur
Jan H. Landro

Vald mot kvinner som våpen

Sofi Oksanen ønskte å skrive ei bok som er tilgjengeleg for vanlege lesarar, som kan lesast utan kart og utan at ein treng følgje krigsnyhenda dag for dag. At essayet Putins krig mot kvinner skulle bli så skremmande, såg ho ikkje heilt for seg.

Thor Magnus Tangerås debuterte som lyrikar i 2022.

Foto: Tove K. Breistein

Meldingar

Flyg høgt

Thor Magnus Tangerås skriv ujamt om naturen og teknikken i Landskap med vindturbinar.

Kjetil Berthelsen

les DAG OG TID.
Vil du òg prøve?

Her kan du prøve vekeavisa DAG OG TID gratis i tre veker.
Prøveperioden stoppar av seg sjølv.

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis