Det er ei eiga, bitter kjensle å møta att Den du aldri fekk. Iallfall når du har valt ein annan, slått deg til ro med han og uvanane hans. Han er ikkje optimal, men det var ulike faktorar som spela inn den gongen, og som gjorde at det vart du og han, og ikkje du og han andre.
Somme gongar dagdrøymer eg. Korleis hadde livet mitt blitt med deg? Hadde me fått til ting eg ikkje klarer med han eg har? Hadde eg likt deg betre? Kjem du nokon gong i framtida til å bli min, eller var du for god for meg?
Etter at eg sleppte taket i deg, har du dukka opp igjen og igjen. Både i fantasiane mine og når eg prøver å kopla av med ein film. Fyrst var du i The Servant (1963), deretter i Phantom Thread (2017). Du var i fjorårets påskekrim Nedgravde hemmeligheter, men sidan heldt du deg unna i ganske nøyaktig eitt år, før du dukka opp att i årets påskekrim, Siste kapittel.
Eg snakkar om Aga. Den energieffektive støypejernsomnen som står på heile tida, har tre kammer for matlaging, to plater på toppen som alltid er klare til dyst.
Før eg pussa opp kjøkenet for nokre år sidan, då eg jakta dei rette kvitevarene, vart eg besett av denne komfyren. På nettet las eg bloggar som handla om livet med ein Aga – kjendiskokk Nigella Lawson har ein slik, i mintgrøn. Aftenposten skreiv om ei eksklusiv gruppe på Oslo vest som hadde eigne festar kring denne gullkalven av ein omn. Eg sikla etter å vera del av denne Aga-eliten.
At han kosta 170.000 kroner, gjorde berre at eg hadde endå meir lyst på han. Aga-en held ikkje berre livet ut, han held òg livet til etterkomarane ut. Aga-en går i arv, står det skrive.
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.