Takk for at du vil dele artikkelen

Den du deler artikkelen med, kan lese og eventuelt lytte til heile artikkelen.
Det gjer vi for at fleire skal oppdage DAG OG TID.

Namnet ditt vert synleg for alle du deler artikkelen med.

Lita skriftSamfunn

517

Kvar veke les vi inn utvalde artiklar, som abonnentane våre kan lytte til.
Lytt til artikkelen
1914
20241011
1914
20241011

– 517! Fem, ein, sju!

Det raslar i årer og summar i mumlande stemmer.

– Eg! utbryt ein, før han snart kjem med kontramelding:

– Nei... Det var visst åra over.

Eg gjev dei nokre sekund til før eg gjentek:

– 517. Er det ingen som har 517? Betyr det at den ligg att i denne kassen og ikkje vart seld? No kan de angra på at de ikkje kjøpte fleire årer då de hadde høve.

Ein basarkomité treng alle personlegdomstrekka i ei bygd. Den planmessige, som veit kva tid alt må gjerast for å koma i mål. Det er denne som syter for at nokon går gjennom sekken med årer og ser til at det ikkje er dobbelt opp av nokon. Det hende ein gong, nemleg, at det var to som strekte åra i vêret på same nummer. Det er årevis sidan, men likevel. Etter hendinga har gjennomgangen av årer vorte eit årleg gjeremål.

Me treng den forlegne, som vil bidra, men ikkje møta folk. Denne bakar kaker og leverer dei i god tid, men går heim igjen før basaren startar.

I høgste grad treng me den skamlause som frivillig tilbyr seg å tigga premiar. Ringja rundt til verksemder og gå innom alle butikkane og spørja om dei vil gje oss noko gratis. Eit fint høve for butikkane å kvitta seg med varer dei aldri får selt.

Kva får dei att? Jo, dei får namnet på verksemda skrive i krit på den gamle skulehustavla.

Eg, den opne og omgjengelege, melde meg til å skriva med krit på tavla og lesa opp nummera. Den planmessige pusta letta ut; ho kunne ikkje tenkja seg noko verre enn å stå framføre bygda og lesa opp tal.

– Er det ingen som vil ha denne Turtlewax-svampen frå Europris? spør eg og legg til 5, 1 og 7 ein siste gong.

– Nei vel, då går me for eit nytt nummer. Neste tal er 3, 8...

– Vent! Var det 517 du sa? spør ein far med ei eitt år gamal jente på fanget og to småtassar på kvar side av seg.

– Ja, 517.

– Den er Linnea si, seier han.

– Då går Turtlewax-svampen til Linnea på eitt år! No treng ikkje ho tenkje meir på julegåve til far.

Clementine

Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Eller kjøp eit anna abonnement

Emneknaggar

Fleire artiklar

– Viss du vil ha meg til å smile, må du synge kjenningsmelodien til Laurdagsbarnetimen, seier Otto Prytz. Pilar følger med frå sofaen når vi syng: «Nå kommer barnetimen, nå kommer barnetimen, hysj, hysj, vær stille som mus...»

Foto: Hallgeir Opedal

Feature

Berre røre, ikkje sjå

Otto Prytz (81) er fødd blind, men takka vere ein ung franskmann blei han ikkje analfabet. Han blei akademikar.

Hallgeir Opedal

Familien Nerdrum ved garden i Stavern.

Familien Nerdrum ved garden i Stavern.

Foto: Agnete Brun / NRK

KunstKultur
Kaj Skagen

Ikkje alt er politikk

Politiseringa av Nerdrum-familien er påfallande i lys av kor upolitisk Nerdrum eigentleg er.

Eit langt utdanningsløp kan by på store utfordringar for dei som har ADHD. Eit aukande antal vaksne oppsøker helsetenesta, inkludert dyre privatklinikkar, for å få ein diagnose.

Foto: Gorm Kallestad / AP / NTB

HelseSamfunn
Marita Liabø

– ADHD-diagnosen skal henge høgt

Det har vore ein kraftig auke i talet på ADHD-diagnosar og bruken av ADHD-medisin dei siste åra. Blir diagnosen utvatna når kjendisar snakkar han opp?

Forfattar og siviløkonom Martin Bech Holte har vore både forskar i samfunnsøkonomi og leiar i næringslivet.

Foto: Agnete Brun

BokMeldingar
Gjermund BakkeliHaga

Når rikdom blir eit problem

Martin Bech Holte kjem med ein diskutabel analyse og friske fråspark i Landet som ble for rikt.

Eit russisk droneåtak råkar ei bustadblokk i Kyiv 10. januar.

Foto: Gleb Garanich / Reuters / NTB

KrigSamfunn

Ingen Uber i Belarus

Å forstyrre GPS-system handlar ikkje berre om å forvirre russiske dronar. Det gjeld å dirigere dei slik at dei forlèt ukrainsk luftrom fullstendig.

Andrej Kurkov

les DAG OG TID.
Vil du òg prøve?

Her kan du prøve vekeavisa DAG OG TID gratis i tre veker.
Prøveperioden stoppar av seg sjølv.

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis