JavaScript is disabled in your web browser or browser is too old to support JavaScript. Today almost all web pages contain JavaScript, a scripting programming language that runs on visitor's web browser. It makes web pages functional for specific purposes and if disabled for some reason, the content or the functionality of the web page can be limited or unavailable.

Takk for at du vil dele artikkelen

Den du deler artikkelen med, kan lese og eventuelt lytte til heile artikkelen.
Det gjer vi for at fleire skal oppdage DAG OG TID.

Namnet ditt vert synleg for alle du deler artikkelen med.

Lita skriftSamfunn

120

Kvar veke les vi inn utvalde artiklar, som abonnentane våre kan lytte til.
Lytt til artikkelen
1979
20240216
1979
20240216

Så var dagen komen då eldsteguten vaks ut av grindesenga og skulle få seg ny, større seng. Han er tolv år, så eg tenkte ei 120-seng kunne passa fint. Ekstra fint passa det at nokon selde ei to år gamal 120-seng på den lokale kjøp-, sal- og bytesida på Facebook. Eg fekk henne for 2000 kroner.

No var det berre å få bror min, som har stort bagasjerom, til å henta senga.

– 120-senger går ikkje baki bilen, sa han.

– Men du har jo køyrt så mange 150-senger, sa eg.

– Ja, men dei kjem i to delar på 75 centimeter. 120 er den verste senga å handtera, sa han.

– Men om du låner ein hengar, kan eg hjelpa deg å henta henne.

Hengar fekk eg låna frå naboen, og senga kom seg inn i gangen. Men ho skulle opp trappa, opp på soverommet til guten. Trappa går over 14 trappetrinn. Midtvegs tek ho ein 90 graders sving til høgre. Og her, på tvers i denne svingen, kjem me ikkje lenger. Det er ikkje mogeleg å få senga opp.

Der eg står med senga kilt fast mellom to veggar og gelenderet, forbannar eg fleire. Fyrst personen som fann opp 120-breidda på rammemadrass. Det kan ikkje ha vore så lenge sidan? Før var det enkeltsenger på alle mann, og når ein var gift var det rett opp i dobbeltseng som kom i fleire delar og var lette å frakta.

Kanskje kom 120-breidda saman med arten tenåringar som vaks fram i USA i mellomkrigstida? Ei ny kundegruppe for marknaden – ikkje var dei born, ikkje var dei vaksne, dei var ein mellomting, dei trong kanskje ei mellomseng?

Mest av alt forbannar eg meg sjølv. Hadde eg nokon gong hatt ei 120-rammemadrass opp trappa her tidlegare? Nei. Og hadde det ikkje alltid vore vanskeleg med store ting som skal opp og ned trappa? Jo.

Me får lirka henne ned att, eg skrur av beina, og me prøver ei ny løysing: Senga på høgkant, der ho sklir oppover gelenderet, forbi svingen og ut i det opne landskapet i andre etasje. Det er ei forløysing utan like! Som ein fødsel der hovuddelen står og stangar i veggen før alt er gjennom.

Pjuh! Aldri meir 120.

Clementine

Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Fleire artiklar

Rita Paramalingam er fødd i 1993 i Oslo og er jurist. Ho debuterte i 2017 og kjem no med sin andre roman.

Foto: Marthe Haarstad

Meldingar

Den vanskelege sameksistensen

Rita Paramalingam skriv overtydande om sosial dysfunksjonalitet.

Odd W. Surén

Teikning: May Linn Clement

BokMeldingar
Olav H. Hauge

Olav H. Hauge-dagbøkene

15. mars 1938: «Sume er so redde for å ta frå andre, eller rettare vera ved at dei låner; dei prøver på død og liv vera originale.»

Det er seks år sidan Norma Winstone gav ut førre album.

Foto: Michael Putland / ECM Records

MusikkMeldingar
Lars Mossefinn

Hand-i-hanske-duo

Norma Winstone er ein tekstforfattar av rang.

Erling Indreeide har mellom anna skrive fleire diktsamlingar, musikk- drama og essay.

Foto: Julie Engvik

BokMeldingar
Sindre Ekrheim

Noko for seg sjølv og noko for kvarandre

Erling Indreeide har skrive ei bok som eig ei uvanleg sterk poetisk tankekraft.

Svenske soldatar øver på grensa mellom Noreg og Finland under Nordic Response i 2024.

Foto: Heiko Junge / NTB

Ordskifte

«Det dreier seg om å ha eit truverdig forsvar som held fiendar borte.»

Tor OlavHauge

les DAG OG TID.
Vil du òg prøve?

Her kan du prøve vekeavisa DAG OG TID gratis i tre veker.
Prøveperioden stoppar av seg sjølv.

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis