Lita skrift

Levereglar

Publisert Sist oppdatert

Eg er av natur ein nølande person, trur eg. Berre det å ordleggja meg i ein SMS kan eg bruka timevis på, og ofte endar det med at eg ikkje sender nokon SMS likevel. Å ha meg med på ein à la carte-restaurant, kan vera ei prøving. Når eg kan, gjev eg kokken carte blanche.

For å sleppa å bruka tid og energi på å gjera dei same vurderingane om att og om att kvar gong spørsmålet melder seg, har eg difor laga meg eit lite sett levereglar.

1. Eg deler ikkje bilete av borna mine på sosiale medium.

Eg har ikkje alltid vore konsekvent her. Tidlegare vurderte eg dette nøye, skal dette biletet ut, eller dette, skal denne ferien delast, å, her var dei jo så fine, og her ser ein dei jo berre bakfrå – det må vel gå an å dela bilete av dei på stranda bakfrå, vel?

Slik kunne eg sitja med telefonen og diskutera med meg sjølv, heilt til eg ein dag sa at nok var nok. Ingen bursdagar. Ingen sjarmtroll framføre juletreet. Og – eit høgaktuelt tema – ingen fyrste skuledagar. Tenk, begge borna mine har begynt på skulen, i høvesvis 2018 og 2021, utan at verda har sett dei ståande sidevegs med skulesekk.

For på torsdag skjer det igjen. Det er ikkje dagen å døy på, for å seia det slik. Alt som hender i verda, vil drukna i bilete av nervøse, spente og stolte fyrsteklassingar utan framtenner, men med nye blinkesko.

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement