Leve brunkremen!
Noreg er heilt i verdstoppen når det gjeld hudkreft. No kan vi verte det tredje landet i verda som forbyr solarium.
Får den nasjonale arbeidsgruppa det som ho vil, kan alle landets 5500 solarium verte sløkte.
Foto: fiphoto / Mostphotos
Døra til klasserommet på min vidaregåande skule i 2008 går opp. Inn kjem det eg ikkje kan skildre som noko anna enn ei oransje rotfrukt i det som ein gong var ei grå joggebukse. Gulrota er ei av mine beste veninner i klassen, og ho har sett seg lei på å liggje pal i solariet.
– Spraybruninga smittar visst av, seier ho orsakande når ho ser blikket mitt på buksa hennar, og ler medan ho set seg ved sida av meg.
Eg ser nedover det heilsvarte, nye antrekket mitt og skrapar stolen så lite mistenkjeleg eg kan mot bordhjørnet, bort frå veninna. Ho er nemleg til og med oransje inne i handflatene.
– Eg trur kanskje eg går innom Brun og Blid neste gong, fniser ho.
Eg fniser attende og fylgjer godt med på kvar ho legg hendene sine.
Litt nærare notida sit eg på terrassen heime med bestemor mi, og ho ser tvilsamt på leggane mine.
– Du skal ikkje smørje deg med litt brunkrem då, spør ho.
Og det er ikkje første gong, for eg er velsigna med så bleik hud at eg nesten reflekterer sola. Eg takkar pent nei denne gongen òg og gløttar ned på solkremen med solfaktor 50 som står på bordet. Altså har det ikkje nokon direkte konsekvens for nett meg om ein totalforbyr solarium i Noreg. For det er det ei ny nasjonal arbeidsgruppe som vil, skriv NRK, som eit tiltak mot hudkreft. Noreg er nemleg i verdstoppen når det gjeld utvikling av denne krefttypen.
– Det er i ferd med å verte eit folkehelseproblem, seier Hanne Kofstadmoen i Statens strålevern til NRK.
2200 menneske får diagnosen i året, ifølgje Kreftforeininga, og 90 prosent av tilfella kjem av at ein vert utsett for UV-strålar frå sol eller solarium, meiner foreininga. Føflekkreft, den mest alvorlege forma for hudkreft, krev 300 liv i året.
– Er du ikkje litt hysterisk no, spurde ei anna veninne meg då ho spøkte om at eg skulle vere med og ta sol.
Eg rista så fort på hovudet at eg nesten måtte setje meg ned. At det var fordi eg ikkje ville verte brun, og ikkje hadde noko med kreft å gjere, var ikkje så viktig. Men det hjelpte ikkje at eg nesten kan teikne opp Karlsvogna i føflekkane på ryggen min. Og at solarium kan auke sjansane for hudkreft, er så godt kjent og dokumentert at norske solarium vart pålagde 18-års aldersgrense i 2012, fordi risikoen for å få føflekkreft aukar jo yngre du er når du legg deg i solariumsenga første gong. Og ein studie frå Australia viser at dersom ein har teke solarium meir enn ti gonger, er risikoen for å få føflekkreft før du er 30 år seks gonger så stor som ein som aldri har teke sol. Ei av tre jenter mellom 15 og 24 år tek sol, ifølgje ei undersøking frå TNS Gallup i fjor, og ifølgje forskning.no seier åtte av ti unge at dei var under 18 år då dei starta.
Eg skal heller få brunkremflekkar på kleda mine kvar gong eg klemmer veninna mi enn at ho får hudkreft.
Leve brunkremen!
Er du abonnent? Logg på her for å lese vidare.
Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Det hjelpte ikkje at eg nesten kan teikne opp Karlsvogna i føflekkane på ryggen min.
Fleire artiklar
Teikning: May Linn Clement
Historieforvanskingar
Eskil Skjeldal har skrive fleire bøker, både sakprosa og romanar.
Foto: Vegard Giskehaug
Der mørkeret bur
Eskil Skjeldal er ikkje redd for å gå dit det gjer mest vondt.
Foto: Terje Pedersen / NTB
Tendensiøs statistikk om senfølger
Myndighetene må anerkjenne at senfølger eksisterer og utgjør et samfunnsproblem.
Klima- og miljøminister Andreas Bjelland Eriksen (Ap)
Foto: Javad Parsa / NTB
Bedre forhold for villreinen
Villreinen som lever i fjellområdene i Sør-Norge, sliter. Skal vi lykkes med å snu utviklingen, må vi finne løsninger sammen.
Titusenvis av menneske har samla seg framfor parlamentet i Tbilisi dei siste vekene, i protest mot det dei kallar «den russiske lova».
Foto: Ida Lødemel Tvedt
Krossveg i den georgiske draumen
TBILISI: Demonstrasjonane i Georgia kjem til å eskalere fram mot 17. mai.
Mange meiner at det er no landet tek vegvalet mellom Russland og Vesten.