Latter vert til tårerEit valtap for republikanarane set agendaen til Trump i fare.På eit eller anna tidspunkt i livet avgjer vi alle kva dramatisk sjanger vi er med i. Er livet ditt ein tragedie? Ein komedie? Som akademikar freistar eg leve livet mitt som
Eit farseaktig valtap for republikanarane set agendaen til Trump i fare.
Den republikanske kandidaten til senatet, dommar Roy Moore, på veg til røystelokalet i Gallant i Alabama 12. desember i år.
Foto: Jonathan Bachman / Reuters / NTB scanpix
På eit eller anna tidspunkt i livet avgjer vi alle kva dramatisk sjanger vi er med i. Er livet ditt ein tragedie? Ein komedie? Som akademikar freistar eg leve livet mitt som ein opphøgd BBC-dokumentar, men på eit eller anna vis fell det alltid attende til situasjonskomedie.
Somme amerikanske presidentskap har vore autentiske tragediar: Det gjeld visseleg John F. Kennedys. Det ville kravd ein Aischylos for å gje full rettferd til Kennedy-familiens versjon av Orestien. Andre presidentskap har vore meir komiske: Aristofanes ville likt Bill Clintons periode, ikkje minst fordi Clinton hadde den genialt uanstendige personlegdomen som den atenske skodespelforfattaren gjerne gav heltane sine.
Med god grunn siterte Henry Kissinger Shakespeare ved gravferda til Richard Nixon, for Nixons sjølvøydelegging var ein autentisk shakespearsk tragedie. Men kva vil Donald Trumps presidentskap syne seg å vere? Om du trur profetane for amerikansk tyranni, er det alt ein tragedie – ein fæl kombinasjon av Coriolanus, Macbeth og Richard III. Eg vel den andre sida. Dette, mine vener, er ein komedie. Det kan til og med vere ein fullkomen farse.
Valet i Alabama for to veker sidan nærma seg slapstick. Trump klarte ikkje å hindre at Roy Moore var kandidaten til republikanarane til sessen som vart ledig etter justisminister Jeff Sessions. Men Trump mislukkast òg i å få Moore vald – i en stat som er omtrent den mest republikanske av alle. I månadene før avrøystinga var det ei rad kvinner som skulda Moore for å ha overfalle dei seksuelt eller i det minste trakassert dei då dei var i tenåra.
For meg var komediens høgdepunkt då Moore kom ridande på cowboyvis til vallokalet, men det var andre sublime scener òg: då kona hans la fram som prov på dei opplyste haldningane deira at ein av advokatane deira «er jøde».
Tidlegare i år hevda eg at halveringstida for populisme kan vere så kort som tolv månader. Etter kvart som vi nærmar oss eittårsdagen for innsettinga av Trump neste månad, innser eg at eg burde sagt elleve.
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.