Lærdomar frå Libya
Norske forskarar tek eit oppgjer med det dei meiner er manglande offentleg debatt om Libya-krigen i 2011.
Ein familie går gjennom gatene i sentrum av Misrata, der det har vore kampar mellom Gaddafi-lojale styrkar og opprørarar. Biletet er teke 22. mai 2011.
Foto: Rodrigo Abd / AP / NTB Scanpix
Ein familie går gjennom gatene i sentrum av Misrata, der det har vore kampar mellom Gaddafi-lojale styrkar og opprørarar. Biletet er teke 22. mai 2011.
Foto: Rodrigo Abd / AP / NTB Scanpix
Libya
eva@dagogtid.no
«Når historien skal skrives, er det vårt håp at hendelsene i 2011 vil stå fram som den arabiske verdens parallell til Europas dramatiske omveltninger i 1989.» Slik ordla statsminister Jens Stoltenberg (Ap) seg då han gjorde greie for situasjonen i Libya og den norske deltakinga i bombeåtaka på Libya i Stortinget 29. mars 2011.
Då var det ti dagar sidan franske, amerikanske og britiske fly hadde byrja åtaka mot Libya, og fire dagar sidan dei fyrste norske F-16-flya hadde vorte med. Det var fyrste gong FN-doktrinen som opnar for militært inngrep mot ei regjering for å støtte opp om ei sivilbefolkning, vart brukt. Det innebar at Noreg deltok i krig i Afrika for fyrste gong, og det var det mest omfattande oppdraget norske fly hadde delteke i etter andre verdskrig.
I dag veit vi at regimet i Libya ikkje fall i ein overgang frå diktatur til demokrati, slik som i Aust-Europa i 1989. Det vart styrta med hjelp frå vestleg militærmakt og til fordel for kaos og rivaliseringar mellom stammar og militsgrupper, som har prega situasjonen i Libya sidan, og som har medverka til humanitære kriser, folk på flukt og eit IS i vekst i Nord-Afrika.
Eit oppgjer
USAs tidlegare president Barack Obama har omtalt Libya-aksjonen som sitt største feilgrep. Det britiske parlamentet har skulda sin eigen statsminister i 2011, David Cameron, for å ha byrja krig på feil grunnlag og utan nokon strategi for å støtte Libya etterpå.
Liknande sjølvkritikk har det vore lite av hjå norske politikarar.
Evalueringa den norske regjeringa tinga i 2017, hadde eit snevrare mandat enn den britiske evalueringa og konkluderte med at norske styresmakter hadde sitt på det tørre.
I boka Libya. Krigens uutholdelige letthet tek elleve norske forskarar eit oppgjer med denne konklusjonen og med det dei meiner er mangelfull offentleg debatt om både årsakene til, utviklinga av og lærdomane frå Libya-krigen.
– Libya-krigen var mykje meir kompleks enn den politiske leiarskapen forstod i 2011. Difor er det uklokt å frikjenne dei for alt ansvar for konsekvensane, slik dei sjølve har gjort, seier Terje Tvedt, professor i historie ved Universitetet i Bergen.
Han er redaktør for boka, saman med professor emeritus ved OsloMet, Rune Ottosen, og Tormod Heier, som er oberstløytnant i Hæren og professor ved Forsvarets høgskole i Oslo.
Heier seier norske styresmakter ikkje har teke noko skikkeleg oppgjer med eigne handlingar.
– Regjeringa valde å avgrense evalueringa til konstitusjonelle vurderingar og til avgjerdsprosessane i statsapparatet utan å løfte blikket og sjå på dei store statlege og regionale konsekvensane av krigen for Libya og Nord-Afrika, seier han.
– Skulle ha avstått
Det var brei semje blant norske politikarar om å delta i bombeåtaka i Libya. Til og med SV støtta opp om deltakinga, mellom anna ut frå argument om at «det låg føre eit godt dokumentert akutt behov for å beskytte sivile mot potensielle alvorlege overgrep» i Libyas nest største by Benghazi, at opprørarane i Libya og den viktigaste regionale organisasjonen – Den arabiske ligaen – sjølv bad om inngrep.
I boka vert det argumentert med at alle desse føresetnadene vart brotne. Øyvind Østerud, professor i statsvitskap ved Universitetet i Oslo, skriv at den britiske rapporten, som kom i 2016, ikkje finn det sannsynleggjort at Muammar al-Gaddafi ville gjeve ordrar om ein massakre av sivile i Benghazi.
Den norske evalueringa peika på at norske styresmakter ikkje hadde noka sjølvstendig forståing av situasjonen i Libya og baserte seg på FN-vedtak og vurderingar frå sentrale allierte i Nato.
Heier meiner norske styresmakter, sett i ettertid, burde ha avstått frå å delta i Libya.
– Hadde dei bede om satellittbilete frå Benghazi, ville dei sett at Gaddafi ikkje hadde offensive kampstyrkar der, og at ein ikkje stod overfor eit varsla folkemord, slik det vart hevda i Stortinget, seier han.
Arabisk liga snur
Østerud meiner norske styresmakter burde sett seg betre inn i situasjonen i Libya sjølv.
– Hadde dei prøvd å setje seg inn i forskinga om Libya, ville dei fått vite om deltakinga frå islamistar i opprøret, om kor desentralisert og kor store regionale skilnader det var i Libya under Gaddafi, og kor risikabelt det ville vere om han fall.
I boka går det òg fram at leiinga i Den arabiske ligaen, som 12. mars hadde bede FN gripe inn, fordømde bombinga i Libya alt 20. mars, dagen etter at flyåtaka hadde byrja. Dei meinte operasjonane ville føre til regimeendring og dimed braut med den opphavlege intensjonen i FN-resolusjonen operasjonane bygde på. To dagar etterpå vart operasjonane òg fordømde av Den afrikanske unionen.
Desse to hendingane vart ikkje nemnde av Stoltenberg i Stortinget 29. mars. Martin Kolberg (Ap) sa tvert om at den klare regionale støtta «gir gjennomføringen av FN-vedtaket og Norges deltakelse ytterligere legitimitet».
– Uansvarleg
Boka drøftar kva tid operasjonane i Libya dreidde frå å handle om å verne sivile til å handle om regimeendring.
Tvedt syner til at situasjonen endra seg mykje berre frå 23. mars 2011, då regjeringa formelt vedtok å delta i operasjonane, og til Stortinget diskuterte saka ei lita veke seinare. 29. mars var det «klart at FN-resolusjon 1973 allerede hadde nådd sitt mål om å beskytte sivile», skriv han. Dagen før hadde USAs forsvarsminister sagt at det ikkje lenger var fare for massakre av sivilbefolkninga.
Seinare har òg leiaren av den britiske granskingskommisjonen uttalt at målet med intervensjonen – å verne Benghazi – var oppnådd på 24 timar.
Stoltenberg vurderte det annleis. «Sivilbefolkningen er fortsatt utsatt. Derfor er vårt oppdrag ennå ikke fullført», sa han i Stortinget 29. mars. Samstundes stadfesta han at han meinte Gaddafi burde gå av, men at det ikkje var del av FN-mandatet.
Østerud meiner norske politikarar ikkje kjem unna med å skulde på at ting ser annleis ut i etterpåklokskapens lys.
– Den britiske rapporten synleggjer at målet om regimeendring i Libya var uttalt frå både Frankrike, USA og Storbritannia tidleg. Det vil seie at dette ikkje berre var ein uansvarleg operasjon sett i ettertid. Han var uansvarleg ut frå kunnskapen som fanst då han byrja.
– Tok ikkje ansvar
Geir Ulfstein, som er professor ved Institutt for offentleg rett ved Universitetet i Oslo, meiner at Noreg og dei allierte statane medverka til folkerettsbrot i Libya.
– Norske styresmakter gjorde ikkje ei rettsleg avklaring på førehand om kor langt dei meinte FN-mandatet rakk. Dimed hadde dei ikkje noko å styre etter.
Ifølgje Heier synte norske styresmakter heller ikkje vilje til å ta ansvar, til dømes ved å få norske offiserar betre plasserte høgare oppe i Nato-kommandokjeda. Då det i løpet av våren vart klart at strategien bak operasjonane i Libya gjekk langt utover norsk tolking av FN-mandatet, ville det ha vore nyttig, ikkje minst for å gje styresmaktene betre forståing av krigsutviklinga, seier han.
Noreg trekte seg ikkje ut av operasjonane før i byrjinga av august, då SV hadde trua med å gå frå regjeringa.
Ulfstein seier at ei tidlegare uttrekking kunne skapt spenningar andsynes Nato-allierte, men at Noreg ikkje hadde noka plikt til å gå lenger enn det FN-mandatet tilsa.
– Noreg var svært aktiv i bombinga, og eg veit ikkje om det var andre land som hadde stått klare til å overta. Men om dagens situasjon med borgarkrig kunne vore unngått, har eg ikkje grunnlag for å seie noko om, seier han.
– Skadde FN
Boka diskuterer òg kva følgjer den manglande grensesetjinga i Libya-operasjonane har hatt for FN. Ulstein syner til at vetomaktene Russland og Kina seinare har brukt utviklinga i Libya som grunngjeving for å nekte å vere med på bindande tryggingsrådsvedtak om Syria.
Tvedt syner til at målsetjinga frå norsk side var å styrkje FN, men at ein enda med å gjere det motsette.
– FN vert no av endå fleire forstått som ein reiskap som er i hendene på nokre stormakter, og Noreg vert oppfatta som eit land som fyrst og fremst handlar i tråd med USAs og europeiske ønske. Omverda kan jo ikkje vite kor idealistiske norske politikarar, inkludert leiingane i SV, Venstre og KrF, var som meinte bombeaksjonen var ein krig for menneskerettar og demokrati, seier Tvedt.
– Norske politikarar frykta fatale konsekvensar ved ikkje å gripe inn. Visste dei nok til å la vere å gå med i krigen?
– Spørsmålet er feil stilt. Poenget er: Hadde dei nok kunnskap til å gå til krig og bombe eit land i Afrika, spør Tvedt.
– Dette var ikkje berre ein uansvarleg operasjon sett i ettertid. Han var uansvarleg ut frå kunnskapen som fanst då han byrja.
Øyvind Østerud, professor i statsvitskap