Lærarar under lupa
På vidaregåande skular får elevane evaluere både lærarar og undervisning. Nytteverdien er omdiskutert og førebels ikkje målt.
Det finst ikkje nasjonale krav til eller retningsliner for å gjennomføre lærar- eller undervisningsevaluering, men ein del kommunar og fylke har utvikla lokale variantar av slike evalueringar.
Foto: Berit Roald / NTB scanpix
Dei siste månadene er det gjennomført såkalla elevevalueringar av undervisninga ved fleire vidaregåande skular rundt om i landet.
Elevar i Oslo-skulen har svart på om dei er heilt usamde, litt usamde, litt samde eller heilt samde i påstandar som at «Jeg får være med å bestemme hva det skal legges vekt på når arbeidet mitt vurderes», «Læreren kommer presis til timene/arbeidsøktene», «Læreren gir meg tilbakemeldinger på skriftlig arbeid og prøver innen rimelig tid» og «Jeg liker å arbeide med dette faget».
I tidlegare Hordaland fylke har elevane svart på om dei er heilt samde, delvis samde, verken samde eller usamde, delvis usamde, heilt usamde eller veit ikkje på påstandar som at «Jeg fortsetter å jobbe selv om oppgavene blir vanskelige», «Læreren møter elevene med respekt og omtanke» og «Faglærer bruker digitale verktøy på en måte som hjelper meg i eget læringsarbeid».
Spørjeskjemaa er utforma på fylkesnivå og vert svarte på anonymt.
Norsk Lektorlag har vore skeptiske til denne forma for evaluering i lang tid, mellom anna fordi dei meiner anonyme vurderingar bryt med intensjonen i grunnlagsdokumenta for skulen, og at eit standardisert spørjeskjema som er utforma for å passe alle, er vanskeleg å relatere til noko konkret og gjev lite informasjon til lærarar og elevar.
– Vi er ikkje motstandarar av undervisningsevaluering som kan skape auka medvit hjå lærarar og elevar og bidra til å betre undervisninga. Men mange av dei generelle evalueringsskjemaa ligg på eit altfor enkelt nivå, med spørsmål som har lita betyding for å betre undervisninga. Dessverre har vi òg erfart at det i nokre tilfelle er kontrolltiltak og målstyring som ligg bak. Nokre av spørsmåla er banale, som når ein skal svare på om læraren kjem presist til timen eller ikkje, seier Rita Helgesen, som er leiar i Norsk Lektorlag.
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.