«Let us now praise dragging feet» heiter eit kapittel i den sosiologiske antologien The Necessity of Friction (1998).
Boka handlar om samfunnsplanlegging, men når eg no tenkjer på dragging feet som modus operandi, tenkjer eg mest på politiet. Det er ikkje tilfeldig, vil eg seia, på vegner av ein ven:
Våpenkortet han hadde søkt om året før, kom veka etter at politiet kunngjorde at mannen var kriminell. Av førelegget gjekk det fram at han var funnen skuldig i å køyra rundt ein sperrebom i strid med paragraf 3 i vegtrafikklova.
Men største brotsverket, er no skurken sjølv overtydd om, var å nekta å levera frå seg førarkortet på åstaden. Då har politiet berre tre veker på seg til å reisa sak, i anna fall måtte dei levera lappen attende. Slik hast likar politiet ille, lèt det til, det er ikkje slik dei opererer. Snarare tvert om.
Om han hadde gått med på å gje frå seg førarkortet på staden, då hadde saka hamna nedst i bunken til politiet, og der blitt liggjande på uviss tid, står det svart på kvitt i det mørke nettet for brotsmenn mot vegtrafikklova og advokatane deira.
Straffa blei bot og inndraging av førarkort og førarrett i åtte månader. Det er nett så lenge at ein må køyra opp på nytt. Straks den formelle straffa er sona, slår dragging feet-politikken til politiet atter inn: Før ein kan søkja om å få køyra opp på nytt, må politiet annullera inndraginga av førarretten. Det tok 14 dagar å fjerna den haken.
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.