Sideblikk
Langt og lenger ute på landet
Senterpartiet kjempar tappert for utkantane, men utsiktene til å lykkast er dårlege.
«Sp – nær folk» er slagordet til Senterpartiet som vil snu fråflyttinga frå Bygde-Noreg. Her frå landsmøtet i Trondheim i mars i år.
Foto: Joakim Halvorsen / NTB
Når det ikkje er utsikt til å nå dei høge måla ein har sett seg, er ein naturleg opsjon å justera målet til noko meir realistisk. I politikken kan ein ty til ein annan utveg: slå til med eit endå meir ambisiøst og mindre gjennomførbart mål. Slik er det i klimapolitikken, og der har regjeringa også lagt seg i meldinga om distriktspolitikken (Meld. St. 27 (2022–2023)).
Rettare sagt er det vel Senterpartiet som er ordførar på heimebane. Arbeidarpartiet fekk eit distriktssjokk ved stortingsvalet for to år sidan, så dei hengde seg på og stadfesta det i Hurdalsplattforma. Det hårete målet er vekst i folketalet i distriktskommunar på det som heiter lågt sentralitetsnivå, ute i periferien der ingen i sentrum skulle tru at nokon ville bu, men det skal dei kunna; det er Senterpartiets brageløfte.
LANDET HAR VORE gjennom ein næringsmetamorfose i etterkrigstida. Hamskiftet har vore formidabelt i landbruk, fiske og smeltande industri. By og land har gått hand i hand inn i velferds- og tenestesamfunnet, mest privat i byane og offentleg på landsbygda. Noreg er ein sum av tenestekommunar, ein kommunal velferdsstat.
Veksten har vore høg i sentrale strøk. «Flukten fra landsbygda» var både frykt og fakta. Folk skulle ikkje tvingast frå utkantane, men lokkast. Arbeidsplassar og utdanning kalla. Folk flyttar kvar for seg, fordi dei vil eller må. Summen heiter endra busettingsmønster på fagspråket.
I arbeidarpartistatens stordomstid var dette ein vilja politikk for plan og arbeid. Vegen til vekst og velstand for de breie lag av folket gjekk gjennom mobilitet, modernisering, strukturrasjonalisering, effektivisering og auka produktivitet.
MED DEI BORGARLEGE Borten- og Korvald-regjeringane blei måla justerte: Busettingsmønsteret skulle haldast oppe, i det minste i hovudtrekka. Innimellom har det vore endra til «robust», som både Arbeidarpartiet og Høgre likte betre. Senterpartiet var glad i «konsolideringshypotesen» og smakte på eit løfte om at ingen kommune skulle gå ned i folketal, for sentralisering er inga naturlov.
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.