Landet som vart eit fengsel

Den kinesiske regionen Xinjiang har blitt eit laboratorium for overvaking og undertrykking. Kanskje sit ein million menneske internerte i leirar.

?Uigurske demonstrantar i Istanbul i Tyrkia 23. februar. Bileta syner slektningar som skal vere forsvunne heime i Xinjiang.
?Uigurske demonstrantar i Istanbul i Tyrkia 23. februar. Bileta syner slektningar som skal vere forsvunne heime i Xinjiang.
Publisert

Alle voner om at overgangen til marknadsøkonomi skulle gjere Kina til eit liberalt demokrati med respekt for menneskerettar, ligg i grus. Under Xi Jinping, generalsekretær i kommunistpartiet sidan 2012, har styresettet blitt stadig strengare, og i regionen Xinjiang har undertrykkinga av dei muslimske uigurane nådd eit omfang som er nær ufatteleg. Kanskje sit så mykje som ein million menneske, kring ti prosent av uigurbefolkninga i regionen – i fengselsliknande «omskoleringsleirar», plasserte der utan lov og dom. Somme blir verande i leirane i årevis, og mange vitnemål tyder på at mishandling av dei innsette er utbreidd. Også mange frå den kasakhiske minoriteten skal ha blitt internerte.

Den største rapporten til no om skrekkveldet i Xinjiang vart lagd fram av Human Rights Watch i fjor haust, og bar tittelen Eradicating Ideological Viruses – «Å utslette ideologiske virus». Vitnemåla der fortel om ei undertrykking som minner om den såkalla kulturrevolusjonen i Kina i 60- og 70-åra.

Tomme gater

Frå synsvinkelen til styresmaktene i Kina er desse ekstreme tiltaka ein del kampen mot terrorisme og separatisme. For dei muslimske uigurane skal det svært lite til for å hamne i ein av leirane i Xinjiang: Kontakt med slektningar i utlandet, alle former for politisk opposisjon, same kor fredelege, bøn på offentleg stad, eigarskap av ein koran, alt dette kan gje grunn til mistanke og trong for «omskolering».

Talet på fangar i leirane er svært usikkert, og anslaga spenner frå nokre hundre tusen til over ein million menneske. Offentleg informasjon finst ikkje. Anslaga over talet på fangar er mellom anna bygde på satellittbilete som viser storleiken på dei kjende leirane, og på anboda styresmaktene har lagt ut for bygginga av anlegga. I det sørlege Xinjiang skal det finnast område som er nær tømde for folk fordi opptil 80 prosent av dei vaksne har blitt internerte, ifølgje ein Financial Times-journalist som reiste der i fjor.

Tortur

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement