Landet som ikkje lærte
Noreg har praktisert endå ein trygderegel feil, og det er ikkje sikkert det er siste gong det skjer.
EFTA-domstolen har slått fast at Noreg har praktisert reglar for overgangsstønad for einslege forsørgjarar feil. Verken Nav eller Trygderetten kan seie kor mange det er som feilaktig kan ha fått avslag på søknad om stønad.
Foto: Gorm Kallestad / NTB
Nyleg slo EFTA-domstolen fast at overgangsstønaden for einslege forsørgjarar er omfatta av trygdeforordninga i EØS-avtalen, noko norske styresmakter har meint at han ikkje er.
Det er Trygderetten som har bede EFTA-domstolen om råd i vurderinga av ein anke frå ei svensk kvinne som har fått avslag på søknaden om overgangsstønad frå Nav og Nav klageinstans.
Overgangsstønad er ei økonomisk støtte som skal sikre personar som har åleineomsorg for barn under åtte år, ei viss inntekt i opptil tre av desse åra. Den svenske kvinna flytta til Noreg i 2017 med den dåverande ektemannen, ein norsk statsborgar. To år seinare fekk ho barn, vart einsleg forsørgjar og søkte om overgangsstønad. Nav avslo søknaden fordi folketrygdloven på det tidspunktet sette krav om at ein måtte ha vore medlem i det norske trygdesystemet i tre år for å få støtte. I dag er dette kravet auka til fem år.
Kvinna meinte sjølv at dei mange åra ho hadde budd og jobba i Sverige før ho kom til Noreg, burde telje med, i og med at begge land er EØS-område. Ho får full støtte frå EFTA-domstolen.
Konklusjonen frå domstolen inneber at Noreg har praktisert endå ein trygderegel feil heilt sidan EØS-avtalen tok til å gjelde i 1994. Men han inneber òg at regjeringas forsøk på å rydde opp etter den såkalla Nav-skandalen for nokre år sidan også byggjer på feil.
Mot juridiske råd
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.