Landbruk

Oppskrift på svolt og opprør

Dei internasjonale matprisane er dei høgaste på over ti år, og talet på underernærte skyt i vêret. Ein krig mellom dei store kornlanda Russland og Ukraina kan gjere vondt verre.

Ein skurtreskjar haustar kveite nær landsbyen Nedvigovka i Rostov-regionen i Russland 13. juli i fjor. Russland og Ukraina står til saman for nesten 30 prosent av kveiteeksporten i verda.
Ein skurtreskjar haustar kveite nær landsbyen Nedvigovka i Rostov-regionen i Russland 13. juli i fjor. Russland og Ukraina står til saman for nesten 30 prosent av kveiteeksporten i verda.
Publisert

Året 2022 ligg an til å bli eit svært vanskeleg år for fattige land som er avhengige av matimport. Ei rekkje ulike utviklingstrekk dyttar no i same retning og sender prisane på korn og andre livsviktige varer rett til vêrs. Prisane på den internasjonale matvaremarknaden er no dei høgaste sidan 2011, syner prisindeksen til FAO, matvareorganisasjonen til FN. Frå desember 2020 til desember 2021 auka matprisane i snitt med 25 prosent.

For fleire typar korn steig prisane enda meir: Maisprisane i 2021 var i snitt 44 prosent høgare enn i 2020, og kveite var 31 prosent dyrare i fjor enn året før. Den utviklinga er nok til å sende mange millionar menneske i fattige land ut i svolt – og prisgaloppen stoggar neppe her. Alt ligg til rette for at korn og andre matvarer vil halde fram med å bli dyrare.

Inflasjon

Som kjent er det ikkje berre mat som blir dyrare for tida. Inflasjonsbølgjene rullar over verda, og prisane på svært mange varer har skote i vêret det siste året. Da pandemitiltaka byrja å letne, auka etterspurnaden rundt i verda mykje raskare enn produksjonen, og flaskehalsar i produksjonskjeder og transport har ført til mangel på mange varer. I både Europa og Kina har skyhøge energikostnader i tillegg gjort mange varer dyrare.

Denne utviklinga påverkar sjølvsagt jordbruksproduksjonen òg. Når drivstoff og straum blir dyrare, svir det for dei som driv med moderne landbruk. I tillegg får dei ekstreme gassprisane alvorlege konsekvensar for bøndene i verda på ein annan måte: I løpet av 2021 blei prisen på naturgass i Europa mangedobla, og det har drive opp gassprisen også i andre verdsdelar. Og gass er ein særs viktig innsatsfaktor i produksjonen av ammoniakk til kunstgjødsel.

Varslar om matkrise

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement