Landbruk
Livet på ein kjøtfull klode
Med biff skal jorda øydast.
Storfe i Entre Rios-provinsen nordaust for Buenos Aires. Takk vere dei store grasslettene har Argentina gode vilkår for storfeal. Men også der må skogen vike for beitemark og soyaplantasjar mange stader.
Foto: Natacha Pisarenko / AP / NTB scanpix
Rapporten som naturpanelet til FN la fram førre veke, er dyster lesnad: Ein million av dei åtte millionar artane i verda kan vere truga av utrydding, heiter det i samandraget. Slike medievenlege tal må takast med ei klype salt: Ingen veit kor mange artar som finst i verda i dag – grovt rekna er truleg kring halvannan million av dei identifiserte. Talet på åtte millionar artar er altså eit svært usikkert overslag, og det same er talet på dei som står i fare for å forsvinne. Men det rapporten frå FN-panelet syner, er at den menneskedrivne raseringa av naturen har auka i tempo og omfang dei siste tiåra.
Dette handlar ikkje så mykje om klimaendringar, i alle fall ikkje enno: Den globale oppvarminga kan på sikt bli eit trugsmål mot svært mange artar, men den prosessen har vi berre så vidt sett byrjinga på. På kort og mellomlang sikt er det ei anna utvikling som trugar langt meir av livet på jorda, og den har halde på lenge. Det er arealbruken til mennesket, som utraderer stadig meir av leveområda til ville dyr og planter. Og to av dei viktigaste drivkreftene bak ekspansjonen er det aukande folketalet på jorda og appetitten vår på kjøt.
Ei omskapt jord
Jordbruk og husdyrhald er sjølve fundamentet for det vi kallar sivilisasjon, og det gjer det lettare å gløyme kor store naturinngrep desse levemåtane har ført med seg. Men det er gjennom jordbruket menneska har omforma jorda aller mest. Gjennom tusenår har forfedrane våre hogd ned eller svidd av skogane, drenert våtmarkene, pløgd jorda og erstatta mangfald med monokulturar. Det samla omfanget av inngrepa er svimlande. Meir enn ein tredjedel av all landjord på kloden blir i dag nytta til jordbruk eller beitemark.
Ingen verdsdel er meir gjennomkultivert enn Europa. I Nederland blir kring 55 prosent av landarealet brukt til landbruksføremål, i Storbritannia over 70 prosent. Dette er arealendringar i langt større skala enn det byutvikling, vegar og industri har ført med seg. Og sjølv om oppdyrkinga av jorda har lang historie, har inngrepa akselerert kraftig dei siste 50 åra, påpeikar naturpanelet til FN.
I dei rike landa er det ikkje så mykje meir land å hente, men i sør blir store skogsareal framleis raserte for å gje plass til beitemark, åkrar eller plantasjar. Berre frå 1980 til 2000 vart kring hundre millionar hektar med tropiske skogar omgjort til jordbruksland. Storparten av skogtapet skjedde i Sør-Amerika, syner rapporten, og det meste av skogen vart fjerna for å skaffe nye areal til storfeproduksjon.
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.