JavaScript is disabled in your web browser or browser is too old to support JavaScript. Today almost all web pages contain JavaScript, a scripting programming language that runs on visitor's web browser. It makes web pages functional for specific purposes and if disabled for some reason, the content or the functionality of the web page can be limited or unavailable.

Takk for at du vil dele artikkelen

Den du deler artikkelen med, kan lese og eventuelt lytte til heile artikkelen.
Det gjer vi for at fleire skal oppdage DAG OG TID.

Namnet ditt vert synleg for alle du deler artikkelen med.

LandbrukSamfunn

Jorda som forsvinn

Ekstremvêret Hans forsynte seg grovt av jorda vi produserer mat på. Det er det òg for mange andre som gjer.

Kvar veke les vi inn utvalde artiklar, som abonnentane våre kan lytte til.
Lytt til artikkelen
I 2021 låg det ifølgje regjeringa an til å verte behov for 1000 dekar dyrka mark per år til samferdsletiltak fram mot 2027, inkludert til ny E39.

Foto: Bård Asle Nordbø / Statens vegvesen

11276
20230818
11276
20230818

Matjord

eva@dagogtid.no

I Sjodalen i Vågå kommune stod kyr på sommarbeite førre veke med vatn opp til magen. Frå gardar ved Hønefoss i Ringerike kommune og på Koppang i Stor-Elvdal kommune er det meldt om potetavlingar som har drukna, og på Lindsheim gard i Skjåk kommune ligg det meste av dyrkamarka dekt av gjørme etter ras. Zoomar vi litt ut, har tusenvis av mål med jordbruksjord på Austlandet stått under vatn som har øydelagt avlingane. Alt dette ifølgje avisa Nationen.

Kor store jordbruksareal som er råka av ekstremvêret Hans totalt, er det ingen som har oversikt over enno. Likeins står det att å sjå om jordbruksarealet som er råka, kan tilbakeførast til same bruk som før. Nokre stader kan ras og flaumvatn ha rive med seg eller vaska vekk matjorda. Det som er sikkert, er at ekstremvêret har skapt ytterlegare press på ein alt pressa ressurs i Noreg.

11,3 millionar dekar, eller rundt 3,5 prosent, av landarealet i Noreg er i dag jordbruksareal, ifølgje tal frå Norsk institutt for bioøkonomi, Nibio. Talet omfattar 9,1 millionar dekar dyrka jord og 2,2 millionar dekar innmarksbeite. 3,5 prosent er eit lågt tal jamført med dei fleste andre land i verda, ifølgje ein statistikk frå Verdsbanken. I nabolanda Sverige og Finland utgjer jordbruksarealet mellom 7 og 8 prosent av totalen, på Island 18 prosent, i Danmark over 60 prosent, medan EU-landa samla ligg på rundt 41 prosent.

Og trass i det låge talet byggjer vi ned stadig meir av det jordbruksarealet vi har. Nye tal for såkalla omdisponering av dyrka jord syner at norske kommunar i fjor sa ja til å byggje ned nye 3509 dekar jordbruksjord. Det er 553 dekar meir enn året før og 509 dekar over jordvernmålet Stortinget vedtok i 2021, på 3000 dekar i året.

Dei nye tala for omdisponering av dyrka jord vart elles lagde fram av Statistisk sentralbyrå (SSB) i midten av juni, berre nokre veker etter at regjeringa lanserte ein ny jordvernstrategi med mål om at omdisponeringa ikkje skal overstige 2000 dekar årleg.

Mest til samferdsle

Nær 40 prosent av jordbruksjorda som vart omdisponert i fjor, vart sett av til samferdselsføremål og i hovudsak til store statlege vegprosjekt, medan 23 prosent vart sett av til bustadbygging og 11 prosent til næring.

Rundt 700 dekar, nesten 20 prosent av totalen, vart omdisponert i Rogaland, og tal bakover i tid syner at dette fylket har vore ein av nedbyggingsverstingane år for år. I 2009 omdisponert fylket åleine over 2000 dekar, altså meir enn det framover skal vere lov å byggje ned på landsbasis årleg, og i 2014 låg talet på rundt 1500 dekar.

Samla dei ti siste åra har Rogaland omdisponert over 7000 dekar dyrka jord totalt, ifølgje tal frå SSB. Til jamføring har den langt større konstellasjonen av fylka som i dag heiter Oslo og Viken, som ligg på andreplass i nedbygging i 2022, i same tiårsperiode omdisponert rundt 10.000 dekar dyrka jord. Og konstellasjonen som i dag heiter Innlandet, på tredjeplass i 2022, har omdisponert rundt 7500 dekar.

«Stygge» tal

Anfinn Rosnes er konstituert landbruksdirektør ved Statsforvaltaren i Rogaland og har i oppgåve å sjå til at kommunane følgjer opp dei nasjonale jordvernmåla. Han kallar omdisponeringstala for fylket «stygge», men seier det nett no er grunn til å forsvare kommunane litt òg.

– I fjor stod samferdsleprosjekt for godt over 60 prosent av det omdisponerte arealet i fylket. Tek vi Gjesdal kommune som døme, er det eigentleg ein god jordvernkommune, men der har nokon bestemt at det skal byggjast ny og breiare E39, seier han. Ifølgje Landbruksdirektoratet er Gjesdal enkeltkommunen som i fjor omdisponerte mest dyrka jord i heile landet – med 423 dekar. Rosnes seier at det då er teke ut rundt 200 dekar som skal fungere som riggområde og seinare tilbakeførast til landbruk.

Men E39-utbygginga kjem til å ta meir jordbruksareal i fylket framover. I 2021 låg det ifølgje regjeringa an til å verte behov for 1000 dekar dyrka mark per år til samferdsletiltak fram mot 2027. Nye og førebelse anslag frå Statens vegvesen, Nye Veier AS og Jernbanedirektoratet i år tilseier at det i staden kan dreie seg om mellom 400 og 600 dekar årleg dei neste seks åra. Det går fram av den nye jordvernstrategien frå regjeringa.

Rosnes seier det kjem til å trengast om lag 900 dekar jordbruksjord berre for å ferdigstille E39 gjennom Rogaland og til Agder, om vegen skal byggjast i den breidda han er tenkt.

– Det kjem til å ta kvoten vår for fleire år. Vert det dobbeltspor på Jærbanen i tillegg, kjem det også til å ta fleire hundre dekar, seier han.

Ser positive teikn

Utover jordbruken til samferdsle ser Rosnes derimot fleire teikn til at ting er på rett veg for jordvernet i Rogaland: Jordvern får no meir merksemd, også i valdebattar, og også yngre generasjonar er meir opptekne av jordvern enn før.

Omfanget av areal som vert vedteke nedbygd i Rogaland, har også gått ned i takt med den auka merksemda om temaet nasjonalt. I 2017 var fylket endåtil nede på litt over 200 dekar i omdisponering, før talet auka att dei følgjande åra.

Tidlegare i år vedtok politikarane i Rogaland òg at den årlege omdisponeringa av jordbruksjord i fylket framover skulle reduserast til maks 200 dekar, altså 10 prosent av det oppdaterte nasjonale målet. Det tidlegare målet var på 400 dekar årleg.

– Eg meiner vi burde ha eit endå strengare mål i og med at vi har bygd ned så mykje før og har dei beste areala, men det er interessant at talet no var halvert, seier Rosnes.

– Men er det realistisk å nå om det trengst 900 dekar meir berre til E39?

– Regionalt må dei areala vurderast over fleire år. Det er ikkje snakk om å føre årleg reknestykke i excelark. Prekære behov må løysast, men det å byggje bustader, handel og industri på dyrka mark må det verte langt mindre av, seier han.

Strammar kontrollen

Ifølgje Landbruks- og matdepartementet skal arealbruken til samferdsleprosjekt inngå i det nasjonale jordvernmålet. Det går også fram av jordvernstrategien regjeringa la fram før sommaren.

I strategien er det òg skissert tiltak som skal bidra til å nå jordvernmålet, og fleire av dei handlar om betre registrering av jordarealet og arealendringane som vert gjorde. I tillegg vil regjeringa «gi jordvernet positiv oppmerksomhet», styrke rettleiinga mot kommunane og formidle gode døme på planlegging som kan bidra til å ta betre vare på jorda. I det heile teke er det snakk om fleire tiltak for medvitsgjering og lite tvang.

– Men hjelper det med meir informasjon og friviljuge tiltak for å få kommunane til å ta betre vare på jordbruksjorda?

– Vi har fått klar melding om å vektleggje jordvern, og det ventar vi òg at kommunane lyttar til. I mars i fjor sende landbruksminister Sandra Borch og kommunalminister Bjørn Egil Gram også ut brev der dei bad kommunane vurdere å ta ut byggjeområde på dyrka mark og omdisponere område tilbake til landbruk. Mange kommunar sit med meir bustad- og næringsareal enn dei har behov for, og diskusjonane mange stader no går vel så mykje på kva for areal som kan tilbakeførast til landbruksføremål, som kva for nye jordbruksareal som skal omregulerast, seier Rosnes.

– Kva verktøy har statsforvaltaren dersom kommunane ikkje tek nok omsyn til jordvern?

– Vi kjem mellom anna til å krevje arealrekneskap frå kommunane. Det kan vere kjekt med eit nytt bustadfelt ved Vigrestad, til dømes, men vi må få lagt fram oversikt over kva areal og tomter kommunen har frå tidlegare, før vi vurderer noko slikt. Får vi ikkje det og gode argument for kvifor eit nytt byggefelt trengst nett der, kan vi fremje motsegn mot planane ut frå manglande avgjerdsgrunnlag. Tida for å byggje butikkar og einebustader på dyrka jord er forbi. Det er òg i strid med forventningane å parkere på bakkeplan og uaktuelt å byggje parkeringsanlegg på dyrkajord, seier han.

Å fremje motsegn er noko statsforvaltaren og andre faginstansar kan gjere for å stogge kommunale arealplanar dei meiner strir mot overordna mål som til dømes jordvern. Under Solberg-regjeringa vart føringane for bruken av motsegner stramma inn, men Rosnes seier statsforvaltaren i Rogaland no fremjar motsegner av jordvernomsyn hyppigare enn før – som følgje av den nye og tydelege nasjonale jordvernpolitikken.

– Men vinn de òg oftare fram med motsegner mot nedbygging av dyrka jord?

– I større grad enn før, ja, og ofte fordi kommunestyra til slutt bøyer av. Men også med motsegnene som går til departementet, er tendensen at vedtaka oftare går i favør av jordvernet.

– Tek frå sparekontoen

Sidan andre verdskrig er det omdisponert heile 1,2 millionar dekar dyrka og såkalla dyrkbar jord i Noreg, ifølgje regjeringa. Dyrkbar jord er definert som areal som kan dyrkast opp til å verte fulldyrka, og som har god nok kvalitet til å kunne brukast til plantedyrking.

Samstundes er det år for år også dyrka opp nye jordbruksareal. Av den grunn har det samla jordbruksarealet i drift halde seg nokså stabilt frå etterkrigstida og fram til i dag. I fjor vart 15.900 dekar godkjende for nydyrking. Det var lite jamført med åra før, men samstundes over fire gonger meir enn jordbruksarealet som vart vedteke nedbygd.

I Rogaland vart det godkjent nydyrking på eit areal to og ein halv gong større enn jordbruksjorda som vart vedteken nedbygd. Rosnes åtvarar likevel mot å stille dei to tala opp mot kvarandre.

– Det som kan dyrkast opp i dag, er ofte dårlegare jord enn den som alt er dyrka. Ho ligg ofte også mindre sentralt til og i dårlegare klimasoner enn jorda vi byggjer ned. I tillegg er jo det å dyrke nytt mot å byggje ned som å ta frå sparekontoen og overføre til brukskontoen. Det ein brukar, er tapt for framtidig bruk, seier han.

– Ingen teikn til nedgang

Ein annan som har åtvara mot å bruke av reserven for å dekkje over nedbygging, er senioringeniør Kjetil Fadnes ved Nibio. Han seier at nokre kommunar alt i dag har lite reservar av jord som kan dyrkast opp, og nemner rogalandskommunane Sola og Randaberg som døme: Der finst det ikkje nok dyrkbart areal til å dekkje over nedbygging, og begge kommunane har hatt ein tydeleg reduksjon i jordbruksarealet dei siste ti åra. I Sola kommune er det samla jordbruksarealet redusert med over 2000 dekar sidan 2012, i Randaberg med 400 dekar.

På nasjonalt nivå er det i dag likevel 12,7 millionar dekar som er rekna som dyrkbar jord, ifølgje Nibio. Derimot ligg berre 1,8 prosent av dette arealet i klimasona som er best eigna for matproduksjon, medan så mykje som ein fjerdedel ligg i klimasona som er rekna som ikkje meir enn marginalt eigna til fôrkorndyrking.

Noko av jorda som kan dyrkast opp, er også innmarksbeite, som har ein funksjon i jordbruket i dag, medan over 30 prosent av det dyrkbare arealet er myr, som det er knytt klimaargument til å ikkje dyrke opp.

Mykje av den dyrkbare jorda er det dermed ikkje særleg framtidsretta å dyrke opp, ifølgje Fadnes.

Slik han ser det, er det også for tidleg å seie at det går rett veg med vernet om den dyrka jorda vi alt har.

– Vi kan vere optimistiske i den forstand at talet omdisponert areal går ned, men ut frå det vi kan måle av den faktiske nedbygginga år for år, er det lite teikn til nedgang, seier han.

Artikkelen vart oppdatert kl. 12:00 fredag 18. august.

Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Fleire artiklar

USA var landet der den globale auken i fedme tok til for alvor. Nord-Amerika utgjer i dag halve marknaden for vektreduksjonsmidla til Novo Nordisk.

Foto: Mark Lennihan / AP / NTB

HelseSamfunn

Store pengar i tomme magar

Verda er villig til å betale mange milliardar for å misse matlysta.

Per Anders Todal

Tyskland og Frankrike leiar saman luftvernkoalisjonen for å støtte Ukraina. Men Tysklands forsvarsminister Boris Pistorius (t.v) har ikkje fått med seg Frankrike på sitt initiativ for å investere i felles europeisk luftvern til eige territorium. Biletet syner Pistorius og Ukrainas president Volodymyr Zelensky i Tyskland, der ukrainske soldatar vert trente i å bruke det amerikanske langtrekkande luftvernsystemet Patriot.

Foto: Jens Buttner / Reuters

Samfunn
Eva Aalberg Undheim

Den innvortes forsvarskampen

Arbeidet med eit felles luftvernsystem over Europa
vert avgrensa av nasjonale industrielle omsyn.

Kong Harald tok i audiens imot Eirik Kristoffersen på Slottet for å tildela han Krigskorset  i 2011.

Foto: Lise Åserud / NTB

KommentarSamfunn
Morten A. Strøksnes

Baksida av medaljen

Forsvaret og forsvarssjefen har måla seg inn i eit hjørne. Dei nekta for at dei visste at feil mann blei tatt. Så påstår dei at mannen dei tok, uansett må ha vore ein Taliban-leiar.

Når Billy (Vic Carmen Sonne) og Nilo (Silvana Imam) møtest, blir det kjærleik ved første blikk.

Foto: Norsk Film Distribusjon

FilmMeldingar
Brit Aksnes

Eksplosjonar i hovudet

Ein har ikkje vondt av å utfordra tankemønstera sine, særleg ikkje når det er underhaldande i tillegg.

Vivienne (Vicky Krieps) innleier eit forhold til danske Holger (Viggo Mortensen) i det vestlege USA i 1860-åra.

Foto: Ymer Media

FilmMeldingar

Vicky + Viggo

Vicky Krieps slår Viggo Mortensen i den romantiske westernen hans.

Håkon Tveit

les DAG OG TID.
Vil du òg prøve?

Her kan du prøve vekeavisa DAG OG TID gratis i tre veker.
Prøveperioden stoppar av seg sjølv.

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis