JavaScript is disabled in your web browser or browser is too old to support JavaScript. Today almost all web pages contain JavaScript, a scripting programming language that runs on visitor's web browser. It makes web pages functional for specific purposes and if disabled for some reason, the content or the functionality of the web page can be limited or unavailable.

Takk for at du vil dele artikkelen

Den du deler artikkelen med, kan lese og eventuelt lytte til heile artikkelen.
Det gjer vi for at fleire skal oppdage DAG OG TID.

Namnet ditt vert synleg for alle du deler artikkelen med.

LandbrukSamfunn

Husdyra som trugar oss

Danskane har avliva fleire millionar minkar for å førebyggje sjukdom hos menneske. Med norske smittevernreglar ville også fleirtalet av svinebuskapane vore sanert.

Kvar veke les vi inn utvalde artiklar, som abonnentane våre kan lytte til.
Lytt til artikkelen
Om lag 17 millionar minkar må avlivast i Danmark.

Foto: Mads Claus Rasmussen / Ritzau Scanpix / NTB

13455
20201127

Bakgrunn

Mink i Danmark

4. november kunngjorde den danske regjeringa at all mink skulle avlivast.

Det vert innført forbod mot minkproduksjon i Danmark ut 2021.

Grunngjevinga var smittespreiing av koronavirus i mink.

Ein virusmutasjon i mink kan ha vore motstandsdyktig mot vaksinekandidatane.

Avgjerda om å avlive frisk mink mangla heimel i dansk lov.

Smitte

christiane@dagogtid.no

Nyhendebileta er dramatiske og ekstreme. Gravemaskinskuffar fylte til randa med avliva minkar, klare til å verte dumpa i ei massegrav. Og så, nokre dagar seinare: Oppsvulma daude minkar som vert pressa opp av gravene og ligg synlege på jorda.

I bygatene i København har vi sett fleire hundre traktorar og bønder i protest, med sinte – for ikkje å seie hatefulle – meldingar til statsministaren skrivne på plakatar. «Kim Jong-Mette må gå af», «Lock her up», «Fængsel til Mette F. Frihed til Danskerne.»

Når historia om minksaka, eller minkgate, som ho også vert kalla, skal skrivast, vil ho inkludere om lag 17 millionar avliva minkar, oppunder 800 sanerte minkgardar, nærmare 4000 tapte arbeidsplassar og hovudet til ein matminister. Bakgrunnen er, som mange vil ha fått med seg, at den danske regjeringa den 4. november kunngjorde at all mink i Danmark skal avlivast – ei avgjerd som seinare skulle vise seg å stride mot grunnlova. 

Minksaka har mange spor. Danske aviser skriv om spelet i kulissane, kven i regjeringa som visste kva til kva tid, kva som skjer med demokratiet i Danmark, kvifor politiet har medverka i ei ulovleg avliving, om den danske pelsnæringa nokon gong kan reise seg att, kva som skjer med arbeidsinnvandrarane som har jobba der, og kva med erstatninga til bøndene som driv og eig? 

Eksempelet i Danmark er ekstremt. At ei heil næring vert jamna med jorda, er uvanleg, men at heile buskapar med dyr må avlivast som følgje av smitte, er ikkje ukjent i landbruket, korkje i Noreg, i Danmark eller i resten av verda. Og kva smitte som fører til at buskap vert avliva, varierer – i alle fall i eitt tilfelle – sterkt. Det skal sjå litt nærmare på her. 

Smitte sirkulerer

Vi treng ikkje gå historisk til verks for å finne døme på masseavliving av husdyr med smitte. Går ein inn på nettstaden til det danske mattilsynet, Fødevarestyrelsen, slår eksempelet deg i auga: Mattilsynet åtvarar lokale hønseeigarar mot fugleinfluensa. 25.000 høns på ein stor gard søraust for Randers er avliva for å hindre smittespreiing, kan vi lese. 

Vi treng heller ikkje sjå langt tilbake for å finne masseavlivingar av svin. Kina, som står for om lag halvparten av svineproduksjonen i verda, har dei siste åra avliva kring halvparten av alle svina i landet, truleg ein stad mellom 200 og 300 millionar, som følgje av afrikansk svinepest. I Europa har Polen vore råka av sjukdomsutbrot tidlegare i år, noko som har ført til avlivingar der.

I Noreg vart ein heil stamme villrein slakta vinteren for tre år sidan for å hindre at påvist skrantesjuke skulle spreie seg til andre villreinområde og andre hjortedyr. 

Lenger tilbake i tid har store utbrot av den svært smittsame dyresjukdommen munn-og-klauvsjuke ført til mange millionar avlivingar av dyr, til dømes i Storbritannia i 2001.

Frå dyr til menneske

Felles for døma nemnde ovanfor er at sjukdommane smittar mellom dyr og får store konsekvensar for næringane som er råka. Endå meir frykta er sjølvsagt dyr med smitte som både trugar økonomien og i tillegg spreier smitte, sjukdom og potensielt død også til menneske.

Utbrotet av kugalskap for ein del år sidan er eit døme på det. Sjukdommen vart oppdaga midt i 1980-åra i Storbritannia og skapte frykt både i næringa og blant folk flest i 90-åra, då det vart oppdaga ein samanheng mellom sjukdommen i ku og Creutzfeldt Jakobs sjukdom, ein nådelaus hjernesjukdom som råka unge menneske, truleg etter at dei hadde ete infisert kjøt. 

Den britiske kjøtindustrien møtte midt i 90-åra stengde grenser overalt, millionar av kyr vart avliva for å stoppe epidemien. Ein trur at kyrne fekk smitten i seg via fôret, som var tilsett oppmalne biprodukt frå sau og andre dyr, som knoklar og innmat. Reglane for kva fôr dyra kan ete, er varig endra.

Mutert virus

Det er i denne kategorien koronasmitta mink plasserer seg. Det første smittetilfellet vart oppdaga i Nederland, og det har også vore enkelte utbrot i USA, Sverige, Spania, Italia og Hellas. Danmark har skilt seg ut med sterk smittespreiing. Danskane har verdas største produksjon av minkpels, med store farmar og små avstandar mellom dei. Truleg har smitten gått frå menneske til mink og tilbake frå mink til menneske.

Den danske regjeringa har fått sterk kritikk for avgjerda om å avlive all mink, både frå bønder, den politiske opposisjonen og juridisk hald. Men om avgjerda var i strid med lova, var ho i tråd med risikovurderinga frå fagleg hald i Danmark.

Den danske regjeringa har gjeve Folketinget ei utgreiing om prosessen som førte til avlivingsordren. Ho viser at Sundhetsstyrelsen, som ligg under det danske helsedepartementet, alt den 7. september varsla om at koronaviruset som var funne i dansk mink, utvikla mutasjonar knytte til «spike-proteinet», som er den delen av viruset som ei rekke internasjonale vaksinekandidatar er retta mot. Den 22. september nådde informasjonen fram til to ansvarlege statsrådar, matvareministeren og helseministeren. Statens Serum Institut, det sentrale laboratoriet i dansk helsevesen, skreiv:

«(...) risikoen for at der opstår nye mutationer er meget stor, også i det virus vil prøve at tilpasse sig minks luftveje. Den fortsatte udvikling af virus i mink med flere og flere mutationer i spikeproteinet og spredning ved videresmitte til mennesker i Danmark, kan derfor udgjør en potentiel fare for fokesundheden.»

Regjeringa prøvde ein periode å halde smitten unna minken ved førebyggjande smittevernkrav, men utan hell. Smitten spreidde seg raskt frå éin gard til ein annan, og frå den første smitten vart oppdaga på ein minkfarm i Nordjylland den 15. juni, viser statistikken ei bratt kurve oppover, opp til 234 buskapar med smitte den 4. november. 

Den 3. november vurderte Statens Serum Institut at å drive minkproduksjon under ein pandemi i seg sjølv utgjer ein fare for folkehelsa og høvet til å førebyggje covid-19 med vaksinar. Også å byggje opp næringa att i 2021 vart vurdert som ein folkehelserisiko. 

Dagen etter kom altså avgjerda om å avlive all mink, i tillegg til å forby minkproduksjon i heile 2021.

Utrydda mutasjon

Minkproduksjonen i Danmark kan vere historie. Det er etter alt å døme også den frykta muterte koronavarianten, cluster 5. Totalt har denne virusvarianten berre vorte påvist på fem minkfarmar og hos tolv personar i Nordjylland i perioden august og september. 

Masseavlivinga av mink er derfor ikkje først og fremst knytt til denne spesifikke virusvarianten, men til risikoen virusspreiinga i mink generelt skaper, med fare for nye mutasjonar det ikkje finst vaksine for, og dei konsekvensane det potensielt kan få for økonomi og helse. Men avgjerda er omstridd. At friske dyr vert avliva for å førebyggje sjukdom, er uvanleg. Jorun Jarp, direktør for beredskap og tryggleik i Veterinærinstituttet, kan ikkje kome på noko tilsvarande.

– I tilfelle med omfattande utbrot av munn- og klauvsjuke, har ein sanert dyr som har vore i kontakt med sjuke dyr utan at det har vore stilt diagnose. Då har det vore ei enorm krise. Elles sanerer ein ved sjukdomsutbrot, seier ho. 

Testar i Noreg

På norske minkgardar følgjer ein no smittesituasjonen tett. Bønder har fått tilsendt testutstyr og får tilbod om å få undersøkt prøver av sjuke minkar som har vorte avliva, og sjølvdaude dyr. I tillegg mottar alle minkprodusentar kvar veke ei elektronisk spørjeundersøking om observerte symptom hos mink. Det er hittil ikkje observert smitte på norske bruk.

Viruset vil heller ikkje ha like gode høve til å spreie seg mellom norske pelsgardar som dei har hatt i Danmark, forklarar Jarp.

– Dei norske minkfarmane er i gjennomsnitt mykje mindre. I Danmark hadde dei 17 millionar minkar og i gjennomsnitt 15.000 minkar per farm. I Noreg er 15.000 det maksimale. Talet på minkar varierer sterkt ut frå tidspunkt i produksjonen. Ein har tisper som parar seg og får kvalpar, og då aukar populasjonen fem gonger. Då vil nokre ha 1000, medan andre vil ha 15.000. Ein del minkfarmar i Noreg ligg også grisgrendt til, noko som gjev mindre trafikk inn.

Svin med bakteriar

Den danske handteringa av mink skil seg kraftig frå handteringa av antibiotikaresistente bakteriar (LA-MRSA) i danske svin, som på same måte som koronaviruset byter vert frå menneske til dyr og frå dyr til menneske. Danmark har ein årleg svineproduksjon på om lag 19 millionar slaktegrisar i tillegg til eksport av om lag 12 millionar grisar. Med norske smittevernreglar ville fleirtalet av svinebuskapane i Danmark vore sanerte. 

For i Noreg er handteringa av svin med slike bakteriar streng og konsekvent. Kvart funn fører til at alle svin i svinehuset vert slakta, slik at huset vert tømt, desinfisert og testa for bakteriar før nye svin kan setjast inn. 

I Noreg kan ein dermed seie at svinehusa er så nær som frie for antibiotikaresistente bakteriar, sjølv om dei vert introduserte igjen og igjen. I 2018 var det ingen introduksjon av slike bakteriar i Noreg, medan det vart oppdaga smitte i ni buskapar i fjor, skriv Nationen.

Situasjonen er ein ganske annan i Danmark. Ei ekspertgruppe la i 2017 fram ein rapport som viste at 88 prosent av svinebuskapane hadde LA-MRSA i 2016, opp frå 68 prosent i 2014. I 2007 fanst knapt dei resistente bakteriane i dansk svinehald.

I rapporten spør ekspertgruppa også om det er mogleg å gjere som i Noreg, og fjerne førekomstane ved sanering. Svaret er at det truleg vil vere mogleg over ei lengre årrekke, men at det ville vorte svært dyrt. Prislappen for å utrydde LA-MRSA frå svin i Danmark vert vurdert til 14 milliardar kroner. 

Ekspertgruppa meiner prisen må vegast opp mot samla risiko for folkehelsa, og gjev råd om å styrke barrierane mellom svin og samfunn, slik at smitten vert isolert i grisehusa og ikkje kjem inn i helseinstitusjonane.

Medan Noreg har stoppa bakteriane på veg inn i grisehuset, må altså danskane stoppe bakteriane på veg inn sjukehusdøra.

Smitteberarar

Ein av dei store forskjellane på koronavirus og antibiotikaresistente bakteriar er at koronaviruset ofte gjev akutt sjukdom, medan konsekvensane av antibiotikaresistens er mindre synlege og meir langsiktige. Det ligg ikkje noko trugsmål om å stengje ned samfunnet som følgje av slike bakteriar. 

Dei fleste friske menneske som tek over antibiotikaresistente bakteriar frå husdyr, vert ikkje sjuke, men kan spreie bakteriane vidare til andre. Kjem bakteriane inn i helseinstitusjonar og sjuke menneske, kan følgjene vere alvorlege. Det trengs knapt nemnast kor viktig antibiotika er for å kurere infeksjonar hos menneske.

Ute av kontroll

Medan handteringa av korona­smitten i mink har vore streng, har LA-MRSA i dansk svin kome heilt ut av kontroll. 

Bakgrunnen er også skandaløs. I 2016 viste den statlege danske TV-kanalen DR ein dokumentar kalla Den dagen penicilinen ikke virker. Filmen avslørte at det danske mattilsynet i fire år hadde hindra at råd frå ekspertar om korleis ein kunne hindre antibiotikaresistente bakteriar i å spreie seg i svinebesetningane, vart lagde fram for Folketinget. Råda vart fjerna etter innspel frå interesseorganisasjonen til dei danske svinebøndene.

Ifølgje Nationen, som følgde saka tett, vart embetsverket frikjent i ei seinare gransking. I staden vart ansvaret lagt på ein tidlegare landbruksminister, som skulle vere informert om råda, men som nekta kjennskap til dei. 

Helsetrugsmål

Den danske ekspertgruppa vurderer at LA-MRSA i husdyr utgjer eit lite problem for befolkninga totalt sett, men er eit veksande problem for sjuke og svake pasientar.

Verdshelseorganisasjonen omtalar antibiotikaresistens generelt som eit av dei største trugsmåla mot helse globalt. Ifølgje Store norske leksikon reknar ein med at om lag 33.000 menneske i Europa døyr som følgje av antibiotikaresistente bakteriar kvart år. Smitte frå husdyr drar statistikken i negativ retning, men er langt frå einaste eller viktigaste årsak. 

Jorun Jarp seier at situasjonen i Danmark og Noreg er ulik, i og med at Noreg starta kampen mot bakteriane på eit tidleg tidspunkt.

– Styresmaktene tok tak i dette tidleg, noko som er viktig ved handtering av all sjukdom. Ein sanerte medan det enno var få bakteriar, og fekk stoppa ei smittekjede. Når smitten har fått rulle og gå, er ho vanskelegare å stoppe, seier ho. 

Slutt på mink

Den norske minknæringa er vedtatt avvikla i 2025, etter at Venstre fekk gjennomslag i regjeringsforhandlingar. I Danmark vert næringa så å seie lagd ned over natta. Vil ho nokon gong verte som før? Dag og Tid spør Marc Geertsen, presserådgjevar i den danske bondeorganisasjonen Landbrug og Fødevarer.

– Ingen reknar med at dei vil kome i gang att om eit år. Avlsarbeidet gjennom mange år er gått tapt, derfor reknar ein ikkje med å få den gode bestanden vi hadde før, seier han. 

Har han rett, vil avlivinga av ei heil næring verte ståande som ganske unik i historia om dyr og smitte. 

Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Eller kjøp eit anna abonnement

– Når smitten har fått rulle og gå, er han vanskelegare å stoppe. 

Jorun Jarp, direktør for beredskap og tryggleik i Veterinærinstituttet

Emneknaggar

Fleire artiklar

Sigrun Slapgard er forfattar og journalist og har skrive ei rekkje kritikarroste biografiar og dokumentarbøker, særleg om sterke kvinnelagnader.

Foto: Agnete Brun

BokMeldingar

Frikjend av Slapgard

Alle var på fornamn med statsministerektefellen Werna Gerhardsen på 1950-talet. Også KGB.

ArildBye

Tekniske problem mellom Carlsen og Niemann.

Foto: Chess.com

Kunnskap
Atle Grønn

Skandaleduellen

«Før Speed Chess Championship var eg 'gira'. Dette var så spanande som moderne sjakk kan vera.»

Kor mykje skal den enkelte forelder ha å seie over barnet? Spørsmålet er til vurdering når barnelova skal oppdaterast.

Foto: Sara Johannessen Meek / NTB

PolitikkSamfunn
Christiane Jordheim Larsen

Flytterett eller vetorett?

Skal mor eller far kunne ta med seg barna og flytte langt bort etter eit samlivsbrot? Barne- og familiedepartementet vil gjere det vanskelegare for fleire, men møter motstand.

Den norske komponisten Sigurd Lie (1871–1904).

MusikkMeldingar
Sjur Haga Bringeland

Klår kulokk

Der er både norsk og tysk nasjonalromantikk i Sigurd Lies romansar.

Tordis Ørjasæter er 97 år gamal og reflekterer rundt det å bli eldre, om litteratur, og dagane som går, og tida som har gått.

Foto: Mari Parelius Wammer / Cappelen Damm

LitteraturKultur

Å gå på vatnet i ein blå draum

– Alt er så sterkt no som døden er så nær. Og eg drøymer så mykje og så intenst, ei natt drøymde eg at eg gjekk på vatnet!

Hilde Vesaas

les DAG OG TID.
Vil du òg prøve?

Her kan du prøve vekeavisa DAG OG TID gratis i tre veker.
Prøveperioden stoppar av seg sjølv.

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis