Lakseskrekk i media

Det finst gift i det meste vi et og drikk. Men det er oppdrettslaksen som får kjeften.

Publisert Sist oppdatert

Nyleg kom det igjen skrekkoppslag om at norsk oppdrettslaks er farleg. «Ikke gi laks til barna», skreik framsida til VG 10. juni. «Kan gi hjerneskade», heitte det attpåtil. Både barnelegar og biologar åtvara skarpt mot trugsmåla frå dioksin og andre giftstoff i laksen.

Andre medium ville ikkje vere dårlegare: Aftenposten, Dagbladet, NRK og NTB slengde seg på. «Vil ha mer gift i laksefôr», skreiv Aftenposten, og slo opp at Noreg har tidobla den såkalla grenseverdien for plantegifta endosulfan i laksefôr. Biletet som vart teikna i desse junidagane var at oppdrettslaks er farleg mat, og at han inneheld langt meir gift enn andre matvarer.

For all del: Det er mange grunnar til å vere kritisk til oppdrettsnæringa. Men denne kampanjeliknande framstillinga av oppdrettslaksen som ei giftbombe samanlikna med annan mat verkar urimeleg om ein hevar blikket og kikar på verda utanfor merdane.

Villfisken verre

I det første lakseoppslaget til VG var barnelege Anne-Lise Bjørke Monsen hovudkjelda. Ho rådde barn, unge og gravide til å halde seg heilt unna oppdrettslaks, fordi laksen inneheld såkalla persistente organiske miljøgifter som han har fått i seg via fôret. «Det er usikkert hvor mye giftstoffer laksen inneholder», sa Monsen. Men det veit vi faktisk ganske mykje om, til dømes når det gjeld dioksin og PCB, som er av dei vanlegaste og farlegaste miljøgiftene. Det er desse stoffa som er årsaka til at Helsedirektoratet ikkje rår folk til å ete feit fisk oftare enn to gonger i veka.

Men dei mest omfattande studiane som finst av dette, tyder på at norsk oppdrettslaks i dag inneheld mindre av desse giftstoffa enn mange typar villfisk frå havet. Feit fisk som makrell, sild og kveite – og vill laks – inneheld generelt meir PCB og dioksin enn oppdrettslaksen, syner forskinga til Nasjonalt institutt for ernærings–?og sjømatforsking (NIFES). Silda har no omtrent dobbelt så mykje dioksin som oppdrettslaksen, og ekstra feite fiskeartar som blåkveite og ål har langt høgare giftinnhald. Å peike ut oppdrettslaksen som giftbombe er såleis misvisande. Det er i grunnen meir deprimerande enn som så: Desse miljøgiftene finst i havet, dei blir tekne opp av planktonet og følgjer med på lasset oppover i næringskjeda, og hamnar i fisken og på matbordet. Men neppe i så stor konsentrasjon at fisk ikkje er sunn mat, i alle fall ut frå dagens kunnskap. Og oppdrettslaksen er truleg den minst giftige feite fisken vi har, i alle fall når det gjeld PCB og dioksin.

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement