– Lagnadstime for Libanon

Ei korrupt leiing har ansvaret for at ammoniumnitrat vart lagra på usikkert vis på hamna i Beirut og utløyste ein katastrofe i eit kriseråka land, meiner Cecilie Hellestveit.

Ein mann evakuerer frå ein øydelagd heim i Beirut onsdag denne veka.
Ein mann evakuerer frå ein øydelagd heim i Beirut onsdag denne veka.

Tysdag vart hamnebyen Beirut, hovudstaden i Libanon, råka av kraftige eksplosjonar. 2750 tonn ammoniumnitrat gjekk i lufta. Onsdag kveld var talet på omkomne 135, 4000 er skadde og opptil 300.000 heimlause. Tre sjukehus vart øydelagde.

Landet var i djup krise alt før eksplosjonane. Ifølgje forskar, forfattar og midtaustenekspert Cecilie Hellestveit handlar det no om ei rekkje kriser, som alle er svært alvorlege. Mellom dei ei helsekrise.

– Enkelte sjukehus er øydelagde, andre er fulle av covid-19-pasientar. På grunn av den økonomiske krisa Libanon er i, har private sjukehus gått konkurs. Helsetilbodet i Libanon var dårleg alt før covid-19. Det største medisindepotet vart øydelagt fordi det låg i hamna. Når det gjeld helse, er situasjonen heilt prekær, fordi helsevesenet var i kneståande frå før. Talet på skadde er høgt.

– Kva for andre kriser er landet råka av?

– Hovudhamna i Libanon tek inn ekstremt mykje av kveiteimporten, heile 90 prosent. Tre års kveitelager forsvann i eksplosjonen, og hamna er no øydelagd. Ein kan spørje om dei kan ta inn kveite via naboland. Men i sør er det ei stengd grense til eit land som Libanon ikkje har diplomatisk samband med og formelt er i krig med, Israel. Om ein opna grensa for mat, ville det vere ein revolusjon i det politiske forholdet. Den andre grensa er til Syria, som okkuperte Libanon i mange år før dei trekte seg ut i 2005. Syria er sjølv i kneståande når det gjeld økonomi. Men libanesarane fryktar at Syria skal bli meir dominerande i Libanon att. Med hamna i grus er Libanon meir avhengig av naboane sine no, med ei krise i matsituasjonen.

– Kva kan du seie om den økonomiske krisa?

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement