JavaScript is disabled in your web browser or browser is too old to support JavaScript. Today almost all web pages contain JavaScript, a scripting programming language that runs on visitor's web browser. It makes web pages functional for specific purposes and if disabled for some reason, the content or the functionality of the web page can be limited or unavailable.

Takk for at du vil dele artikkelen

Den du deler artikkelen med, kan lese og eventuelt lytte til heile artikkelen.
Det gjer vi for at fleire skal oppdage DAG OG TID.

Namnet ditt vert synleg for alle du deler artikkelen med.

Samfunn

Lagnadstid i Iran

Demonstrasjonane i Iran samlar eit breitt lag av befolkninga og har nådd dei fleste regionane i landet. – No byrjar ein ny epoke, seier den iransk-svenske forskaren Mehrdad Darvishpour.

Kvar veke les vi inn utvalde artiklar, som abonnentane våre kan lytte til.
Lytt til artikkelen
To veker etter at demonstrasjonane i Iran braut ut, er fleire hundre personar pågripne. Minst førti har ifølgje offisielle tal mista livet i samanstøytar.

Foto: Wana news agency / Reuters / NTB

12782
20220930
12782
20220930

Iran

eva@dagogtid.no

Det var «liten grunn til optimisme» og «ikkje mykje håp om at ting vil endre seg til det betre», melde utanlandske medium då Ebrahim Raisi vart vald til ny president i Iran i juni i fjor.

Raisi, som kom frå posisjonen som leiar for rettsvesenet, er kjend for å vere konservativ i sosiale spørsmål og rekna som nær alliert av ayatolla Ali Khamenei, den øvste leiaren i Iran. Han overtok etter den meir moderate presidenten, Hassan Rouhani, ved eit val som samla all makta i landet på konservative hender.

Den tidlegare dommaren er òg skulda for å ha vore med i den såkalla «dødskommisjonen» som gav ordre om utanomrettslege avrettingar av fleire tusen politiske fangar i 1988. Sidan 2019 har han stått på USAs sanksjonsliste, mellom anna på grunn av det.

Sidan Raisi vart vald til president, har talet på personar som har vorte avretta i Iran, stige, og det generelle presset mot kritikarar av regimet har auka, ifølgje menneskerettsorganisasjonar. Iranske styresmakter har også innført nasjonal dag for «hijab og sedeleg livsførsel», gjeve ordre om og midlar til at hijabpåbodet iranske kvinner har levd med sidan 1979, skal handhevast strengare, og planlegg endåtil å bruke andletsgjenkjenningsteknologi på offentleg transport for å identifisere kvinner som ikkje følgjer dei strenge klesreglane.

Men no er situasjonen med eitt snudd, og det er leiarane i Iran som sjølve er under press. Dei store demonstrasjonane som har spreidd seg i Iran sidan kurdiske Masha Amini døydde i varetekt i Teheran 16. september, vert omtalte som den mest alvorlege utfordringa iranske styresmakter har stått overfor på fleire år.

22 år gamle Amini hadde vorte gripen av moralpolitiet fordi dei meinte ho hadde på seg hijaben feil. Styresmaktene hevdar ho døydde som følgje av hjarteproblem, men augevitne seier ho vart banka opp av moralpolitiet og så hamna i koma. Ifølgje familien hennar hadde ho heller ikkje hjarteproblem.

Protestar landet rundt

To veker etter at demonstrasjonane tok til, er fleire hundre personar pågripne, og minst førti har ifølgje offisielle tal mista livet i samanstøytar. Andre kjelder seier talet døde er langt høgare. Iranske styresmakter har gjort det klart at demonstrantane kjem til å få «hard behandling» – noko dei som har demonstrert i Iran ved tidlegare høve, òg har fått.

Demonstrasjonane no skil seg likevel frå tidlegare demonstrasjonar på fleire vis.

Den såkalla grøne rørsla, med protestar etter valet i Iran i 2009, spreidde seg òg til store delar av landet før dei vart slegne ned, men dei var i hovudsak eit fenomen i storbyar. Protestane i 2017 og 2018 mot korrupsjon og store økonomiske problem, så vel som demonstrasjonane som braut ut etter at styresmaktene i 2019 uventa auka bensinprisane med 50 prosent og innførte rasjonering på bensin, gjekk fyrst og fremst føre seg i fattigare område rundt om i landet.

Ifølgje Kjetil Selvik, som er forskar ved Norsk utanrikspolitisk institutt (Nupi), er det mykje som tyder på at demonstrasjonane denne gongen har nådd fleire byar og stader. Ifølgje BBC vert det no protestert i nesten alle dei 31 provinsane i landet.

­– I tillegg verkar det som at det no er eit breiare lag av befolkninga som deltek, seier Selvik.

Sak som samlar

Klesreglane i Iran inneber at kvinner må dekkje håret og bruke lange, lause klede som skjuler figuren. Bukser og skjørt skal gå ned til anklane.

Videoopptak frå demonstrasjonane syner kvinnelege universitetsstudentar som tek av seg hijaben i protest, hijabar som vert sette fyr på, og kvinner som klipper av seg håret. Men dei syner òg at det ikkje berre er kvinner som demonstrerer.

Iransk-svenske Mehrdad Darvishpour seier demonstrasjonane samlar folk på tvers av kjønn og alder og på tvers av etniske, religiøse, økonomiske og geografiske skilje.

– Dette gjer rørsla både unik og sterk. Eg vil ikkje kalle det ein revolusjon, men det er snakk om ei superrørsle og at fleire protestrørsler har samla seg om felles sak, seier Darvishpour, som er sosiolog og forskar ved Mälardalens högskola i Eskilstuna i Sverige.

Sjølv om det var dødsfallet til 22 år gamle Masha Amini som utløyste demonstrasjonane, handlar dei no om langt meir enn å få rettferd for henne og å endre hijabreglane.

– Det er regimet demonstrantane vil verte av med. Dei vil verte kvitt heile det islamske styret, seier Darvishpour.

Sterk misnøye

Dei internasjonale sanksjonane mot Iran har råka landet hardt, fyrst frå midten av 2000-åra og fram til landet underteikna atomavtalen med Russland, Kina, Storbritannia, Frankrike, USA, Tyskland og EU, og så igjen frå 2018, då Donald Trump trekte USA ut av avtalen og gjeninnførte strenge sanksjonar mot Iran.

Ifølgje Verdsbanken vart den iranske økonomien redusert med nesten 60 prosent frå 2017 til 2020, målt i bruttonasjonalprodukt per innbyggjar. Og alt i 2017 levde 33 prosent av iranarane under fattigdomsgrensa, ifølgje det iranske handelskammeret. Samstundes brukar styresmaktene mykje pengar på militære føremål i andre land i regionen.

Dei økonomiske problema for iranarar flest auka òg som følgje av koronapandemien, som råka landet hardt. Og sjølv om økonomien no er på veg oppover igjen, har berre ein tredjedel av jobbane som forsvann under pandemien, så langt kome tilbake, ifølgje Verdsbanken.

Selvik seier levekåra for iranarar flest har vorte gradvis verre, også det siste året.

– Raisi gjekk til val på å fikse økonomien, det var det han fyrst og fremst skulle gjere, men han har ikkje levert. Inflasjonen er framleis svært høg, matvareprisane er høge, bensinprisane er høge. Mange har ikkje lenger råd til å kjøpe basisvarer, det kjem ikkje berre av sanksjonane, men har òg med korrupsjon og dårleg styre å gjere. I tillegg til at staten ikkje klarer å levere overfor innbyggjarane, er det altså snakk om ein stat som aktivt plagar innbyggjarane, seier han.

Han meiner krafta i demonstrasjonane no må sjåast i lys av det som skjedde med protestane frå den grøne rørsla i 2009.

– Det vi såg den gongen, var ei kulminering av forsøka på å reformere systemet innanfrå, som hadde gått føre seg sidan byrjinga av 1990-åra. Den grøne rørsla mobiliserte store mengder iranarar og fekk mykje merksemd internasjonalt. Når ho likevel vart slått ned utan å føre til endringar, diskrediterte det heile tanken om reform blant mange iranarar. Protestane vi har sett sidan, både i 2017 og 2018, i 2019 og i dag, er ein ny type. Dei er spontane, leiarlause og meir radikale og valdelege, seier Selvik.

­– Har mista håpet

– Til skilnad frå tidlegare protestar mot regjeringa i Den islamske republikken Iran dei siste førti åra er demonstrantane denne gong verken redde for eller skremde av tryggingsstyrkane, som har skote mot dei, arrestert dei og drepe fleire. Dei har mista håpet om at regimet kan endre seg. Dei ønskjer grunnleggjande endringar, og vage lovnader om at styresmaktene skal sjå nærare på vanskane dei opplever, vinn ikkje lenger gehør hjå demonstrantane.

Det seier Haleh Esfandiari, som er tidlegare direktør for Midtausten-programmet ved Woodrow Wilson International Center for Scholars i Washington DC. Esfandiari flytta sjølv frå Iran under revolusjonen i 1979 og vart etter eit besøk hjå slektningar i 2006 halden attende i landet i åtte månader – inkludert nokre månader i fengsel i Teheran – og skulda for å samarbeide med amerikanske styresmakter for å styrte det iranske regimet.

Ho meiner demonstrasjonane no utgjer ein alvorleg risiko for iranske styresmakter.

– Det er grunnen til at styresmaktene har sett inn revolusjonsgarden, opprørspolitiet og dei paramilitære Basij-einingane i gatene i både store og små byar. Det er difor dei har nytta tåregass, vasskanonar, skarp ammunisjon og arrestasjonar og drepe demonstrantar. Dei føler at dei treng å skremme demonstrantane, slik at protestane ikkje veks, spreier seg og vert meir organiserte. Til å byrje med håpa nok president Raisi at han kunne dempe det offentlege sinnet ved å ringje familien til Masha Amini og love at årsaka til dødsfallet skulle etterforskast. Men det gjorde det ikkje, og i staden for å syne moderasjon, har styresmaktene slått hardare ned på demonstrasjonane, seier ho til Dag og Tid.

Utan alternativ

Kva som kjem til å skje framover, er det vanskeleg å spå særleg bastant om. Midtausten-forskar og professor emeritus Nils Butenschøn ved Norsk senter for menneskerettar ved Universitetet i Oslo seier den spontane og samstundes breie mobiliseringa er vanskeleg å overskode følgjene av.

– Det som har skjedd så langt, kan jo minne litt om måten den arabiske våren starta på, som ein spontan oppstand etter eit dødsfall regimet vart skulda for. Førebels synest eg ikkje utviklinga i Iran peikar i retning regimeskifte, til det er maktmidla til regimet for godt organiserte. Men maktbalansen kan fort endre seg, seier han.

Så langt ser demonstrasjonane ut til å vere utan leiarskap. Dei går imot regimet, men utan å ha noko tydeleg alternativ. Darvishpour seier det kan bety at protestbølgja, som vert kalla «feministisk revelasjon», før eller seinare brenn ut. Han ser ikkje vekk frå at det er det iranske styresmakter legg opp til. Trass i harde samanstøytar er demonstrasjonane så langt ikkje møtte med same brutalitet som tidlegare demonstrasjonar i Iran, seier han.

– Kan hende styresmaktene ser at det kan koste for mykje å gå hardare til verks, og at dei fredelege protestane kanskje kan leie til væpna konflikt eller faktisk revolusjon. Samstundes kan denne strategien òg henge saman med at demonstrasjonane byrja då Raisi var på veg til FNs generalforsamling, og at han difor ikkje våga å slå dei ned. Dei nye atomvåpensamtalane som går føre seg, kan òg spele inn. Om dei hadde agert meir brutalt, ville det auke risikoen for at dei vestlege landa, som alt har synt solidaritet med demonstrantane, ville knyte vilkår om menneskerettar saman med ein ny avtale, og det ville vere eit mareritt for iranske styresmakter, seier han.

Ein mogleg eskalerande faktor både Darvishpour og Selvik peikar på, er helsetilstanden til Irans øvste leiar, Ali Khamenei.

Tidlegare denne månaden melde britiske Express at 83 år gamle Khamenei er alvorleg sjuk. Det gjer òg demonstrasjonane meir risikable for regimet, seier Selvik.

– Alle veit at det vil vere ein svært vanskeleg og sensitiv periode for det iranske regime når han går bort. Det er ikkje kjent kven han har utpeika som etterfølgjar enno, men om han har utpeika nokon, har han oversett andre, så her kan det verte maktvakuum og maktkamp. Skjer det samstundes som det går føre seg omfattande protestar, vert situasjonen endå meir risikabel for regimet, seier han.

I utgangspunktet har demonstrantane likevel oddsa mot seg, slik Selvik ser det.

– Dei protesterer mot eit svært robust undertrykkingsapparat som har mykje å gå på om det kjenner seg trua. Samstundes veit vi ikkje kva effekt protestane har hatt på regimet internt, og i kva grad det er misnøye og usemjer som ulmar der òg. Nokre gonger lukkast jo rørsler som dette i å setje i gang endringar, men det vil overraske om det skjer no, seier han.

Trur på tvil

Det største reformvenlege partiet i Iran har etter det som skjedde med Masha Amini, gått inn for å fjerne hijabpåbodet og uttalt at Iran bør avslutte aktivitetane til moralpolitiet. Ein av dei høgtståande religiøse leiarane i Iran, sjialeiaren i den heilage byen Qom, har òg kritisert moralpolitiet.

Butenschøn seier at ein palassrevolusjon der meir liberale krefter innanfor dagens regime overtek leiinga og kjem demonstrantane delvis i møte, ikkje heilt kan utelukkast, men han meiner likevel det er eit lite sannsynleg scenario med tanke på erfaringane med president Raisi.

Darvishpour syner på si side til at Khamenei sjølv ikkje har nemnt demonstrasjonane med eitt ord, sjølv om han heldt ein tale for nokre dagar sidan. Han tek det som ein indikasjon på at det kan vere tvil internt om korleis demonstrasjonane bør møtast.

Ifølgje han er dei store demonstrasjonane no uansett eit framsteg for folket i Iran.

– Eg trur ikkje denne demonstrasjonsbølgja i seg sjølv kan leie over i revolusjon, men det eg er heilt sikker på, er at iranske styresmakter no ikkje kan vende tilbake til det som var. Dei kjem til å måtte bøye av noko. I kva grad og korleis, om moralpolitiet vert fjerna eller hijabpåbodet vert oppheva, veit eg ikkje, men demonstrasjonane har synt at folk ikkje kjem til å nøye seg med eit framhald av utviklinga dei siste 43 åra. Det byrjar ein ny epoke no, seier Darvishpour.

Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

– Demonstrantane denne gong (er) verken redde for eller skremde av tryggingsstyrkane.

Haleh Esfandiari, eksiliranar

Fleire artiklar

Anatolij Potij er ein eksperimenterande amatørgartnar. Takk vere han er det no mogleg for ukrainarar å dyrke bananar i eigen heim.

Foto: rubryka.com

KrigSamfunn

Bananane som overlevde

I krig og okkupasjon kan både folk og vekstar vise seg uventa motstandsdyktige.

Andrej Kurkov

Krasukha-4 er juvelen i den elektromagnetiske krigføringa til russarane.

Kjelde: Vitaly V. Kuzmin / Wikimedia Commons

TeknologiFeature
Per Thorvaldsen

Elektromagnetisk krigføring

Militære styrkar brukar radio, radarar og infraraude detektorar for å koordinera operasjonar og finna fienden.

Når den medisinske utviklingen gjør at vi kan redde barn stadig tidligere, er utvidelse av abortloven helt feil vei å gå, skriver KrF-leder Olaug Bollestad.

Foto: Jan-Petter Dahl, TV 2 / TV 2 / NTB

Ordskifte
Olaug Bollestad

Blottet for etiske refleksjoner

Fjerner Arbeiderpartiet nemndene, fjerner de rettsvernet for det ufødte livet frem til svangerskapet er nesten halvgått.

Teikning: May Linn Clement

KunngjeringarKultur
Frank Tønnesen

Votten

Like ved der huset til Olav og Margit så vidt kan skimtast bak ein haug, heng ein blaut vott i toppen av ei brøytestikke. Ein liten gut står på tå og prøver å rekke opp.

Villreinbestanden i Noreg i dag er på rundt 25.000 dyr vinterstid. Sidan 2021 har villreinen vore klassifisert som nær truga på den norske raudlista.

Foto: Paul Kleiven / NTB

Kommentar

Villrein i eit villnis

Stortingsmeldinga om villrein er ikkje til å verte særleg klok av.

Eva Aalberg Undheim

les DAG OG TID.
Vil du òg prøve?

Her kan du prøve vekeavisa DAG OG TID gratis i tre veker.
Prøveperioden stoppar av seg sjølv.

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis