Utanriks

Låg bemanning slit på soldatane

Dagens tynne bemanning i Forsvaret gjer det vanskeleg å auke aktiviteten og halde på tilsette.

Publisert

Regjeringa har varsla auka aktivitet i Forsvaret som følgje av krigen i Ukraina. Fartøya i Marinen og Kystvakta skal segle meir, og soldatane i landforsvaret skal øve meir.

Per Ivar Haugen, som er hovudtillitsvald for Sjøforsvaret i Befalets Fellesorganisasjon (BFO), meiner bemanningssituasjonen er kritisk.

– Er det rom for å segle meir, slik du ser det?

– I Kystvakta har dei to besetningar til alle fartøya, så der er det lettare auke talet på segldøgn. I Marinen er det større utfordringar, fordi det ikkje er to besetningar. Alt personellet er allereie mykje på jobb.

To besetningar på skipa i Marinen vil kunne løyse mykje, meiner Haugen.

– Det gjer det mykje lettare å auke aktiviteten. Og om ein får det, ser eg ikkje bort frå at fleire av dei som jobbar i Marinen i dag, og som ser etter ein meir føreseieleg jobb utanfor Forsvaret, vil verte verande.

Allereie abonnent?
Prøv Dag og Tid digitalt
49 kr fyrste månad
Deretter 199 kr/månad. Ingen binding.
Lydavis
Nettartiklar
Digital utgåve
Arkiv
Spel