Ein lærer noko nytt kvar dag, vert det sagt. Noko skulle ein helst lært før, medan annan lærdom kan ein leva like godt utan.
Ein ven, Tormod, sat i sofaen her i stova då me spelte Harry Nilsson-plata Nilsson Schmilsson frå 1971 på spelaren. Som alltid når me spelar denne plata, har høyrt ferdig side A og nett snudd henne til side B, byrja tangentane å slå dei umiskjennelege tonane før Harry tek til å syngja: No, I can’t forget this evening/ Or your face as you were leaving/ But I guess that’s just the way the story goes.
Tormod sit stilt og lyttar, og snart kjem refrenget:
I can’t live, if living is without you/ I can’t live, I can’t give any more.
Så klaskar han seg oppgitt på låret, skyt begge handflate ut i ein «Ke feen?»-posisjon (Tormod er frå Jæren, der seier dei ke feen) og ser på meg med eit blikk eg tolkar som: «Og dette har du visst heile tida, utan å seia eit ord?! Er eg den einaste som ikkje veit dette?»
– Så det er ikkje Mariah Carey sin song?!
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.