Kyrkjelege tjuvar i politisk mørkeAlle skal vera like. Då er det krevjande å løyna at den tilslørte statskyrkja blir favorisert.

Alle skal vera like. Då er det krevjande å løyna at den tilslørte statskyrkja blir favorisert.

Jon Engen-Helgheim (Frp) ser på den norske kyrkja som «en interesseorganisasjon for sosialistisk politikk».
Jon Engen-Helgheim (Frp) ser på den norske kyrkja som «en interesseorganisasjon for sosialistisk politikk».
Publisert

Den nyoverhalte Grunnlova finst også på nynorsk og er derfor rimeleg forståeleg. I paragraf 16 heiter det: «Den norske kyrkja, ei evangelisk-luthersk kyrkje, står ved lag som den norske folkekyrkja og blir stødd som det av staten. Alle trus- og livssynssamfunn skal bli stødde på lik line.» Altså: Den norske kyrkja har ei særstilling, sjølv om ho i prinsippet er eit trudomssamfunn mellom andre trudomssamfunn av ulik bonitet.

ETTER AT VENSTRE fekk ei hand på pennen, kalla Knut Arild Hareide regjeringsplattforma det mest sekulære han hadde sett i den sjangeren. Men ikkje verre enn at det står skrive i Jeløya-erklæringa, kapittel 11, side 55–56: «Den norske Kirke har en historisk og størrelsesmessig særstilling, som anerkjennes uten at prinsippet om likebehandling skal rokkes ved.»

Regjeringa legg til grunn at «den enkeltes livssyn er et personlig anliggende, og at staten verken skal diskriminere eller favorisere livssyn». Derfor vil regjeringa fullføra skiljet mellom stat og kyrkje og ha «en bred gjennomgang av offentlig tros- og livssynspolitikk og vurdere nye finansieringsmodeller for tros-og livssynssamfunn».

DETTE ER DEI orwellske og underliggande premissane for det sekulære og post-statskyrkjelege Noreg. I denne bingen manøvrerer Kamerat Napoleon som Trine Skei Grande – heilskapeleg og aktiv kulturminister for bokmessa i Frankfurt, den fristilte statskyrkja, jødar og grekarar, pinsevenner, humanistar, muslimar og ymist anna. Moralen er at alle trus- og livssynsamfunn er like, men at Den norske kyrkja er likare enn dei andre. Utfordringa er å tilsløra at majoritetskyrkja blir prioritert ut frå tradisjon, dekningsplikt og utsårsa forvaltningsoppgåver. Det må finnast ein veg rundt det budsjettmessige faktum at dei andre livssyns- og trudomssamfunna tener på at Den norske kyrkja taper medlemmer.

I DETTE LANDSKAPET er det mange politiske tjuvar ute og luskar om natta. Framstegspartiet (utanfor regjering) vil avskaffa tilskotsordinga for trussamfunn – også for Den norske kyrkja. Det vil gjera det totale skattetrykket lågare og «sette folk i stand til å betale selv der de ønsker å være medlem». Utopien er at etter statsstøtta, skal Den norske kyrkja og dei andre trudomssamfunna leva av skattefrådrag.

Dette punktet er heller tynt i Fremskrittspartiets program. Dei bruker meir plass på å vera mot kyrkjeasyl. Kyrkjene flyttar dei frå religion til kultur og forvaltning: «Opprette en egen tilskuddsordning for å ivareta og vedlikeholde kirkebygg som har kulturhistorisk verdi.» Men prinsipielt hyllar partiet den kristne kulturarven og den dominerande plassen kristendommen har i KRLE-faget – med føremålsparagraf og skulegudstenester.

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement