Kyrkja og strutsane

«De skal få sjå korrupsjonsmuseet og den private dyrehagen til Viktor Janukovitsj!» lovar omvisarane gjennom høgtalaren.

President Petro Porosjenko og patriark Bartolomeo I av Konstantinopel samarbeider om å gjeva sjølvstende til den ortodokse kyrkja i Ukraina.
President Petro Porosjenko og patriark Bartolomeo I av Konstantinopel samarbeider om å gjeva sjølvstende til den ortodokse kyrkja i Ukraina.
Publisert

Når ein kjem til Sjølv­stendeplassen i Kiev – Majdan – er det fyrste ein høyrer ei mannsrøyst som skjer gjennom all støyen frå bilane som køyrer framom. Ein høgtalar gjer røysta sterkare. Folk i Kiev og folk som gjestar hovudstaden, vert bedne med på utferd til Mjezjigorje. Røysta ber godt heilt fram til oss, frå hyrna av Sjølvstendeplassen og Instituttgata. No har nokon gjort denne staden til eit minnesmerke for dei som lét livet under Euromajadan. Der, på dette hyrnet, står det alltid to–tre minibussar for dei som ynskjer å reisa for å sjå residensen til den tidlegare presidenten i Ukraina, Viktor Janukovitsj, han som stakk av til Moskva i februar 2014.

Det er sjølvsagt andre òg som må tena på det revolusjonen førte med seg, ikkje berre dei som kom til makta som eit resultat av revolusjonen.

Men sant å seia trur eg ikkje nett det går så det susar hjå desse ekskursjonsbyråa som har monopolisert turistmarknaden til Janukovitsj-residensen. Det er nok rettare å seia at det går heller dårleg. Alle dei som kunne ha noko ynske om det, har allereie vore i denne trevillaen i tre høgder, dei har allereie rusla rundt i den store parken. Området var tidlegare eigedomen til ein verna naturpark. Personen sjølv, den tidlegare presidenten, er det ikkje nokon som interesserer seg for lenger. Det er som om han heilt skulle ha fordampa, han er aldeles borte frå ukrainsk historie. Dampa bort, ut i lufta, jamvel om det går ei straffesak mot han i Ukraina. Janukovitsj er skulda for å ha svike staten, og han er beden om å seia «sitt siste ord» i denne saka.

Janukovitsj skulle jamvel få høve til å seia «sitt siste ord» på Skype frå Moskva, men den dagen domen skulle falla, hamna han brått på sjukehus. Han hadde fått ein idrottsskade då han spelte badminton.

Strutsane

Eg har aldri vore på den vidgjetne herregarden hans. Det vert sagt at jamvel toaletta der er laga av gull, eller i alle høve er dei slegne med gull. Eg fylgjer heller ikkje med på rettsprosessen der Janukovitsj er skulda for svik mot staten. Like lite fylgjer eg med på kva idrottsskadar han måtte koma ut for. For meg er han berre heilt uinteressant. Det same kan eg seia på vegner av dei fleste andre her i landet. Men på den ande sida likar eg dyr, som dei fleste andre her i landet. No og då interesserer det meg kva lagnad dyrehagen til presidentrømlingen har fått. For då Janukovitsj stakk av, var det ikkje berre førti millionar eigne landsmenn han forlét. I tillegg kom nokre titals eksotiske dyr. Han pakka saman utan eingong å mata dyra til farvel. For han òg var svært glad i dyr. Særleg strutsar. Men han tok seg ikkje tid til å fôra dei då han rømde, fordi han var så redd for sitt eige skinn.

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement