Kynisk spel av Erdogan
Medan Tyrkias leiar Recep Tayyip Erdogan trappar opp konflikten i det austlege Middelhavet, gjev Nato forsiktig støtte til Tyrkia. EU har lite å stilla opp med.
Folk frå FNs høgkomissær for flyktningar deler ut mat til flyktningar på grensa mellom Tyrkia og Hellas.
Foto: Umit Bektas / Reuters / NTB scanpix
I oktober i fjor invaderte den tyrkiske hæren det borgarkrigsherja nabolandet Syria. Den offisielle grunngjevinga var at dei ville oppretta ei såkalla buffersone i Syria og dessutan ta knekken på dei kurdiske separatistane i Nord-Syria.
Trump-regjeringa i USA støtta indirekte invasjonen som Nato-landet Tyrkia stod bak. Andre Nato-land gav uttrykk for at dei var «uroa», men knapt nokon protesterte tydeleg.
Dei siste to vekene har me sett den logiske fylgja av invasjonen: Tyrkiske soldatar er komne i kamp med syriske regjeringsstyrkar. Mange er drepne på båe sider. Saman med syrarane opererer russiske avdelingar både på land og i lufta. Det har vore heilt på nippet, kan det sjå ut til, at tyrkarane er komne i kamp med russarane i Syria.
Ingen korkje på russisk eller tyrkisk side ynskjer ein militær konfrontasjon, men ein krig som den me no ser i Syria, er vanskeleg å kontrollera. Slik utviklinga har vore fram til no, kan ingen garantera at den tyrkiske hæren ikkje kjem i kamp med russiske einingar.
Rett nok møtest Putin og Erdogan denne veka i Moskva for å prøva å finna løysingar. Problemet er at dei båe to ynskjer å kontrollera den nordlege delen av Syria. Sjølv om dei skulle klara å koma til semje under møtet torsdag, er dei langsiktige måla deira på kollisjonskurs.
Nato-alliert
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.