Sideblikk

Kviser på koronastønadens rumpe

Bustadmarknaden er heilt vill. Pervertere utslag vitnar om eit velferdspolitisk samanbrot.

I hovudstaden slit mange med å få eigen bustad i boks.
I hovudstaden slit mange med å få eigen bustad i boks.
Publisert

Byråsjefen har ei vaksen dotter som er sjukepleiar. Ho er temmeleg sliten, for ho jobbar mykje under uvaksinerte vilkår. Ho er glad for at folk har koronaklappa for helsearbeidarar, men det har ikkje ført med seg høgare lønn. Derfor rykker ho stadig lenger bakover i bustadkøen.

Av sosiale og økonomiske grunnar har ho budd til leige, aleine og saman med andre, men i heimekontortida kjennest det akutt å få sitt eige. Derfor bruker ho den knappe fritida mellom vaktene på å studera bustadannonsar og gå på visningar. Med sosial isolering og stengde butikkar, kafear og andre møtestader er visningar blitt ei slags livsform, eit ope frirom, ein måte å koma seg ut på, for visningar er tydelegvis like samfunnskritisk som matbutikkar, apotek og vinmonopol.

BYRÅSJEFEN fer ikkje rundt på visningar. Han studerer salsprospekta og er bakspelar i bodrundar, for det er ikkje tale om at dottera har råd til ein stad å bu der ho høyrer til, utan at han skyt inn eigenkapital og stiller som medlåntakar og kausjonist.

Han liker ikkje stoda, og det irriterer han grovt at utleigebransjen saboterer dugnaden ved å la butikklokale og husvære stå tomme i staden for å setta ned leiga eller selja. Med lang røynsle i Forvaltninga meiner Byråsjefen at slike spekulantar er stygge kviser på samfunnets rumpe. Men det som gjer han eitrande forbanna, er at dei politisk ansvarlege forsvarer ei ordning der bustadhaiane tilpassar seg og taper akkurat så mykje at dei får koronastøtte og er i posisjon til å berika seg endå meir når pandemien er over, etter prinsippet: Me tar profitten når det går opp, og får offentleg støtte når det går ned.

BYRÅSJEFEN MIMRAR om då han og kona var nygifte og flytta inn i eit romsleg husvære med plass til både to og tre born. Det klarte dei med ei og ei halv inntekt og husbanklån, for det var den gong staten hadde ein utjamnande bustadpolitikk, og Obos og andre byggelag var ein open port for folk flest.

Det var aldri snakk om at foreldra måtte trø til. Mellom enkle og moderne møblar frå Ikea var det einaste sporet bakover i slektene eit monster av eit upraktisk skatoll. Byråsjefen bygde sin heim i det historiske vindauget i den sosialdemokratiske kapitalismen då ein kunne etablera seg sjølv utan å vera avhengig av den førre generasjonen. Og sidan har han flytta oppover i bustadhierarkiet.

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement