Kvinner arbeider ikkje meir etter barnehageforma

Barnehagereforma kostar 20 milliardar i året og har ført til 40.000 fleire tilsette i norske barnehagar. Men har ho gjort det norske samfunnet meir berekraftig? Svaret er eit rungande tja.

Publisert Sist oppdatert

I 2000 flytte underskrivne til Ålesund og byrja som lektor. Vi budde i eit billeg sjukehushusvære og hadde då eitt barn, ein gut på eitt år. Han var den største einskildutgifta på budsjettet. Eg fekk utbetalt 17.000 kroner i månaden, og barnehageplassen kosta 4400 i månaden. Slik var det før og ikkje no. Er det ei gruppe i Noreg som verkeleg har fått auka levestandarden i denne forbruksfesten Noreg har vore gjennom dei seinaste femten åra, så er det barnefamiliane.

I dag må ein faktisk ha tre born i barnehagealder skal ein i faste prisar koma opp på det nivået som eitt barn i privat barnehage kosta i år 2000. Storsamfunnet har overført enormt med pengar og ressursar til norske barnefamiliar. I 2000 nytta staten og kommunane 10 milliardar kroner på å subsidiera barnehagar, i 2012 var den same subsidien på nær 37 milliardar. Berre under dei raudgrøne auka kostnadene i faste prisar med 17 milliardar kroner.

Svaret på kvifor vi har fått den satsinga, er den såkalla barnehagereforma frå 2002, som skulle koma til å kosta 20 milliardar kroner i driftsutgifter i året og svært mange milliardar til i investeringskostnader. Det var SV som tok initiativ til reforma, så kom Frp etter og så Ap og Sp. Ei motviljug borgarleg regjering måtte våren 2003 leggja fram stortingsmeldinga «Barnehagetilbud til alle». Der vart det slege fast at alle familiar som ynskte det, skulle få barnehageplass frå 2005, og at ingen skulle måtta betala meir enn 1750 2005-kroner per månad. Ein pris som før berre hadde vore for åleine-mødrer og låginntektsfamiliar, vart no norma for alle.

40.000 årsverk

20 milliardar er elles ein del peng-ar. Om vi set desse peng-ane om til årsverk og seier at kvart årsverk representerer ein kostnad og verdi på 500.000 kroner, har barnehagane og barnefamiliar fått 40.000 årsverk til disposisjon. Foreldra har kunna taka ut dette gjennom kjøp av fleire varer og tenester, barnehagane i form av fleire tilsette. I 1999 var det 53.000 tilsette i norsk barnehagar; no er det 92.000, i reine årsverk er talet vel 72.000.

Om vi les avisinnlegg frå den tida då reforma vart lansert, finn vi fire hovudargument for reforma: 1) at det var urettvist at nokre fekk barnehageplass og andre ikkje; 2) at barnehagar var for dyrt, og at barnefamiliar burde få betre økonomi; 3) at det ville gje fleire kvinner i arbeidslivet; og 4) det var bra for born å gå i barnehage, det ville betra skuleresultata.

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement