Kvinneopprør i ei lukka verdEi kvinne på 22 år har utfordra kommandolinene i ein nasjonal bastion. Elitefotballen er ei verd i verda, der me framleis er i krig med Sverige. Som i eit historisk spel har militære metaforar og eit aggressivt nasjonsomgrep ove

Ei kvinne på 22 år har utfordra kommandolinene i ein nasjonal bastion.

Ada Hegerberg forlét fotballandslaget av ein uhøyrd grunn: Ho er misnøgd med leiinga i Norges Fotballforbund.
Ada Hegerberg forlét fotballandslaget av ein uhøyrd grunn: Ho er misnøgd med leiinga i Norges Fotballforbund.
Publisert

Elitefotballen er ei verd i verda, der me framleis er i krig med Sverige. Som i eit historisk spel har militære metaforar og eit aggressivt nasjonsomgrep overlevd, saman med ein leiarkultur me elles godtek berre når landets tryggleik er truga. Ja, eg elskar dette spelet. Men no har både herre- og damelandslaget kollapsa. Den einaste spanande kampen i norsk fotball nett no, går føre seg mellom leikeoffiserane i Norges Fotballforbund (NFF) og jenter som bles i spelereglane.

PERSONANGREP

Ada Hegerberg, 22 år, av UEFA og BBC kåra til Europas fremste fotballspelar, skreiv i førre veke at ho – etter eit for Noreg elendig EM – tok pause frå landslaget. Ikkje av di ho skulle spela proff i Kina, noko ei anna stjerne, Isabelle Herlovsen, som trekte seg før EM, gjer, men av ein heilt uhøyrd grunn: Hegerberg er misnøgd med NFF-leiinga. Ambisjonsnivået er for lågt, ressursane for små, ytringsrommet for trongt.

NFF sende den nye trenaren i krigen, jamvel om Hegerberg i pressemeldinga skreiv at «begrunnelsen for min beslutning i stor grad ligger utenfor Sjögrens treneransvar». Kvinnelandslaget har hatt heile fire trenarar dei to siste åra, peikt ut av ein toppfotballsjef som peikte seg ut i Hegerbergs kritikk: Nils Johan Semb. Semb hemna seg på Hegerbergs diplomatiske pressemelding med eit offentleg personangrep på 22-åringen. I fjernsynet vart ho hengt ut som «utydeleg», kritikken kom «overraskande», og under sjølve EM hadde ho vore «vanskeleg». Det var eit styggare syn enn 0–6-nederlaget mot Tyskland måndag.

IKKJE ÅLEINE

Eg hugsar hendingar frå tida eg var fotballspaltist og -biograf. Slik stjerna Hegerberg melde pause etter EM 2017, melde stjerna Erik Mykland pause etter VM 1998, båe etter om lag 60 landskampar, båe med ei kritisk haldning til NFF, i båe høve med Semb i leiinga.

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement