Kommentar

Kvifor støttar delar av folket framleis regjeringa samtidig som dei er proeuropeiske?

Stemmelokale i svartehavsbyen Batumi i Georgia.
Stemmelokale i svartehavsbyen Batumi i Georgia.
Publisert

Georgia er eit område som ikkje er så kjent for nordmenn, men alt i 1903 skreiv Knut Hamsun boka I Æventyrland, som handla om reisa hans til nettopp Georgia.

Det er mykje i dette eventyrlandet som står på spel no. Mange eg kjenner, inkludert meg sjølv, hadde store forventningar til valet.

På den eine sida stod regjeringspartiet Georgisk draum, som har sete med makta i tolv år, og som dei siste åra har blitt meir og meir autoritært.

I løpet av 2024 vedtok partiet to lover som kveler demokratiet i Georgia. Den mest omstridde var lova om «utanlandske agentar», som førte til store demonstrasjonar og samanstøytar med politi og spesialstyrkar i vår. Fleire vart arresterte og skadde under desse demonstrasjonane. Den andre lova, som vart vedteken rett før valet, er lova mot «LHBT-propaganda», ei lov som gjer livet til skeive i Georgia endå vanskelegare. Begge desse lovene vart også vedtekne i Russland for nokre år sidan, i same rekkjefølgje. Det er altså ikkje tvil om kven som tener som førebilete for den georgiske regjeringa.

På den andre sida stod fire opposisjonsparti samla bak presidenten Salome Zurabisjvili. Desse partia har varsla at dei vil annullere dei vedtekne lovene og starte demokratiske reformer, slik at Georgia kan innleie samtalar om å bli medlem i EU.

Sjølv ikkje Georgisk draum er offisielt imot EU, og dei seier at dei jobbar for at Georgia snart skal bli medlem av organisasjonen. Dette har samanheng med at 80 prosent av folket støttar georgisk EU-medlemskap.

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement