Kommentar

Kven skal ut?
Israel gjekk til krig mot Iran aleine den 13. juni. Men den franske presidenten meiner at Israel hadde retten på si side. Den tyske kanslaren prisar Israel for å «gjere dritjobben som måtte gjerast».

Kven står no på Israel si side? Og kvifor?

Iranske flagg vaiar i forgrunnen etter eit israelsk åtak på oljedepotet i Sharan, ikkje langt unna Teheran, den 15. juni.
Publisert Sist oppdatert

Den 12. juni kom rådet i Det internasjonale Atomenergibyrået (IAEA) i Wien med det første vedtaket mot Iran på 20 år. Resolusjonen var fremja av USA, Storbritannia, Frankrike og Tyskland, og vart vedteken med 19 stemmer av 35. Russland og Kina (og Burkina Faso) stemde imot, medan 13 ikkje tok stilling.

IAEA slo for første gong fast at Iran bryt pliktene sine, mellom anna ved modernisering av utstyr. Like før kom signal om at ein avtale mellom USA og Iran var nær, og at Russland kunne få rolla med å fjerne iransk opprikt uran og gjere det ueigna for militær bruk. Trump sa at ein avtale med Teheran var «ganske nær».

TO DAGAR før Israel gjekk til åtak på Iran, var det synleg oppbrot i den anglosaksiske leiren. Storbritannia, Canada, Australia og New Zealand (og Noreg) innførte sanksjoner mot dei to ytterleggåande settlarministrane Smotrich og Ben Gvir – dei som i si tid forlét regjeringa i protest fordi dei «ikkje fekk nok krig», men kom inn att i byte mot at den israelske regjeringa sette i verk operasjonen Gideons vogner for å reokkupere Gaza 18. mai. USA svara med å fordømme sine næraste allierte for sanksjonane.

Frankrike, Storbritannia og Canada har òg i fellesskap gjort det klart at alle kan komme til å anerkjenne Palestina. Den 10. juni fekk Frankrike lovnader frå dei palestinske sjølvstyremaktene om at dei vil bryte med Hamas, ein vesentleg føresetnad for at dei to vetomaktene i FNs tryggingsråd vil anerkjenne Palestina.

USAs næraste allierte hadde førebudd møte i FN 18. juni for å ta eit stort steg mot Palestina og tostatsløysinga. USAs ambassadør til Israel, den settlarnære Mike Huckabee, kvitterte med at «USA ikkje lenger trur på tostatsløysinga». Det var full fyr i leiren.

MEN NETANYAHU hadde andre planar. Med åtaket mot Iran natta etter IAEA-resolusjonen opna han døra til avgrunnen og tvinga dei store vestlege landa over på si side att. Møtet i FN om tostatsløysinga er utsett, og «alt anna sett på vent», bortsett frå militære operasjonar på Gaza, der sveltande og desperate palestinarar vert skotne dagleg i matkøar. Politikken til den nye okkupasjonsmakta med Smotrich og Ben Gvir i spissen synest å vere at «du får mat om vi meiner du fortener det».

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement