I 1890-åra byrja norske fangstfolk og oppdagarar å ta del i utforskinga av Antarktis. I januar 1895 gjekk ei gruppe på åtte mann frå kvalfangstskipet «Antarctic» i land på Kapp Adare, og vart kanskje dei første som sette føtene på kontinentet. Fire år seinare var det sju nordmenn blant dei ti deltakarane i den første overvintringa i Antarktis. (Men ekspedisjonen bar namnet The British Antarctic Expedition.) Og i 1911 nådde ekspedisjonen til Roald Amundsen Sørpolen.
I mellomkrigstida fekk den norske kvalfangsten i Sørishavet og det sørlege Atlanterhavet stort omfang. Og det var omsynet til kvalfangarane som dreiv Noreg til landnåmet i sør. Bouvetøya vart erklært som norsk biland 1929, i 1931 kom kravet på Peter I øy, og i 1939 annekterte Noreg Dronning Maud Land i all hast, fordi Tyskland var i ferd med å gjere det same. Dette vart grunngjeve med norske oppdagingsferder i denne delen av Antarktis i 1920- og 30-åra.
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.