Kva vil du ha for å bli glad?For ikkje så lenge sidan fortalde ein ven av meg ei lita historie om ein kollega av seg. Det skjedde i lunsjen på jobb, sa han, at fire av dei fem tilsette på den vesle arbeidsplassen hans sat rundt same bord og snakka om kjæra

Publisert

For ikkje så lenge sidan fortalde ein ven av meg ei lita historie om ein kollega av seg. Det skjedde i lunsjen på jobb, sa han, at fire av dei fem tilsette på den vesle arbeidsplassen hans sat rundt same bord og snakka om kjærastar og ektefelle. Då den eldste av dei fire, ein mann i slutten av femtiåra, fekk eit spørsmål om ektefellen sin, som han hadde vore gift med i snart 30 år, om ikkje han var veldig glad for at han hadde treft nett henne, 30 år er jo ikkje alle forunnt, trekte han berre på skuldrene, «tja, ho er vel like bra som kven som helst?». Som ikkje høyrest særleg romantisk ut, kan hende, men som likevel er det. For kjærleiken har betre livsvilkår om ein held seg unna tankar og styringsprinsipp som «berre deg» og «utan deg er eg ingenting».

– Og er det kanskje litt dit du vil med «Det kunne vært verre», den nye TV-serien din, spør eg Espen Eckbo over ein litt middels kaffi på ein litt middels, men heilt grei kaffistad.

– Eg veit ikkje, er det?

– Ja, er det ikkje?

Trøysta i tanken på at ting kunne vore verre, ligg jo i at ein overlever, at ein kjem seg vidare, klarar seg trass alt. Det er ikkje like lett å trøyste nokon som nett har opplevd og tenkt at no får me det ikkje betre.

– Ja, det kan hende. No får me det ikkje betre, er ikkje bra for nokon, seier Espen.

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement