Kva skjedde med Brasil? Korleis kunne ein svært lovande økonomi bli utsett for eit slikt tilbakeslag?

Korleis kunne ein svært lovande økonomi bli utsett for eit slikt tilbakeslag?

No, når valutakursen har roa seg, er inflasjonen i Brasil faktisk låg etter historiske mål, men skaden er gjort. Biletet er frå eit meklarhus i Sao Paulo.
No, når valutakursen har roa seg, er inflasjonen i Brasil faktisk låg etter historiske mål, men skaden er gjort. Biletet er frå eit meklarhus i Sao Paulo.
Publisert

Eg trur eg kan ta ein liten pause frå den amerikanske politiske krisa og heller seie noko om hendingar andre stader i verda. Så, som det står i overskrifta: Kva skjedde i Brasil?

Eg snakkar faktisk ikkje om det ferske valet, der brasilianske veljarar valde ein som ser ut til å vere ein reinhekla fascist. Eg er like forferda som kven som helst elles. Men eg har ikkje peiling på brasiliansk politikk. På den andre sida var bakteppet for dette valet den høgst uvanlege krisa i Brasil i 2015–16: Eit land som var i full framgang, som såg ut til å ha rista av seg den gamle mangelen på stabilitet, vart brått råka av ein frykteleg tilbakegang, og opplever no ei svært langsam tilfriskning. Og makroøkonomi er noko det er venta at eg veit noko om.

Så kva skjedde? Det har vore overraskande lite internasjonal diskusjon om den brasilianske opplevinga, trass i at ho var svært alvorleg og at Brasil er ein temmeleg stor økonomi. (Bruttonasjonalproduktet i høve til kjøpekraft er om lag ti gonger større enn Hellas.) Kan hende er vi alle for distraherte av den politiske krisa i Vesten, med Trump, brexit og så vidare. Eg har likevel freista setje saman ei historie om den brasilianske krisa, heilt på det reine med at eg kan ha gått glipp av nokre viktige sider.

Slik ser det ut for meg: Det verkar som at Brasil er råka av ei fullkomen blanding av uflaks og dårleg politikk, med tre hovudelement. For det første skjedde ei alvorleg forverring av den globale situasjonen, med fallande prisar på dei eksportvarene som framleis er avgjerande for den brasilianske økonomien. For det andre fall det innanlandske forbruket òg, kan hende på grunn av kraftig gjeldsvekst. For det tredje vart det ført ein politikk som i staden for å motverke tilbakegangen, forverra han, med offentleg innsparing og heving av renta sjølv om økonomien var på veg nedover.

Det første som kan seiast om Brasil-krisa, er kan hende kva ho ikkje var. Dei seinaste få tiåra har dei som følgjer med på internasjonal makroøkonomi, blitt meir eller mindre vande med «bråstoppkriser», der investorane brått vender ryggen til eit land dei har vore for glade i. Det var historia om Mexico-krisa i 1994–95, Asia-krisa i 1997–99, og – på mange måtar – krisa i Sør-Europa etter 2009. Det er det same vi truleg ser i Tyrkia og Argentina no.

Vi veit korleis denne historia utviklar seg: Dei landa det gjeld, ser at valutaen deira søkk i verdi (eller, når det gjeld eurolanda, at renta går i vêret). Til vanleg vil billegare valuta stimulere økonomien ved at det landet produserer, vert billegare på verdsmarknaden. Men «bråstoppland» har stor gjeld i utanlandsk valuta, så lågare heimleg valutakurs går ut over balansen i nasjonalrekneskapen, og vert årsak til eit alvorleg fall i innanlandsk forbruk. Politikarane har få gode utvegar. Å heve renta for å styrke valutaen, råkar etterspurnaden frå eit anna hald.

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement