– Kva skal vi forhandle med dei om? Gravferder?

TEL AVIV: Barak Herscowitz tilhøyrer høgresida i israelsk politikk og støttar Benjamin Netanyahu. Geir Olav Jørgensen møter Barak på ein kafé i Tel Aviv for å høyre meiningane hans om Israel.

Barak Herscowitz er politisk rådgjevar.
Barak Herscowitz er politisk rådgjevar.
Publisert

– Barak, kva meiner du eigenleg om situasjonen i Israel?

Sjå deg rundt. Livet er godt. Økonomien går så det susar. Teknologibransjen vår har stor suksess internasjonalt. Og israelarane hugsar Oslo-avtalen, med alle dei katastrofale følgjene som han fekk for landet. Vi hugsar Ehud Barak og alt han ville gje opp.

Då eg voks opp, i nittiåra, var vi sikre på at freden var like rundt hjørnet. Snart skulle den arabiske verda opne seg for Israel. Vi hadde tru på framtida. Ehud Barak, som var statsminister i dei dagar, tala om ein soloppgang. Shimon Peres såg for seg eit nytt Midtausten. Vi trudde verkeleg på fred.

Eg som voks opp i ein høgrefamilie som var ideologisk og politisk aktiv, blei òg riven med. Endeleg skulle vi slutte fred med palestinarane. Til slutt blei den store fredsavtalen lagd fram av Ehud Barak, ein avtale som strekte seg langt i retning palestinarane, mykje lenger enn tidlegare forsøk, og lenger enn nokon har gjort seinare. Mellom anna ville Barak gje bort mesteparten av Vestbreidda og delar av Jerusalem. I tillegg ville han gje svært mange palestinske flyktningar, eller det som palestinarane definerer som flyktningar, retten til å vende tilbake innanfor grensene frå 1967.

Israelarane såg på planen hans som svært radikal, men Barak fekk størsteparten av folket med seg, sjølv om prisen var høg. Endeleg skulle ein bryte gamle mønster og få til noko positivt.

Ifølgje Oslo-avtalen skulle ein ny og meir fast fredsavtale mellom israelarane og palestinarane bli utarbeidd i tidsrommet 1999 til 2000. Håpet var difor sterkt då dei to partane sette seg ned i USA. Vi trudde det kom til å ende godt, sidan avtalen var såpass sjenerøs frå vår side.

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement