Utanriks
Kva skal Grønland leve av?
NUUK, GRØNLAND: I debatten om eit sjølvstendig Grønland står eit spørsmål uløyst: Korleis erstatte dei danske tilskota, som utgjer over halvparten av statsbudsjettet?

Det er føremiddag, lett overskya og mykje aktivitet på kaia ved utkanten av den grønlandske hovudstaden Nuuk. Eller mykje og mykje. Ein stor del mindre joller ligg nedsnødde til kai – truleg private båtar til fiske og fritid – men ein del karar, eg ser ingen kvinner, er kledde for ein januardag på sjøen og går målretta mot båtane sine, med bøtter i hendene og bagar over skuldra.
Isflak ligg tett i tett på vassflata i kaiområdet, men ikkje tett nok til å hindre sjøfolk på veg ut. Ramnar flyg over båtar i alle storleikar. Opne kvite fritidsbåtar i plast, fiskeskøyter i sterke fargar, ein svær reketrålar merkt med «Royal Greenland». På den andre sida av kaia – enorme lastebåtar på vent og, enkelte dagar, dei grå monstera av nokre krigsskip, som skal hevde dansk suverenitet i Arktis.
Ein av dei travle karane er Nikolaj Josefsen. Han stoppar opp eit par minutt for å seie sitt om den politiske situasjonen. Bodskapen er lik den eg har høyrt frå fleire andre grønlendarar i Nuuk. Han liker ikkje den amerikanske presidenten Donald Trump, og det lèt seg ikkje gjere å kjøpe eit land. No skal han ut og fiske i lag med ein familiemedlem. Det er det han lever av.
Næring på kaia
Fiskekaia ligg om lag 20 minutt i gåavstand frå sentrum, i eit område med ein fascinerande miks av lokalbutikkar, hotell, vandreheimar og bustadblokker. Berre ved å sjå meg rundt og lese merkenamna på containerar, lasteskip, fiskebåtar og næringsbygg synest eg at eg får ei viss innsikt i den grønlandske økonomien.
«Royal Greenland» er alt nemnd. Eit hundre prosent statleg eigd fiskeriselskap som dominerer marknaden i lag med det private Polar Seafood. «Royal Arctic Line», les seg på eit knallraudt lasteskip. Også dette eit statseigd selskap med leveringsplikt til små og store stader langs aust- og vestkysten.
Eg kikkar inn i vindaugsrutene på eit knallblått produksjonsanlegg med isbjørnlogo og ser arbeidsfolk i aktivitet. Eit fiskemottak? Eg trur det.

Nuuk Oil står det på eit grått næringsbygg, men det er inga oljeutvinning på Grønland. Det er berre eit tankselskap som importerer og sel drivstoff.
Nytt Klondyke?
Eg streifar rundt på kaia med kamera og notatblokk. Turen min til Grønland har vore motivert av Trumps utspel om å ta kontroll over Grønland. Og Trump fiskar, for å halde meg til fiskeriverda, i alle fall retorisk, i rørt vatn.
I ei tid då grønlendarane tek oppgjer med historiske overgrep frå dansk side, og skritt mot meir sjølvstende, er bodskapen frå Trump at Danmark ikkje gjer nok for Grønland. Men korleis ville Grønland klare seg økonomisk om banda til Danmark vart brotne i dag?
Viljen til auka sjølvstende er sterk på Grønland, men vert balansert av innsikta i dei økonomiske realitetane. Dei danske overføringane utgjer over halvparten av det grønlandske statsbudsjettet.

Grønland er ei diger øy, med lita befolkning, krevjande infrastruktur, einsidig næringsliv og eit omfattande velferdssystem. Men det er òg ei øy som er i ferd med å verte berømt for rikdommen på råstoff. Råstoff som Kina i stor grad eksporterer i dag. Og dei råstoffa treng USA, slik Trump ser det.
Derfor har eg avtalt å treffe ein mann med kontor berre ti minutt frå kaia. Bent Olsvig Jensen, som ikkje berre leier eit mineralselskap, men også bransjeutvalet for råstoff i den grønlandske næringslivsorganisasjonen Grønlands Erhverv. Ja, faktisk driv selskapet hans, Lumina Sustainable Materials, den einaste mineralutvinninga på Grønland med alle løyve på plass.
Lumina hentar ut anortositt frå fjellet, 80 kilometer vest for bygda Kangerlussuaq, som berre husar omkring 500 personar, men har både vegar og flyplass som følgje av ein amerikansk militærbase, som vart lagd ned i 1980-åra.
Kanskje kan Jensen teikne eit bilete av kva framtid grønlendarane vil gå i møte om dei kuttar banda til den tidlegare kolonimakta. Kan råstoffa gjere Grønland til eit nytt klondyke?
Få og store bransjar
På veg opp bakken frå kaia mot Jensens kontor tenkjer eg at det er eit stort misforhold mellom merksemda råstoffa på Grønland får, og den gruveaktiviteten som faktisk går føre seg. Om Grønland kan verte eit nytt klondyke, må aktiviteten auke.
For dei som ønskjer seg eit sjølvstendig Grønland, må det vere lite oppløftande å lese «Grønland i tal» – ein årleg rapport frå det offisielle grønlandske statistikkbyrået. Her kan vi lese at 40 prosent av alle jobbar i Grønland er i offentleg sektor, og det grønlandske arbeidslivet er dominert av store offentleg eigde selskap innan fisk, detaljhandel, luftfart, skipstransport og telekommunikasjon. I tillegg er økonomien prega av få og store bransjar. Ein tredel av verdiskapinga kjem frå fiskerinæringa.
Enkeltpersonføretak er den mest utbreidde driftsforma – på grunn av dei mange kystfiskarane, som Nikolaj Josefsen.
Det er altså ikkje mineral, men fiskeri som er Grønlands skattekammer. Reker er viktigast, deretter kveite og torsk. Sektoren utgjer over 90 prosent av eksporten. Om dei internasjonale prisane på fisk er høge, går økonomien godt. Om ikkje, er det verre.
Men mildare klima, mindre snø og is kan kanskje gjere tilgangen til både kysten og minerala lettare på Grønland, og gje ein etterlengta vekst?
Ukjent terreng
Lumina held til i ei moderne, men anonym bustadblokk, der eg har fått ein time med Jensen, skvisa inn i kalenderen mellom digitale møte. Han snakkar i telefonen når eg kjem, og eg kan ikkje unngå å høyre om internasjonal presse, som har reservert helikopter for å sjå råstoffa på nært hald.
Fjella ser ein overalt, men gruvedrifta er vanskeleg tilgjengeleg. Den einaste aktive drifta, i tillegg til Lumina-prosjektet, er ei gullgruve med prøvedrift heilt på sørspissen av Grønland.
Kvifor er det så lite fart i næringa? Nokre dagar før snakka eg med tidlegare statsminister Kuupik Kleist, som kritiserte byråkratane for å motarbeide nye prosjekt.
Jensen har ei anna tilnærming. Han peiker på at næringa er var for internasjonale prissvingingar («Under finanskrisa forsvann investorane frå éin dag til den neste»), og at Grønland er ukjent terreng for investorar. I mineralnæringa treng ein risikovillig kapital, men dei færraste vil ta meir risiko enn dei må. Det ukjende er lik risiko.
– Ein investor sa ein gong til meg at ein må tenkje på pengar som vatn. Dei flyt dit motstanden er minst, seier Jensen.
– Investorar går gjerne inn der dei har erfaring med å få avkasting. Så når det kjem pengar inn i investeringsmiljøet, er nok ikkje Grønland den første staden dei satsar.
I Grønlands mineralstrategi for dei førre fire åra finn vi ein annan faktor: Den mangelfulle infrastrukturen på Grønland gjer det dyrt å byggje ut. Alt frå vegar og hamner til elektrisitet må på plass.
Eit selskap som ikkje fekk inntektene til å strekkje til, er norskeigde Greenland Ruby, som gjekk konkurs i fjor haust.

– Eg synest vi skal vere varsame med å snakke om eit råstoffeventyr.
Bent Olsvig Jensen, Grønlands Erhverv
Langsam prosess
– Korleis vurderer du potensialet i næringa?
– Eg trur det er eit stort potensial, fordi vi har 25 av 36 mineral på EUs og USAs liste over kritiske råstoff. Men vi har arbeidd i lang tid, og vi har også eit arbeid framfor oss. Eg synest vi skal vere varsame med å snakke om eit råstoffeventyr, seier han og held fram:
– Det er ikkje slik at vi ein dag vaknar og så er ti gruver opna. Vi vil få eitt prosjekt om gongen, så om nokre år har vi kanskje tre–fire gruver.
Jensen er klar over at Grønland treng å tene pengar på naturressursane, men trur likevel den langsame vegen er vegen næringa må gå.
– Eg trur det er viktig med ei organisk utvikling, slik at befolkninga kan følgje med. Går det for fort, trur eg ein del kan verte nervøse.
– I debatten om eit sjølvstendig Grønland kan eg få inntrykk av at inntekter frå råstoff skal kunne erstatte eit bortfall av pengestøtte frå Danmark. Kva trur du om det?
– Det er i alle fall nødvendig med fleire inntekter. For når ein seier sjølvstende, må ein inkludere økonomisk sjølvstende. Nett no har vi fiskeeksporten, litt turisme og tilskotet frå Danmark. Før vi kan byrje å snakke om ekstra inntekter, har vi nokre utfordringar vi må løyse, seier Jensen.
Han viser til at også Grønland står overfor ei eldrebølgje som vil skape eit gap mellom inntekter og utgifter.
– Då har vi ikkje eingong byrja å tenkje på å erstatte tilskotet frå Danmark, seier han.
– Så sjølv om eg står solidarisk med dei som ønskjer sjølvstende, vil eg mane til varsemd om ein ønskjer å bruke inntekter frå råstoffaktivitet som erstatning. Dette er ein langsam prosess, seier Jensen, som sjølv er dansk, men har budd på Grønland i snart 30 år.
Lite pengar frå USA
Investeringsvegringa står i sterk kontrast til Trumps aggressive tilnærming til å kontrollere råstoffa på Grønland.
– Korleis ville råstoffindustrien sjå ut om Trump faktisk kontrollerte han? Om vi kan tillate oss å sjå føre oss Grønland som ein amerikansk delstat eller ein stat med ein tilknytingsavtale?
– Det er vanskeleg å svare på. Eg arbeider i råstoffindustrien, men eg bur også på Grønland. Om Trump-regjeringa og dei grønlandske politikarane speler korta sine godt, burde det vere mogleg å risiko-eliminere råstoffbransjen på Grønland ytterlegare, så fleire prosjekt kan komme i gang. Det ville både USA, Grønland og Europa kunne vinne på.
– Korleis kan dei redusere risikoen i næringa?
– Det kan dei gjere ved å finansiere prosjekt med amerikanske og europeiske midlar, for å sikre at dei kjem i gang. Selskapa kan også gjere avtalar om å levere produkt til USA og EU, før dei startar produksjonen.
Både EU og USA har dei seinare åra opna konsulat på Grønland, og Jensen har regelmessig kontakt med kontora. Inntrykket er, seier Jensen, at dei ikkje ønskjer å utkonkurrere kvarandre, men spele på lag. Den grønlandske regjeringa har då også inngått samarbeidsavtalar med både USA og EU om råstoff, i høvesvis 2019 og 2024.
Per i dag er det likevel få amerikanske investeringar i grønlandsk råstoffnæring.
– Det skal vere eit par leiteprosjekt som er amerikansk finansierte, men 95 prosent av investeringane er frå Canada, Europa og Australia, seier Jensen.
– Kva med Kina?
– Eg er ikkje kjend med at det er kinesiske pengar direkte investerte i leiting eller drift i mineralnæringa på Grønland. Men om kinesarar vil investere, vil det jo skje ved at dei kjøper seg inn i selskap. Då er det selskapa som må ta stilling til om dei vil ha kinesiske pengar. Eg kjenner ingen lovar som skulle stå i vegen for det.
Og Kina har tidlegare vore involvert, i form av ein eigardel i det australske selskapet Greenland Minerals, som stod klart til å utvinne sjeldne jordartar på Sør-Grønland. Prosjektet vart stoppa av miljøomsyn, fordi det var uran i området og utvinninga ville frigjere radioaktive stoff.
Frå stein til smykke

Ute av døra finn eg fram Google-kartet. Ein tilsett på hotellet eg bur på, har rådd meg til å oppsøkje ein verkstad for lokalt handverk, og den skal vere berre eit kvartal unna. Eg har sett føre meg fargesterke perlearmband og -kjeder, som grønlendarane er så kjende for, men då eg kjem inn døra, ser eg at det er mest mineral det går i der òg.
I ein utstillingsmonter ser eg øyredobbar og smykke i alle moglege sjatteringar. Og Miki Østergaard, som ønskjer meg velkommen, ser ut til å ha uuttømmelege kunnskapar om minerala på Grønland. Sjølv har han ei isbjørnklo i ei kjede kring halsen, med ein liten rubin innfelt.
Østergard fortel at han er halvt grønlandsk, halvt dansk, og endeleg har følgt draumen om å komme tilbake til Grønland etter 46 år i Danmark.
– Hit kjem fiskarar og jegerar og sel bein, gevir og mineralstein. Nokre av steinane har eg fått av familie og venner, andre har eg sjølv henta inne ved fjorden, i eit hemmeleg skattkammer, seier han.
Han tek fram ei lommelykt og rettar lyset mot nokre av smykkesteinane, som straks får ein intens rosafarge.
– Rubin, seier han.

Han har også månestein, sodalitt og grønlanditt. Medan storkapitalen ventar, tek den enkelte grønlendaren hand om steinane. Ein kan tene pengar på det også – i mindre skala.
Eg listar meg inn i ein av verkstadhallane, og ein konsentrert mann med skjereutstyr i henda skvett til når han ser opp og eg står der som ein inntrengjar. Eg kjenner han seinare att på eit pressefotografi, der han overrekkjer eit utsmykka kvalrosskranium til det danske kongeparet.
I verkstadhallen ved sida av vert stein slipte til smykke.
– Trump har sett eit og anna i gang, seier Østergard før eg går derifrå.
Sjølv set han pris på riksfellesskapet, seier han, og vil ikkje gje slepp på den 300 år lange historia Grønland har til felles med Danmark. Men han ser fordelen ved merksemda Grønland får for tida.

– No vil det komme turistar og kjøpe suvenirar, smiler han.
Østergard har definitivt eit poeng når det gjeld turisme. Og viktigare enn Trump-effekten er kanskje investeringane i nye flyplassar. I Nuuk opna ein ny internasjonal flyplass i slutten av november. I løpet av dei to neste åra vil ytterlegare to flyplassar verte bygde ut, i Ilulissat og Qaqortoq. Til sommaren vil både turistar og andre besøkjande kunne ta direktefly tur-retur New York–Nuuk.
Turismen på Grønland er i vekst, og ein rapport frå turistnæringa viser at sektoren i 2023 utgjorde nærmare ein tredel av verdien av Grønlands eksport. Særleg har cruiseturismen auka kraftig.
Færre folk
Eit sjølvstendig Grønland vil trenge folk som kan skape verdiar. Kven er dei folka? I dag er det nærmare 57.000 innbyggjarar på Grønland, barn og eldre inkluderte. Om den demografiske utviklinga held fram som i dag, vil folketalet falle til under 50.000 i 2050, seier prognosane. Dessutan er utdanningsnivået lågt – 59 prosent mellom 24 og 64 har berre fullført grunnskulen – og dei økonomiske skilnadene store.
Lufthamnene vert bygde med arbeidskraft frå Sri Lanka og Polen. Marknadsanalysar frå den grønlandske næringslivsorganisasjonen Grønlands Erhverv fortel om mangel på arbeidskraft. Grønlandske aviser skriv om mangel på folk i barnehagar, fengsel og sjukeheimar. I Grønlands Banks årsrapport for 2023 kan vi lese at ei stor gruppe unge står utanfor arbeidsløysestatistikken og korkje er komne i arbeid eller i utdanning.
I sentrumsgatene i Nuuk, treffer eg ei ung kvinne, som Grønland har stor bruk for. Ho heiter Marjorie Ocampe Rivera, luftar to sjarmerande hundar og har for kort tid sidan komme frå Filippinane til Nuuk for å jobbe.

Det har vore uvant med kulda, seier ho, men inntektene på Grønland er fleire gonger så høge som på Filippinane, og ho trivst med jobben på Bubble Tea House, ein restaurant driven av familiemedlemmer. Planen er å verte verande i fem år før ho dreg attende til heimlandet med oppsparte midlar.
Filippinarar utgjer den største innvandrargruppa til Grønland, framfor folk frå Thailand og Polen. Skal økonomien på Grønland vekse, må dei halde fram med å komme.
Store overføringar
På den andre sida av fiskekaia ligg den eine lastebåten etter den andre. Då eg går ned dit for å sjå soloppgangen ein laurdag føremiddag, er det full aktivitet. Lastebilar, kranbilar og gaffeltruckar er i sving for å losse og laste varer av og på dei store skipa, som forsyner folk med varer i bygdene langs den grønlandske kysten. Dei aller fleste varene på Grønland er importerte.

Med unntak, sjølvsagt, for fisk. Ved sida av turismen og minerala er dette dei økonomiske beina Grønland har å stå på. Tilskota frå Danmark kjem altså godt med. Det faste årlege tilskotet, kalla blokktilskotet, ligg årleg på i overkant av fire milliardar. Men dei samla overføringane er langt høgare.
Då det utvida sjølvstyret på Grønland tok til i 2009, innebar det at grønlendarane tok styringa over dei fleste samfunnsområde, men ikkje alle. Det er ikkje berre utanrikspolitikk og forsvar som vert styrte frå København i dag, men nærmare 30 andre mindre og større område, til dømes justis. Også desse områda vert finansierte med danske pengar, som kjem i tillegg til blokktilskotet.
Eit eksempel på det er at det over 8000 kvadratmeter store høgsikringsfengselet ein kan sjå frå flyplassen i Nuuk (eller på Netflix-serien om dei hardaste fengsla i verda), kosta den danske staten nærmare 400 millionar danske kroner for nokre år tilbake.
Frå milliardar til null?
Men må sjølvstende frå Danmark bety null kroner frå Danmark?
Spørsmålet er ikkje rett fram, for Grønland og Danmark har ikkje forhandla om kva som vil skje med korkje blokktilskot eller valuta ved eit brot mellom landa. Avisa Politiken har, med vekslande hell, prøvd å få svar frå dei ulike partia på Folketinget.
Berre representantar for Dansk Folkeparti og Det Konservative Folkeparti svarer at grønlandsk sjølvstende tyder direkte kutt i blokktilskotet. Politikarar frå Moderaterne og Socialdemokratene gjev uttrykk for at deira politiske mål er å styrkje riksfellesskapet, og vil ikkje svare. I Liberal Alliance og SF er dei pragmatisk innstilte og ser føre seg ei overgangsordning der tilskota gradvis vert trappa ned.
Ifølgje Politiken finst det eit notat utarbeidd av det danske utanriksdepartementet som seier at det etter folkeretten ikkje vil vere eit krav at Danmark yter økonomisk støtte, heller ikkje via ein nedtrappingsmodell.
Inntil vidare ser vi ei regjering i København som frir til partnaren i riksfellesskapet. Måndag denne veka vart ei tiltakspakke verd 35 danske millionar lansert for å motarbeide rasisme og diskriminering av grønlendarar i Danmark. Omtrent samtidig vart ein avtale om å styrkje forsvaret i Arktis framforhandla, med ein prislapp på 15 milliardar danske kroner.