JavaScript is disabled in your web browser or browser is too old to support JavaScript. Today almost all web pages contain JavaScript, a scripting programming language that runs on visitor's web browser. It makes web pages functional for specific purposes and if disabled for some reason, the content or the functionality of the web page can be limited or unavailable.

Takk for at du vil dele artikkelen

Den du deler artikkelen med, kan lese og eventuelt lytte til heile artikkelen.
Det gjer vi for at fleire skal oppdage DAG OG TID.

Namnet ditt vert synleg for alle du deler artikkelen med.

Samfunn

Kva er naturen verd?

Måndag fekk verda ein historisk naturavtale. Kan økonomisk tenking berge naturen?

Kvar veke les vi inn utvalde artiklar, som abonnentane våre kan lytte til.
Lytt til artikkelen
I 2019 publiserte ei gruppe forskarar ein rapport om dei økonomiske verdiane knytte til økosystemtenester frå Oslofjorden og tilstøytande strandsoner.

Foto: Håkon Mosvold Larsen / NTB

10782
20221223

Bakgrunn

Næringslivet har vorte oppteke av naturmangfald og etablert ei rekkje koalisjonar som fremjar politikk- og verkemiddelforslag til CBD.

Mange av dei inkluderer ikkje berre næringslivsaktørar, men også statar, FN-aktørar og nokre store miljøorganisasjonar.

Særleg er dei opptekne av rapportering, rekneskapsføring, frivillige lovnader, innovativ finans, å måle verdien av naturen i pengar og ein «naturpositiv økonomi».

Naturvern

tone.smith@a1.net

Naturtoppmøtet 2022

Tone Smith er økonom og skribent. Ho skriv om naturmangfald i lys av FNs naturtoppmøte, som vart avsutta denne veka. Del 3

I Montreal kom alle landa i verda, minus USA, måndag til semje om å verne minst 30 prosent av land- og havarealet på jorda. Det er viktig for å nå det overordna målet i naturavtalen om å stogge og reversere tap av natur innan 2030. Men det er ikkje nok. Derfor inneheld naturavtalen òg mange punkt om berekraftig forvalting og bruk av dei resterande 70 prosentane.

Her er det på sin plass å minne om hovudårsaka til at artar døyr ut og dei fleste dyrebestandar er sterkt reduserte, nemleg den tilsynelatande endelause omdisponeringa av naturareal til bruk for menneske. I Noreg har vi forvaltingsreglar som tek vare på natur med spesielle verdiar, men det finst ikkje noko tilsvarande for «den ordinære naturen».

Dette fører til ei rekkje små naturinngrep i tilsynelatande ikkje-verdifull natur som samla utgjer eit stort problem. Det kan vere nedbygging i samband med tettstadvekst, motorvegar, hyttefelt, industri, energiproduksjon eller skogdrift. Alarmen knytt til denne bit for bit-nedbygginga har alt gått for fullt.

Naturrekneskap

Noregs klima- og miljøminister Espen Barth Eide har lenge peika på kor viktig naturrekneskap er, og regjeringa arbeider alt med å innføre ein slik rekneskap i Noreg. Målet er å få oversyn over kva slags natur vi har, og kva vi øydelegg, med arealnøytralitet som mål. Dag og Tid skreiv om slik nøytralitetstenking, eller «netto null»-tenking, i førre veke.

På naturtoppmøtet var temaet såpass kontroversielt at det ikkje kom med i avtala. Men at naturverdiane må integrerast i planlegging og avgjerdssystem, inkludert nasjonalrekneskapen, det vart med.

I Noreg har Statistisk sentralbyrå alt lagt grunnsteinane for integrering av miljøstatistikk og nasjonalrekneskap. No handlar det om å utvide systemet med natur og naturmangfald. I fjor godkjende statistikkommisjonen i FN naturrekneskap, det vil seie kartlegging av økosystem og naturgode, som ein standard.

Kartlegging

Systemet inneber at ein kartlegg økosystem ut frå både areal (storleik/lokalisering) og tilstand, i tillegg til å estimere kva «tenester» desse økosystema produserer. I dette rekneskapsoppsettet er naturen nemleg å rekne som ein tenesteleverandør som produserer økosystemtenester. Naturen blir behandla som ein økonomisk sektor som forsyner oss med tenester på linje med andre næringar.

– Vi har behov for å få eit betre oversyn over naturkapitalen vår, sa Espen Barth Eide på eit pressemøte i forkant av naturtoppmøtet. Til dette føremålet ønskjer ministeren òg at den økonomiske verdien av naturen blir estimert. Men ei slik verdsetjing er kontroversiell. Det vart dermed ikkje ein del av den statistiske standarden for naturrekneskap då det vart røysta over i FN. Medan fleire europeiske land røysta mot, mellom andre Sverige, Frankrike og Tyskland, var Noreg for.

Pris

I Noreg har diskusjonen om bit for bit-nedbygging også handla mykje om prising av natur. Skal vi ta vare på naturen, må vi setje ein pris på han i kroner, seier stadig fleire. Først då blir verdien av naturen tydeleg. Først då vil naturen få vekt i avgjerdsprosessar.

Argumentasjonen går omtrent slik: Om vi ikkje set ein pris i kroner på naturen, blir verdien i praksis null. Då endar det gjerne med at naturen taper. Dessutan er det på tide at dei som øydelegg natur, må betale for det.

Blant dei som går i spissen for slik prising, finn vi biologiprofessorane Dag O. Hessen og Vigdis Vandvik. Dei har i fleire samanhengar det siste året mana oss til å «tenkje nytt» og ta i bruk «alle verktøy i verktøykassa». Dette er berre av pragmatiske grunnar, seier dei, for reint prinsipielt er dei for å verne naturen for eigenverdien, ikkje av økonomiske omsyn. Kan denne pragmatismen gjere susen?

Naturavgift

Denne veka la skatteutvalet fram utgreiinga si. Som venta, og i tråd med tilrådingane frå dei grøne skattekommisjonane i 1996 og 2015, tilrådde skatteutvalet òg å innføre ei naturavgift. Espen Barth Eide har ei stund hinta om at det må bli dyrare å byggje ned natur, så truleg blir det omsider innført ei naturavgift i Noreg.

Forureinar må betale-prinsippet er alt godt innarbeidd i nasjonal og internasjonal miljøpolitikk. Vi kjenner det kanskje best frå miljøskattar som CO2-avgift eller flyseteavgift. Men prinsippet kan utvidast til også å gjelde for naturen, ved at den som øydelegg eller byggjer ned natur, må betale for seg.

Prinsippet spring ut av den dominerande tenkjemåten i samfunnsøkonomi, der såkalla effektiv fordeling av produksjonsressursane står sentralt. Økonomar flest er opptekne av at tilgjengelege ressursar blir fordelte optimalt for å få mest mogleg effektivitet.

I dette perspektivet blir miljøskade kalla ein «eksternalitet», noko som kan lempast over på samfunnet gratis. Eksternalitetar gjer at marknaden ikkje fungerer ideelt – det oppstår ein «marknadssvikt». Viss ein derimot kunne identifisert kostnaden som blir påført fellesskapen, og får sett ein pris på skaden, ville marknadssvikten kunne rettast opp. Då kan marknaden igjen fungere slik han skal, og ressursar blir fordelte effektivt.

Optimal utrydding

Men å basere miljøpolitikken på tiltak som set effektiv fordeling i sentrum, har nokre konsekvensar som fortener merksemd: Å betale for skade er nemleg ikkje det same som at naturverdiar blir tekne vare på. Faktisk kan det ha den motsette effekten – å legitimere naturøydelegging – fordi ein «gjer opp» for seg. Det betyr òg at såkalla økonomisk optimale løysingar likså godt kan bety øydelegging og utrydding av natur som vern av han.

Alt avheng av kor høg nytteverdien – og dermed skadeverdien – for dei relevante naturområda blir sett, i forhold til den økonomiske nytta oppnådd gjennom å påføre naturen skade.

Det går sjølvsagt an å introdusere ei naturavgift utan å setje ein pris på naturen, altså utan å følgje det teoretiske kravet om at avgifta skal reflektere skadekostnaden. Blir avgifta høg nok, vil ho truleg føre til at nokre prosjekt ikkje blir gjennomførte. Men dersom det er målet, kan det gi betre effekt med direkte regulering.

Verdi og verdsetjing

«Rett pris» på eit naturinngrep må ifølgje samfunnsøkonomane inkludere samfunnsnytta av det økosystemet som går tapt på grunn av inngrepet. Hessen og Vandvik har kravd at «den reelle verdien av naturen» må inn i utrekningane. Men det er ikkje enkelt å estimere ein pris for gode som ikkje blir handla i marknader. Verdien av naturen kan ikkje målast eintydig. Til det er han for kompleks. Estimata blir vilkårlege og klarer berre å fange opp delar av verdien til naturen.

I tillegg er prisar relative mål, og det gir inga meining å rekne ut prisar for alle gode. I desse tider kan vi kontemplere litt over verdien av jula: Kan han målast? Er omsetningstala for varehandelen i desember ein god indikator for kva verdi jula har? Kva ville du svart om du vart spurd om kor mykje du er villig til å betale for jula, eller kva jula er verd for deg i kroner? Er dette i det heile meiningsfulle spørsmål?

Og kva med den lokale hundremeterskogen din: Kan verdien målast i kroner og øre? Eller verdien til «Steinrøysa neri bakken» eller «Blåklokkevikua»?

Eller vi kan bruke eit heilt anna døme: Kva er verdien av menneskeliva som vil gå tapt på grunn av klima- og naturendringar? Du vil kanskje ikkje tru det, men ein del økonomar, mellom dei nobelprisvinnar William Nordhaus, nyttar gjerne folks bidrag til BNP som eit mål for verdien av livet deira. Er det først og fremst fattigfolk som døyr, blir ikkje skaden så stor.

Oslofjorden

La oss sjå på eit konkret døme: I 2019 publiserte ei gruppe forskarar ein rapport om dei økonomiske verdiane knytte til økosystemtenester frå Oslofjorden og tilstøytande strandsoner. Totalt vart verdien av turgåing i strandsona, båtliv og bading estimert til 25,7 milliardar kroner per år. Er det mykje eller lite?

Rapporten er eit godt døme på kreativiteten som rår når forskarar prøver å måle ikkje-prissette gode i pengar. Verdien av bading i fjorden vart til dømes målt ved å bruke statistikk over talet på utførte bad i Oslofjorden og gonge det med prisen på ein inngangsbillett til Frognerbadet.

Ein slik metode får det absurde utslaget at badeverdien av fjorden avheng av prispolitikken Oslo kommune fører på dei offentlege bada. Om det er billig å gå på Frognerbadet, fordi kommunen vel å subsidiere sterkt, blir verdien av å bade i fjorden også låg. Og omvendt. Men det er ikkje sikkert ei slik samanlikning ville gje meining for badegjestene som ligg på svaberga med solbrun kropp og salt i håret.

Ein annan metode er å sjå på korleis bustadprisar varierer med stad. Men prisnivået på bustader ved fjorden avheng av mange andre samfunnsforhold, som inntektsfordeling i befolkninga og stadig større konsentrasjon av rikdom.

Mangfald

I nye statistiske kategoriar er økosystem å rekne som ein type kapital – «naturkapital» – som forsyner samfunnet med «økosystemtenester». Deretter kan økonomane rekne ut den økonomiske verdien. Men den reelle verdien til naturen kan ikkje uttrykkjast med eit tal, og det slår naturavtalen fast: Naturens verdiar er mangfaldige, heiter det der.

Først og fremst er naturen viktig for å halde oppe sjølve livet der. Dessutan har verdi ulike dimensjonar: nytteverdi, etisk verdi, rettar, meining – og folk tillegg ulike ting ulik verdi. Verdikonfliktar kan ikkje løysast med å rekne på kroner og øre. Naturavtalen brukar derfor ikkje pengemål på verdien av naturen.

Prisar er på si side eit resultat av maktstrukturar og økonomiske strukturar i samfunnet, dei same strukturane som ligg til grunn for naturøydelegginga. Å prise naturen medverkar heller ikkje til å redusere overforbruket, som ifølgje avtalen skal reduserast monaleg.

Den rådande økonomiske tenkjemåten set effektivitet i sentrum, ikkje natur. Då blir auka produksjon målet, og konsekvensane ofte naturøydelegging. Men det finst andre måtar å tenke økonomisk på. Med ein samfunnsøkonomi som set berekraft i sentrum, kan økonomifaget bli ein del av løysinga framfor å vere ein del av problemet.

Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Emneknaggar

Fleire artiklar

Anatolij Potij er ein eksperimenterande amatørgartnar. Takk vere han er det no mogleg for ukrainarar å dyrke bananar i eigen heim.

Foto: rubryka.com

KrigSamfunn

Bananane som overlevde

I krig og okkupasjon kan både folk og vekstar vise seg uventa motstandsdyktige.

Andrej Kurkov

Selv med økende immunitet i befolkningen, viser tilgjengelige, men altfor sparsomme data at sars-cov-2-viruset fortsetter å belaste vårt samfunn, skriver Gunhild Alvik Nyborg.

Foto: Stian Lysberg Solum / NTB

Ordskifte
Gunhild AlvikNyborg

Svar til Preben Aavitsland

Å gjennomgående underkjenne seriøse, konsistente forskningsresultater er vitenskapsfornektelse.

Den andre boka i septologien til Asta Olivia Nordenhof er no komen på norsk.

Foto: Albert Madsen

LitteraturKultur
Jan H. Landro

Kapital, kjærleik og Scandinavian Star

Asta Olivia Nordenhof held på med ein dyster romanserie om dødsbrannen på «Scandinavian Star». Ho vil likevel ikkje gi opp vona om at dagens verdsorden kan endrast til noko betre.

Judith Butler er filosof og ein frontfigur innanfor kjønnsteori.

Foto: Thomas Lohnes / NTB

IntervjuSamfunn
Ida Lødemel Tvedt

Paven midt imot

Alle lèt til å misforstå kvarandre i kjønnsdebatten. Judith Butler blir både dyrka og demonisert av folk som ikkje har lese eit ord av bøkene hen skriv.

Villreinbestanden i Noreg i dag er på rundt 25.000 dyr vinterstid. Sidan 2021 har villreinen vore klassifisert som nær truga på den norske raudlista.

Foto: Paul Kleiven / NTB

Kommentar

Villrein i eit villnis

Stortingsmeldinga om villrein er ikkje til å verte særleg klok av.

Eva Aalberg Undheim

les DAG OG TID.
Vil du òg prøve?

Her kan du prøve vekeavisa DAG OG TID gratis i tre veker.
Prøveperioden stoppar av seg sjølv.

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis