Kva er handels-krig godt for?Donald Trump vil ha straffetoll på import av stål og aluminium til USA. Det er ein eksepsjonelt dum idé.

Donald Trump vil ha straffetoll på import av stål og aluminium til USA. Det er ein eksepsjonelt dum idé.

Bilindustriarbeidarar gjer ein Tesla Roadster klar i visningsrommet i Menlo Park i California.
Bilindustriarbeidarar gjer ein Tesla Roadster klar i visningsrommet i Menlo Park i California.
Publisert

Vi har visst heile vegen at Donald Trump er aggressivt uvitande om økonomi (og mykje anna). Men til no har ikkje dette spela særleg rolle. Han vart president i ei vedvarande økonomisk tilfriskning som starta under forgjengaren hans, og oppgangen har alt løfta økonomien til USA til eit punkt der «normale» reglar gjeld: Rentene er over null, og pengepolitikken fungerer igjen, så ansvaret for den kortsiktige økonomiske styringa er i dei ganske støe hendene til den amerikanske sentralbanken, ikkje i det kaotiske kvite huset til Trump. Det presidenten ikkje visste, kunne ikkje skade oss.

Men det var alltid grunn til å uroe seg for ei mogleg krise – anten ei krise skapt av ytre krefter, som ein kollaps i finansmarknadene, eller ei krise skapt av administrasjonen sjølv. I slike tilfelle ville ikkje rasjonaliteten til sentralbanken vere nok. Og det byrjar å sjå ut som om vi har fått ei handelspolitisk krise i fanget.

Trump har alltid hatt eit oppheng på handel, eit felt han ser på same måte som han ser på alt anna: som ein kappestrid om makt og maskulinitet. Alt handlar om kven som sel mest: Om vi har eit handelsoverskot, vinn vi, og om vi har eit handelsunderskot, taper vi.

Dette er sjølvsagt sludder. Handel er ikkje eit nullsumspel, det aukar produktiviteten og velstanden i verdsøkonomien. For å ta eit langt frå tilfeldig døme: Det gjev svært god meining å produsere aluminium, ein prosess som brukar enorme mengder energi, i land som Canada, som har rikeleg med vasskraft. USA tener på å importere canadisk aluminium, anten USA har eit handelsunderskot overfor Canada eller ikkje. (I røynda har ikkje USA det, men det er ikkje poenget her.)

Det er rett at underskot på handelsbalansen kan vere eit problem når økonomien er svært svak og arbeidsløysa høg. Det var difor eg og mange andre økonomar ville at USA skulle ta ei hardare line overfor den kinesiske valutapolitikken i 2010, da USA hadde kring 9 prosent arbeidsløyse. Men argumenta for å uroe seg over handelsbalansen, på same vis som argumenta for underskot på statsbudsjettet, har stort sett forsvunne no når arbeidsløysa er komen ned på 4 prosent.

USA kan ikkje «vinne» ein handelskrig. Det vi kan gjere, er å starte ein syklus av auge for auge, tann for tann, og når det gjeld handel, er USA, som står for 9 prosent av eksporten og 14 prosent av importen i verda, langt frå å vere ei dominerande supermakt.

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement