JavaScript is disabled in your web browser or browser is too old to support JavaScript. Today almost all web pages contain JavaScript, a scripting programming language that runs on visitor's web browser. It makes web pages functional for specific purposes and if disabled for some reason, the content or the functionality of the web page can be limited or unavailable.

Takk for at du vil dele artikkelen

Den du deler artikkelen med, kan lese og eventuelt lytte til heile artikkelen.
Det gjer vi for at fleire skal oppdage DAG OG TID.

Namnet ditt vert synleg for alle du deler artikkelen med.

Samfunn

Kva er fersk fisk?

Ost og kjøt er varer som held seg godt, men kor lenge held fisken seg?

Kvar veke les vi inn utvalde artiklar, som abonnentane våre kan lytte til.
Lytt til artikkelen
Torskefilet på is.

Torskefilet på is.

Foto: Audun Braastad / NTB

Torskefilet på is.

Torskefilet på is.

Foto: Audun Braastad / NTB

2146
20220304
2146
20220304

jesper@dagogtid.no

– Eg vil seie at fersk fisk er i ein tilstand som gjer han etande og velsmakande, seier Dagfinn Nordbø, som skriv om mat og reiser i Dag og Tid.

Sjølv er han ingen ekspert på fisk, berre ein glad amatør, påpeiker Nordbø. Han seier at det finst faglege debattar på kor mange dagar fisk kan liggje. Somme likar fisk som ikkje er blodfersk. Medan andre meiner han smakar best butikkfersk.

Det er restauranteigar Roar Hildonen einig i. Han seier det er forskjell på smaken i ulike land.

– I Noreg har vi tradisjon for å ete heilt fersk fisk, fordi vi er vane med at han er tilgjengeleg rett utanfor døra. I til dømes Frankrike er det mange som lar skreien modne i minst to dagar.

I tillegg er det forskjell på fiskeslag. Villaks og andre feite fiskesortar kan godt liggje nokre dagar.

– Fisken skal vere fast og lukte friskt av sjø. Er han blaut, har han lege for lenge.

Om ein går innom fiskedisken, har både Hildonen og Nordbø eit heitt tips:

– Eitt tips er å sjå på auga – dei skal vere blanke og fine.

Kjølerekkje

Kor lenge fisken held seg, kjem òg mykje an på kva behandling han har fått, seier Nordbø.

– Ubroten kjølerekkje er eit viktig stikkord. Fisken må ha låg nok temperatur og skal ikkje liggje i kjøleskapet for lenge.

Nordbø presiserer at dette er hans lekmannsoppfatning. Sjølv er han oppteken av å ikkje vente for lenge med å bruke fisken. Fisk som er gått ut på dato, er han skeptisk til.

– Andre varer, som ost eller kjøt, kan ein ofte ete etter datomerkinga har gått ut. Somme likar til dømes storfekjøt som har modna litt i pakninga.

– Korleis kan ein vite at fisken enno er god?

– Du må bruke nasen. Bruk alltid nasen om du er i tvil om ei vare er god eller ikkje. Om du ikkje har korona, då sjølvsagt.

På spørsmål om kva han synest om at det er vanskeleg å drive fiskebutikk i Noreg, svarar Nordbø følgjande.

– Det er trist med kvar fiskebutikk som må leggje ned. Fisk har diverre vorte dyrt i Noreg samanlikna med andre land.

Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

– Fiskeauga skal vere blanke og fine.

Dagfinn Nordbø, matmons

Emneknaggar

Fleire artiklar

Ein soldat ber eit portrett av den drepne våpenbroren og aktivisten Pavel Petrisjenko i gravferdsseremonien hans i Kyiv 19. april. Petrisjenko døydde i kamp mot russiske okkupantar aust i Ukraina. Han er tidlegare omtalt i denne spalta fordi han arbeidde for å stogge pengespel som finansiering av det ukrainske forsvaret.

Foto: Valentyn Ogirenko / Reuters / NTB

KrigSamfunn

Hagen til Kvilinskyj finst ikkje lenger

Alle historier, det gjeld òg dei som ser ut til å ha nådd slutten, har eit framhald.

Andrej Kurkov

Leonie Benesch spelar hovudrolla som læraren Carla Nowak.

Foto: Selmer Media

FilmMeldingar

Ja takk, Çatak

Eit sanningsord: Lærerværelset er høgst sjåverdig.

Brit Aksnes

les DAG OG TID.
Vil du òg prøve?

Her kan du prøve vekeavisa DAG OG TID gratis i tre veker.
Prøveperioden stoppar av seg sjølv.

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis