Krig

Kva er ein ruin ved havet verd?

Ein amerikanar som eg pla prate med i Washington, sa i mai i fjor at amerikanarar berre er interesserte i geografi når det bryt ut krig ein stad der det amerikanske militæret er med.

Nye bustadblokker vert i hast reiste frå ruinar i den okkuperte hamnebyen Mariupol.
Nye bustadblokker vert i hast reiste frå ruinar i den okkuperte hamnebyen Mariupol.
Publisert Sist oppdatert

Året som har gått sidan da, har synt at samtalepartnaren min ikkje hadde heilt rett. Amerikanarar er òg interesserte i geografi når det går føre seg ein krig i eit land dei støttar og heiar på, også politisk og militært.

Av alle krigar det siste tiåret har krigen i Ukraina synt seg å vere den lettaste for amerikanarane å forstå: ein sterk aggressor invaderte eit svakare, men fridomselskande land for å grafse til seg territoriet og assimilere innbyggjarane til landet.

Aggressoren tok som medskuldige dei kjeltringlanda som er utsette for sanksjonar frå den siviliserte verda – Iran og Nord-Korea. Det angripne landet har kjempa desperat for å halde aggressoren unna i eit og eit halvt år, og ved å gjere dette motiverer dei alle som støttar det, til å støtte det ytterlegare. Og sjølvsagt mottek Ukraina mykje militær assistanse frå USA, noko som skaper auka interesse blant amerikanarane for krigen i Ukraina og for ukrainsk geografi.

«Kherson er frigjord! Gratulerer!» skreiv ein amerikansk ven til meg på Facebook i fjor haust. «Korleis går det i Bakhmut», spurde ein annan kjenning frå austkysten. «Trur du det ukrainske militæret vil vere i stand til å frigjere Mariupol», spurde ein amerikansk professor frå California meg da eg underviste ved Stanford i vår.

I USA, som i heile verda, harr folk godt kjennskap til kartet over Ukraina. Det er mange kjende stadnamn der, og bak kvart namn er historia til ein by eller ein landsby, historia til tusenvis av menneske, historia om okkupasjon og frigjering.

Sidan februar i år har også russiske skuleborn sett på kartet over Ukraina og kartet over Den russiske føderasjonen i geografitimane. Sant nok er karta som er utgjevne i Russland av Atlas Print, annleis enn dei karta ein finn i amerikanske og europeiske bokhandlar. På kart utgjevne i Russland høyrer den søraustre delen av Ukraina alt Den russiske føderasjonen til. Inkludert byane Liman og Kherson, frigjorde av det ukrainske militæret, og byen Zaporizjzja, som aldri har vore erobra.

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement