Kva er ei kvinne?

Det har aldri vore lett å avgjere kven som skal få konkurrere i kvinneklassa.

OL-kampen mellom algeriske Imane Khelif (til høgre) og italienske Angela Carini 1. august var over etter 46 sekund Så var rabalderet i gang.
OL-kampen mellom algeriske Imane Khelif (til høgre) og italienske Angela Carini 1. august var over etter 46 sekund Så var rabalderet i gang.
Publisert Sist oppdatert

Som dei fleste har fått med seg, har ein 46 sekund lang boksekamp i Paris sett full fyr på kulturkrigen. Angela Carini trekte seg frå OL-kampen mot Imane Khelif 1. august etter å ha fått ein hard høgre. «Det er ikkje rettferdig», sa Carini og brast i gråt. Dermed var rabalderet i gang. «Eg såg ein mann slå ei kvinne», erklærte forfattaren J.K. Rowling. «Han var ein god mannleg boksar», sa Donald Trump om Khelif. Og slik har skuldingane rulla verda over.

Opphavet til mistankane er ikkje først og fremst den maskuline framtoningen til Khelif. I fjor vart både Khelif og Lin Yu-ting frå Taiwan diskvalifiserte frå VM i boksing av leiinga i International Boxing Association (IBA). Årsaka skal ha vore genetikktestar tekne under VM i 2021 og 2023 som synte at dei to hadde både X- og Y-kromosom og ifølge IBA er å rekne som biologiske menn.

Den internasjonale olympiske komiteen (IOC) har ikkje akseptert desse testane som bevis. Alt i 2019 vart IBA fråteke retten til å arrangere boksekonkurransar i OL, og i fjor vart forbundet ekskludert frå IOC, etter årelang strid. IBA er skulda for alvorleg korrupsjon, er leidd av den Putin-assosierte Umar Kremlev og dominert av russiske interesser.

Lang soge

Dei eksakte testresultata IBA viser til, og testmetodane som vart nytta, er ikkje offentleg kjende. Dermed er det umogleg å vite kva som er sant i desse konkrete sakene. Men som dei fleste vonleg har fått med seg no, er det ikkje snakk om transpersonar. Khelif og Lin Yu-ting vart båe registrerte som jenter ved fødselen. Dei boksa også i kvinneklassa i OL i Tokyo i 2021, utan at det vart store kontroversar av det.

Båe boksarane er i verdstoppen, og Lin Yu-ting har to VM-gull, men dei to har ikkje dominert i vektklassane sine. Som mange har påpeika, har Khelif tapt ni kampar tidlegare, og ho har enno ikkje vunne ein internasjonal tittel. Dette i seg sjølv beviser ikkje all verda: Boksing handlar om mykje meir enn rå styrke. Men det viser i alle fall at genetikken ikkje har gjeve dei to så store konkurransefordelar at dei har utklassa konkurrentane sine dei siste åra.

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement