Kva er det med Europa?Innføringa av euroen var eit gigantisk mistak, men det forklarer ikkje heile den europeiske misera.
Innføringa av euroen var eit gigantisk mistak, men det forklarer ikkje heile den europeiske misera.
Hellas er framleis eit katastrofeområde etter finanskrisa.
Foto: Halvrad Alvik / NTB scanpix
Om du måtte velje ein stad og ei tid der den humanistiske draumen – visjonen om eit samfunn som kunne gje alle borgarane sine anstendige liv – var nærast å bli realisert, måtte svaret bli Vest-Europa i dei seks tiåra etter andre verdskrigen. Det var eit av dei små mirakela i historia: Eit kontinent herja av diktatur, folkemord og krig omskapte seg sjølv til eit førebilete, med demokrati og fordeling av velstand.
I dei første åra etter tusenårsskiftet hadde folk i Europa det på mange måtar betre enn folk i USA. Europearane hadde eit helsetilbod garantert av det offentlege og lengre forventa levealder enn amerikanarane, dei hadde mykje lågare fattigdomsrate, og sjansane deira var høgare for å ha ein fast jobb i dei beste yrkesaktive åra sine.
No har Europa alvorlege problem. Det har sjølvsagt USA òg. Demokratiet er under press på båe sider av Atlanterhavet, og dersom fridomen går tapt, kjem det truleg til å skje i USA først. Men det er verdt å ta ein pause frå vårt eige Trump-mareritt for å sjå på bekymringane til Europa. Nokre av dei er parallelle med dei amerikanske, men ikkje alle.
Mange av problema til Europa stammar frå den katastrofale avgjerda om å innføre ein felles valuta for ein generasjon sidan. Skapinga av euroen førte til ei mellombels euforibølgje, og enorme pengesummar fløymde inn i land som Spania og Hellas. Så brast bobla. Og medan land som Island, som hadde halde fast ved sin eigen valuta, kunne bli konkurransedyktige raskt ved å devaluere valutaen sin, vart landa i eurosona tvinga inn i ein langvarig depresjon med ekstremt høg arbeidsløyse medan dei streva for å få ned kostnadsnivået. Denne depresjonen vart gjord verre av at elitane var samde om at rota til problema i Europa var ein ødsel finanspolitikk, og at løysinga var strenge sparetiltak, sjølv om det openbert ikkje var rett.
Nokre av offera for eurokrisa, som Spania, har til slutt klart å kjempe seg attende til å bli konkurransedyktige. Andre har ikkje klart det. Hellas er framleis eit katastrofeområde, og Italia, ein av dei tre store økonomiane i EU, har no lidd seg gjennom to tapte tiår. BNP per innbyggjar i Italia er ikkje høgare no enn i 2000.
Så det er ikkje særleg overraskande at anti-EU-partia vart vinnarane i det italienske valet i mars: den populistiske Femstjernerørsla og ytre høgre-partiet Ligaen. Det mest overraskande er at dette ikkje har skjedd før.
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.