JavaScript is disabled in your web browser or browser is too old to support JavaScript. Today almost all web pages contain JavaScript, a scripting programming language that runs on visitor's web browser. It makes web pages functional for specific purposes and if disabled for some reason, the content or the functionality of the web page can be limited or unavailable.

Takk for at du vil dele artikkelen

Den du deler artikkelen med, kan lese og eventuelt lytte til heile artikkelen.
Det gjer vi for at fleire skal oppdage DAG OG TID.

Namnet ditt vert synleg for alle du deler artikkelen med.

Samfunn

Kva er daud fisk verd? Nye funn rokkar ved oppdrettsnæringa

Noko er rote i norsk oppdrettsnæring.

Kvar veke les vi inn utvalde artiklar, som abonnentane våre kan lytte til.
Lytt til artikkelen
Livlaus fisk blei pumpa inn frå 35 meters djupn frå Lerøy-merdar ved Reitholmen på Hitra.

Foto: Mattilsynet

9313
20231103
9313
20231103

Oppdrett

arve.nilsen@vetinst.no

Onsdag denne veka kom ein ny NRK-reportasje om tvilsame tilstandar i oppdrettsanlegg hos Lerøy. På to umelde besøk i september og oktober har Mattilsynet funne anlegg fulle av sjuk og daud fisk. Leiinga hadde ikkje meldt frå til Mattilsynet om problema, og i det eine tilfellet blei det til og med levert halvdaud og daud fisk til slakting.

Men det er ikkje berre Lerøy som slit med dødelegheit og manglande rapportering. Fleire selskap har vore i søkjelyset for liknande hendingar, så det vi har sett i desse oppslaga, er nok berre toppen av daudfiskfjellet i norsk lakseoppdrett.

Eksportverdien

Kva er verdien av ein daud fisk? Dette høgst aktuelle spørsmålet stilte doktorgradsstipendiat Cecilie Walde frå Veterinærinstituttet i avhandlinga ho leverte no i haust. Det vi ser av massedaud av laks i merdane til oppdrettsgiganten Lerøy, tyder på at fleire i leiinga av norske oppdrettselskap burde spurt seg det same.

På regjeringa si nettside kan vi lese at eksportverdien av norsk laks er 74 milliardar kroner, med EU som den langt viktigaste marknaden.

Det er mange som jobbar med oppdrett i Noreg, i 2018 var det om lag 13.000 årsverk innan sjølve produksjonen og 900 årsverk knytte til eksport.

Langs kysten finn vi meir enn 1000 anlegg for oppdrett av laks og aure, der over 600 til kvar tid er fylte med fisk, og det blir slakta over 300 millionar laksar og aurar i året.

«Biologisk risiko»

Difor er det alvorleg når det no ser ut til å vere fullt kaos i merdane hos Lerøy, ein av dei største lakseoppdrettarane i verda. Fisken døyr av sår, hjarte- og gjellesjukdommar, og ikkje minst døyr svært mange fiskar under og etter lusebehandling. Umelde besøk frå Mattilsynet viser at selskapa kan vere seine med å melde frå om at fisken er sjuk og døyr, og dei avsløringane som er melde på NRK dei siste vekene, er garantert berre toppen av daudfiskfjellet.

I ein rapport frå økonom Bård Misund og NORCE kan vi lese at kostnaden ved å produsere laks i Noreg gjekk jamt nedover frå 1980 til 2005, parallelt med ein jamn auke i produsert volum. Men 2005 var eit knekkpunkt. Veksten i produksjonsvolum bremsa opp, og marknadsprisane steig, men det same gjorde produksjonskostnadene. I tida frå 2005 til 2020 steig kostnaden med 7 prosent i året, langt høgare enn inflasjonsraten i same tidsperioden. Fortenesta for kvar kilo slakta laks var difor lågare i 2020 enn i 2005.

Rapporten frå NORCE diskuterer kva som kan vere grunnane til den auka kostnaden, blant anna generelt høgre prisar på alle innsatsfaktorar, ikkje minst fôr, og meir kostbar anleggsteknologi. Men ein viktig faktor har også vore det som blir kalla «biologisk risiko».

Innbaka i dette omgrepet finn vi både virus, bakteriar, parasittar og dårleg miljø i anlegga. Kvardagslege fenomen som notspyling, algar, etsande maneter og periodar med ustabil vasskvalitet er ein del av biletet. Legg vi til endelause seriar med spyling og koking av laksen for å bli kvitt legemiddelresistent lakselus og på toppen av det igjen eit stadig aukande problem med gjellesjukdom, så er det ikkje særleg overraskande at fisken døyr.

Gjeller og lus

Der næringa er i stadig kamp for å få meir fisk ut i merdane, eller inn i anlegg på land, eller ut i offshoreanlegg langt til havs, melder fagfolk om vedvarande og aukande helseproblem i dei anlegga som allereie er i drift. Fisken i anlegget til Lerøy som blei omtala på NRK onsdag, skal ha slite med både gjellesjukdom, parasittar og hjartevirus.

Gjellesjukdom er dei ikkje åleine om, gjelleskadar vart i fiskehelerapporten frå Veterinærinstituttet kåra til det største sjukdoms­problemet i sjøanlegg med laks i 2022. Dårleg gjellehelse, som kjem av ein kombinasjon av fleire ulike smittestoff og varierande miljøtilhøve på lokalitetane, er no blitt vanleg i sjøanlegg frå Rogaland til Nordland.

Litt informasjon om lakselusa er på sin plass her. Då dei nye og effektive legemidla innan gruppene pyretroidar (bademiddel) og avermectinar (til bruk i fôr) kom på marknaden midt på 1990-talet, var det ingen som tok på alvor at lusa kunne utvikle resistens. Legemiddel blei skrive ut i store volum av veterinærar og biologar heilt fram til 2008, då dei første sikre teikna til resistens dukka opp på Vestlandet. Det var eit kjemisk pyramidespel der miljøet og oppdrettsanlegga på lang sikt var dømde til å tape mot lusa og evolusjonen.

Etter det tok det berre kort tid før heile medikamentregimet kollapsa. Først blei fisken reinsa for lus med bleikemiddel (H2O2) eller ferskvatn, så kom det nye metodar for å spyle fisken rein, og til slutt kom den no omstridde metoden med å bade fisken i varmvatn. Men risikoen for å skade fisken var større med dei nye metodane, og talet på behandlingar steig fordi effekten ikkje var like god som ved dei eingong så effektive medisinkurane. Kombinasjonen av samantrenging i merdane, pumping og behandling gjer at fisken både blir stressa og får fysiske skadar, og det er særleg skadeleg å køyre fisken gjennom fleire slike kurar rett etter kvarandre.

Sjølv om vi veit at gjellesjukdom og hardhendt handtering drep mykje fisk, er det eit nedslåande faktum at det ikkje er mogleg å diskutere kva fisken eigentleg døyr av, fordi det enno ikkje er etablert nokon felles standard for rapportering av sjukdom og kva fisken døyr av, anna enn det som gjeld ved utbrot av dei alvorlege smittsame sjukdommane. Og utan eit sikkert system for å spore dei ulike fiskegruppene er det i mange tilfelle mest uråd å følgje fisk, produksjonsresultat og helsedata hele vegen i sjøen fram til slakt.

Kvifor næringa ikkje allereie har slike system på plass som ein felles bransjestandard, er vanskeleg å forstå, sidan dette ville vore ein av dei beste reiskapane for å vurdere kvaliteten på dagens drift og ikkje minst for å kunne evaluere effekten av nye metodar eller tiltak.

Volum og verdi

I løpet av fiskens levetid står oppdrettarane overfor ei rekkje viktige val: Kva fisk skal i sjøen, kor mange skal i kvart anlegg, kvar skal han stå, kva fôr og vaksine skal ein gje, korleis skal anlegga drivast, og kva kostnadar skal leggjast inn til førebygging eller behandling av sjukdom. Der det no hopar seg opp med daud slaktestor fisk i merdane, er det korkje uflaks, ukjende sjukdommar eller offentlege krav til lusebehandling som er hovudproblemet, men summen av mange og dårlege avgjerder.

Mattilsynet meiner Lerøy ville selja den sjuke og sjølvdaude fisken til konsum for menneske.

Foto: Emilie Holtet / NTB

Fiskehelsebiolog Cecilie Walde er inne på denne tematikken i avhandlinga si, der ho fann at dei ikkje-medisinske behandlingane mot lakselus, som spyling og varmvatn, førte til redusert vekst og fleire daude fiskar og dermed store økonomisk tap for anlegga. Næringa manglar i stor grad økonomiske modellar for å gjere gode biologiske val, der verdien av velferd og overleving kan vegast opp mot kostnadane ved betre førebygging av sjukdom og skade. Walde meiner det er naudsynt at både samfunnet og havbruksnæringa blir meir opptekne av verdiskaping i vidare forstand enn berre som vekst i produsert volum.

Sidan det er den største fisken som oftast blir behandla mot lakselus, ser vi at daudfisken har blitt større dei siste åra. Dette fører til større tap for oppdrettarane, og det er ei stor utfordring for bereevna til norsk lakseoppdrett. Samstundes er det eit betydeleg etisk dilemma fordi stor fisk som har lusetal over grensa for tiltak og samtidig er for sjuk til å bli behandla, ofte blir behandla likevel, for å sikre verdien til den fisken som overlever fram til planlagd slaktestorleik. I desse siste, desperate reknestykka på vegen til å få den store, luseinfiserte fisken fram til slakt til rett tid og innkassere den store vinsten til aksjonærane, blir det lite plass til fiskevelferd.

Noko rote

Det er noko som er rote i norsk oppdrettsnæring. Mattilsynet sa tidlegare i år at dei ikkje har kapasitet til å følgje opp alt som skjer i oppdrettsnæringa. Difor er det ekstra gledeleg at dei no set fingeren på den staden der det gjer mest vondt: dei store problema med dårleg velferd og mykje sjukdom hos laks i sjø. Men kva grep næringa sjølv ønsker å ta for å komme seg ut av problemet, er uvisst, og i høyringa til den nye meldinga om dyrevelferd er svara frå dei ulike aktørane skuffande føreseielege.

Sjømat Noreg og medlemmene deira meiner at å redusere produksjonen vil vere i strid med FNs mål om berekraftig utvikling og Noregs eigne planar om auka produksjon av sjømat, og dei vil ikkje gå inn i nokon diskusjon om kva som kan vere akseptable grenser for kor mykje fisk som kan døy i anlegga. Legemiddelselskapa vil at næringa skal bruke større mengder legemiddel, medan Veterinærinstituttet og veterinærforeininga meiner at dagens drift ikkje er berekraftig, og vil ha strengare reglar for rapportering og betre standard for fiskevelferd lagt til grunn for eventuell vidare vekst.

Både økonomar og dei veterinærfaglege miljøa ser for tida ut til å vere einige om at betre førebygging av sjukdom og betre fiskevelferd vil føre til ein sikrare, meir økonomisk og meir berekraftig produksjon av fisk. Det vi treng no er kanskje ei politisk leiing med evne til å omsette denne kunnskapen til eit konkret regelverk og – ikkje minst – interesse for å ruste dei som skal drive tilsyn, med nok ressursar til å gjere ein god jobb.

Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Fleire artiklar

Foto: Julie Pike

LitteraturFeature

– Eg kan ikkje sovne inn i mitt eige liv

Ein abort gjekk frå å vere nemnd i forbifarten til å gje den nyaste romanen tittel.

IdaFrisch

Eugenio Derbez spelar hovudrolla som den nye læraren Sergio på ein mexikansk skule.

Foto: AS Fidalgo

FilmMeldingar

Simpatico

Radical er ein søt, håpefull film og ei rørande hyllest til kunnskap og pedagogikk.

Brit Aksnes

les DAG OG TID.
Vil du òg prøve?

Her kan du prøve vekeavisa DAG OG TID gratis i tre veker.
Prøveperioden stoppar av seg sjølv.

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis