Kuttar i rehabiliteringa

Budsjettkutt går ut over arbeidet med å rehabilitere innsette, varslar fengselsvesenet. Justisdepartementet og Høgres justispolitiske talsperson deler ikkje framstillinga.

Høgsikringsfengselet i Eidsberg stod nybygd i 2017. Det hadde berre drive i eitt år før det måtte gjennomføre omstillingar som følgje av budsjettkutt, seier fengselssjef Helge Valseth.
Høgsikringsfengselet i Eidsberg stod nybygd i 2017. Det hadde berre drive i eitt år før det måtte gjennomføre omstillingar som følgje av budsjettkutt, seier fengselssjef Helge Valseth.

Eit føremål med fengselsstraff i Noreg er å rehabilitere lovbrytaren og hindre at han gjer nye straffbare handlingar etter soninga.
«Så langt det er forenlig med hensynet til samfunnets sikkerhet og den alminnelige rettsoppfatning, skal forholdene legges til rette for at den straffedømte gis mulighet til å endre livsførsel og hindre tilbakefall», seier forskrifta til lov om straffegjennomføring. Stortinget har òg omtalt rehabilitering som eit framtidsretta perspektiv kriminalpolitikken treng for ikkje å verte hemngjerrig. «Kriminalpolitikk er mer enn straff. Og straff er mer enn hevn. Det grunnleggende formålet med straff er (...) å hindre uønsket adferd og å styre borgernes adferd i ønsket retning», heiter det i forskrifta.

Ein skulle difor tru at endringsskapande program og trening for innsette vart høgt prioriterte i norske fengsel.

Dei siste åra har Kriminalomsorga, som har ansvaret for å gjennomføre varetektsfengsling og straffereaksjonar, derimot vore gjennom budsjettkutt som no tek til å gå ut over det rehabiliterande arbeidet. Det stadfestar assisterande direktør Jan-Erik Sandlie i Kriminalomsorgsdirektoratet og Asle Aase, som er leiar i Norsk fengsels- og friomsorgsforbund – det største fagforbundet i Kriminalomsorga.

– Vi får rapportar frå regionane om at situasjonen no er krevjande. Fleire fengsel melder om nedgang i aktiviseringa og om programverksemd som ikkje går å halde i drift lenger, seier Sandlie.

Aase seier at program for sinnemeistring og alternativ til vald for innsette, mellom anna, er kutta nesten heilt ut i fleire fengsel. Ifølgje Aase finst det òg tilfelle der det ikkje har vore nok tilsette på jobb til å drifte verkstader og andre arbeidsplassar for dei innsette eller til å låse dei ut av cella og la dei vere i fellesområde.

– Det er skilnad frå fengsel til fengsel, men hovudbiletet er at det faglege innhaldet til innsette jamt over vert nedprioritert, seier han.

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement