Kunsten å slåst med treskeslegelOm du har følgt med på aksjemarknaden, kjenner du deg truleg sjøsjuk. Dow krasjar! Nei, han kjem sprettande attende. Stopp, han krasjar igjen!
Om du har følgt med på aksjemarknaden, kjenner du deg truleg sjøsjuk. Dow krasjar! Nei, han kjem sprettande attende. Stopp, han krasjar igjen!
USAs president Donald Trump og den kinesiske presidenten Xi Jinping då dei tok kvarandre i hendene etter møtet i Beijing i november i fjor.
Foto: Damir Sagolj / Reuters / NTB scanpix
Til vanleg er freistnad på å forklare børssvingingar galmannsverk. Men i dette tilfellet er det temmeleg klart kva som går føre seg. Når investorar har mistanke om at Donald Trump verkeleg vil gjennomføre trugsmåla sine om stor auke i tollsatsane som provoserer fram hemntiltak frå utlandet, stuper aksjekursane. Kvar gong dei er overtydde om at det berre er teater, tek kursane seg opp att. Marknadene kan ikkje fordra tanken på ein handelskrig.
Så er ein handelskrig i emning? Det veit ingen, ikkje eingong – eller kan hende særleg ikkje – Trump sjølv. For rett nok er handel ei av Trumps signatursaker – fiendtleg haldning til mørkhuda folk er den andre – men når det gjeld faktisk å stille krav til andre land, veit sjeftvitraren og folka hans anten ikkje kva dei vil, eller så vil dei ting som handelspartnarane våre ikkje kan levere. Ikkje det at dei ikkje vil – dei kan ikkje.
Resultatet er at det rår inkonsekvens. Regjeringa slår vilt omkring seg, og så freistar ho å roe ned marknadene ved å seie at ho kanskje ikkje kjem til å stå ved trugsmåla sine, før det kjem ein ny runde med trugsmål.
Lat oss sjå på vil-han-eller-vil-han-ikkje-konfrontasjonane hans med Kina. På nokre måtar er Kina verkeleg ein låk aktør i den globale økonomien. Spesielt har landet i temmeleg stor grad peika nase til internasjonale reglar for eigarskap til mellom anna patentar, immaterialrett, og har knabba utanlandsk teknologi utan å gjere opp for seg økonomisk. Det er ikkje urimeleg at representantar for Trump-regjeringa nyttar saka om immaterialrett som grunn til å opptre tøft.
Men dersom målet var å få Kina til å betale det landet skuldar for teknologi, kunne ein ha venta seg at USA la fram spesifikke krav om det, og dessutan brukte ein strategi som kunne få Kina til å innfri desse krava.
I røynda har USA gjort lite greie for kva Kina burde gjere når det gjeld immaterialrett. Og om målet var betre vern av patentrettar og slikt, burde USA freiste å få til ein koalisjon med andre høgt utvikla land for å presse kinesarane. I staden har vi skuva frå oss alle innan synsvidde.
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.