Kommentar
Kunsten å miste grepet
Lokalpolitikarane sat att med svarteper og vart straffa av veljarane i kommune- og fylkestingsvalet i år.
Jonas Gahr Støre (Ap) i samtale med partifelle – og framleis ordførar – Gunnar Wilhelmsen etter eit folkemøte i Tromsø.
Foto: Rune Stoltz Bertinussen / NTB
«Vi skal omstille hele energisystemet vårt», sa Jonas Gahr Støre i talen til Ap etter at valresultata for det meste var klare måndagskvelden like før midnatt. Han meinte Ap vil reise seg igjen gjennom arbeidet med oppgåver som ventar (NRK «Valgnatt 3» 11. september ved 17.26 minutt).
Kva i all verda? Kvar føreligg desse planane for «hele energisystemet vårt»? Vi har då aldri fått den svære NOU-rapporten om omstilling frå olje til ny industri, med gjennomgang av kva for yrkesgrupper som arbeider korleis og kvar, kva landet treng av ny og gammal kompetanse, kva vi vil med kraftkrevjande industri som brått er så dyr, og kva vi tener på batterifabrikkar med import av råvarer og eksport av produkta. Jau då, der har vore hyggjelege einskildmeldingar om ymse sosiale tiltak. Slik glede vert likevel annullert av hemmeleghald om kva som går føre seg.
Gunnar Knudsen la fram dei fyrste planane for vasskraftsutbygging for Stortinget i 1892. Sidan har vi levd med førestillinga om at energipolitikken skal tene lokalsamfunna. I alle høve fram til energilova av 1991, i praksis fram til monstermastene i Hardanger stod ferdige i 2013. Frå 2014, då Støre vart leiar av Ap, tok det til å kome ymt om nytt kraftregime. Men dei fleste av oss leit på forsikringane til Støre (og Solberg) om at det ikkje skulle koste stort.
Over stokk og stein
Siste åra er ymta om endring vortne frenetiske. Etter kvart går det over stokk og stein. Ein ny skikk med at statsrådar gjev «beskjedar» til lokale institusjonar, er vanskeleg å rette seg etter, og skaper forvirring, berre den. Kommunalpolitikarar veit knapt lenger kva som er overordna energipolitikk, næringspolitikk og arbeidslivspolitikk. Lokale avgjerdspersonar heng litt som vaiande vimplar i kjølvatnet etter vedtak som anten verkar improviserte, men truleg er lenge planlagde, noko som i sin tur vekkjer uheldige mistankar eller framstår som uklåre skisser om framtida. Somtid kjenner ein seg som om ein er i Ibsens Kongs-Emnerne: «viljeløst vimrende, ved ei hvorhen, skrukker sig Hjerterne, smyger sig Sindene, veke, som vaggende Vidjer for Vindene».
Politikk «ute i distriktene», som dei seier «der inne», er noko anna enn taktikkeri i korridorane. Det er avgjerder som regulerer liv og død for verksemder og folk, og vi vert alle smerteleg klare over stramme prioriteringar i skule og helse, jamvel i arealplanar for nye inntekter.
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.