Kunsten å bli kinesar

Kinesiske styresmakter strekkjer seg langt for å få fart på landslaget.

Nybakt kinesar: Elkeson.
Nybakt kinesar: Elkeson.
Publisert

«Eg er kinesisk», forsikra Elkeson de Oliveira Cardoso da han vart kinesisk statsborgar i august, og ifølgje South China Morning Post har han jobba hardt med å lære seg den kinesiske nasjonalsongen. Spissen Elkeson kjem frå Brasil og har spela i kinesisk klubbfotball sidan 2013. Eit par veker etter skiftet av statsborgarskap debuterte han med to scoringar for Kina i ein kamp mot Maldivane.

Elkeson, som no ber det kinesiske namnet Ai Kesen, vart den andre utanlandskfødde spelaren på det kinesiske landslaget. Den første var den britiskfødde midtbanespelaren Nico Yennaris, som har fortid i Arsenal og har spela for engelske ungdomslandslag. Yennaris vart kinesisk statsborgar i mai og debuterte på landslaget til Kina i juni under namnet Li Ke.

Dette grepet er meint å styrkje det kinesiske landslaget, men det er kontroversielt i Kina. Det skal eigentleg vere svært vanskeleg å bli kinesar.

Fiasko

Når Kina no slepper til utanlandskfødde på landslaget, skjer det etter mange år med vonbrot. Fotballinteressa er kolossal i landet, og det er store pengar i klubbfotballen, men landslaget har aldri klart å hevde seg. I Kina har det gått rykte om at den meritterte trenaren Marcello Lippi stilte eit krav før han vende attende til jobben som landslagssjef i vår, skriv The Guardian: Kina måtte gje statsborgarskap til fleire utanlandske spelarar så han fekk meir å velje i.

Dei høge ambisjonane for kinesisk fotball kjem heilt frå toppen. Xi Jinping erklærte i 2011 (medan han var visepresident) tre mål for kinesisk fotball: Kina skulle kvalifisere seg til VM, arrangere fotball-VM – og vinne fotball-VM. Men sjølv det enklaste av måla har vist seg vanskeleg å nå. Kina har kvalifisert seg til fotball-VM berre éin gong, og deltakinga i 2002 var ynkelege greier. Landslaget rauk ut i gruppespelet utan ei einaste scoring.

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement