Kulturarven vart for dyr
Fleire tusen timar med eldre fjernsynsprogram bestod ikkje kost–nytte-vurderinga i NRK. No får statskanalen kritikk for prioriteringane sine.
Ei avtale mellom NRK og rettshavarorganisasjonen Norwaco førte til at timetalet tilgjengelege eigenproduksjonar produserte før 1997 vart kraftig redusert ved årsskiftet.
Foto: Vidar Ruud / NTB scanpix
– Eg oppfattar situasjonen som veldig, veldig, veldig uheldig, seier Trond Andreassen.
Andreassen er tidlegare generalsekretær, no internasjonal sekretær i Norsk faglitterær forfatter- og oversetterforening (NFFO). Han har lang erfaring med å arbeide med opphavsrett og åndsverk og er no sterkt kritisk til at NRK har fjerna fleire tusen timar med eldre fjernsynsprogram frå det opne NRK-arkivet, som ligg på nettet.
Grunngjevinga for kuttet er pengar. I perioden 2014–2019 hadde NRK og opphavsrettsorganisasjonen Norwaco ei avtale som gjorde det mogleg for NRK å leggje ut eigenproduserte fjernsynsprogram produserte før 1997 ope tilgjengeleg for alle. Det kosta NRK 18–20 millionar kroner i året. Ved utgangen av 2019 låg 17.000 timar med eldre fjernsynsprogram omfatta av arkivavtalen ute i det søkbare nettarkivet. Ei ny avtale for perioden 2020–2021 har eit tak på 8000 timar. Summen NRK betaler per år skal også vere halvert.
Harde forhandlingar
Forhandlingane om ei ny avtale mellom NRK og Norwaco har openbert vore svært vanskelege. Den 26. november i fjor varsla Dagbladet at kjende og kjære klassikarar som Fleksnes og Jul i Skomakergata stod i fare for å forsvinne frå NRK-arkivet. Rett før julefreden skulle senke seg, den 23. desember, informerte NRK om at partane var samde om hovudtrekka i ei ny arkivavtale. Eit illustrerande bilete av Henki Kolstad frå Jul i Skomakergata tydde på at serien var redda.
«Vi er glade for at NRK sammen med Norwaco har kommet frem til en løsning som sikrer at publikum fortsatt får tilgang til mye av NRKs eldre arkivinnhold», sa direktør i strategi- og mediedivisjonen i NRK, Øyvind Lund, i NRK-meldinga.
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.