Kultur for konsensus

Å kritisere den svenske koronastrategien har ikkje vore enkelt.

Publisert

«Folkhälsomyndigheten har mislukkast – no må politikarane gripe inn». Det var tittelen på ein kronikk i Dagens Nyheter 14. april, signert Lena Einhorn og 21 andre vitskapleg utdanna forfattarar, inkludert fleire professorar i virologi. Talet på koronadødsfall i Sverige var da ti gonger så høge som dei finske i høve til folketalet, og forfattarane tok til orde for langt strengare tiltak. Kritikken vart ikkje berre blankt avvist av Anders Tegnell, men vart òg møtt med rasande åtak frå andre svenske forskarar. Og det vart ikkje lettare å kritisere Folkhälsomyndigheten etter kvart.

Lite rom for kritikk

I ein artikkel i tidsskriftet ScienceMag, ein filial av prestisjetunge Science, fortalde ei rekkje forskarar 6. oktober om eit debattklima med lite rom for kritikk av den svenske koronastrategien. Den belgiske epidemiologen Nele Brusselaers ved Karolinska Institutet i Stockholm var med i same vitskapsforum som Lena Einhorn. Ho vart fleire gonger refsa av leiinga for synspunkta sine, og valde til slutt å forlate Sverige. Andre legar fortalde at dei fekk skarp reprimande fordi dei valde å bruke munnbind på sjukehusa dei arbeidde ved: Det vart sett på som eit brot med den offisielle politikken, trass i at det har vore mange koronautbrot ved svenske sjukehus.

Presset har hatt følgjer. Fleire av deltakarane i Vetenskapsforum Covid-19 har trekt seg frå ordskiftet fordi dei ikkje orka meir. «Kanskje Sverige har for mykje av ein konsensuskultur», sa Göran Hansson, medisinprofessor og generalsekretær i det svenske vitskapsakademiet, til ScienceMag.

Overser vitskapen

Biletet er likevel ikkje entydig, fortel Andrew Ewing til Dag og Tid. Han er professor i kjemi ved Universitetet i Gøteborg, og med i vitskapsforumet. Ewing har kritisert den svenske koronastrategien hardt i Time Magazine og The Lancet.

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement